Historisk arkiv

Vil lovfeste samkommunemodellen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunalminister Liv Signe Navarsete sendte i april ut eit framlegg om å lovfeste samkommunemodellen ut på høyring. Høyringsfristen er no endra til 1. oktober 2010.

Kommunalminister Liv Signe Navarsete sender i dag eit framlegg om å lovfeste samkommunemodellen ut på høyring. - Samkommunemodellen er ei god løysing for omfattande interkommunale samarbeid om kommunane sine lovpålagde oppgåver, seier statsråden.

- Eg har grunnleggjande tru på at mange kommunar finn gode løysingar for å sikre dei beste tenestene til innbyggjarane sine ved å samarbeide med andre, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

- Samkommunemodellen vil gje kommunane eit viktig alternativ når det gjeld samarbeidsformer for å møte dei nye utfordringane som vil følgje av samhandlingsreforma, seier statsråden.

Modellen legg til rette for at kommunane kan samarbeide på tvers av mange sektorar under eit felles folkevald samkommunestyre.

- Kommunane kan samle og systematisere dei ulike samarbeidsområda sine i ein samkommune. Det vil gje dei folkevalde høve til å sjå dei ulike områda i samanheng og dermed kunne gjere dei rette prioriteringane, seier Navarsete.

Gjennom samkommunemodellen kan kommunane samarbeide om nesten alle oppgåver, bortsett frå budsjettbehandling og nokre få andre områder som ein ikkje kan delegere frå kommunestyret.

Samkommunemodellen vert sendt på brei høyring med høyringsfrist 2. august 2010. Oppdatert 14. juni 2010: Departementet har på bakgrunn av henvendelser om utsatt høringsfrist, vedtatt å utsette fristen til 1. oktober 2010.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.