Historisk arkiv

Samkommune, eit alternativ

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegg til Aftenposten, svar til stortingsrepresentant Gjermund Hagesæter.

Stortingsrepresentant Gjermund Hagesæter frå Framstegpartiet liker ikkje at kommunar går saman om å løyse oppgåver gjennom det som er kalla samkommunemodellen.

Stortingsrepresentant Gjermund Hagesæter frå Framstegpartiet liker ikkje at kommunar går saman om å løyse oppgåver gjennom det som er kalla samkommunemodellen. – Byråkratisk blindspor, skriv han i Aftenposten 16. mai.

Kommunane står fritt til å finne gode samarbeidsmodellar. Samkommunen er ein slik. Den opnar for samarbeid over kommunegrenser og på tvers av sektorar. Folkevald styring blir sikra gjennom eit felles samkommunestyre. Eg er glad for at Stortinget no har stilt seg bak dette.

Hagesæter trur kommunar vil velje slikt samarbeid fordi dei ikkje får behalde statlege overføringar til evig tid viss dei slår seg saman.

Det er ikkje slik eg kjennar Kommune-Noreg. Lokalt folkevalde er opptekne av gode løysingar for innbyggjarane sine. Er det nokon som vil slå seg saman vil staten dekkje det ei samanslåing kostar. Eg har også endra regelverket slik at kommunane no får behalde inntektene sine i 15 år pluss fem år med nedtrapping.