Historisk arkiv

350 000 kroner til kommunenettverk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionaldepartementet støttar KS med 350 000 kroner til å starte nettverk for 20 til 40 kommunar som skal arbeide med å styrkje internkontrollen.

Kommunal- og regionaldepartementet støttar KS med 350 000 kroner til å starte nettverk for 20 til 40 kommunar som skal arbeide med å styrkje internkontrollen.

Nettverkskommunane skal etter planen jobbe med å betre intern kontroll og styring i to år.

- Eg har spesielt tru på grepet KS har teke når dei inviterer heile leiargruppa i kommunane til å vere med i nettverk. Slik kan internkontrollen bli styrkt i heile organisasjonen. Eg har tru på at kommunane i desse nettverka vil utvikle system for styring og kontroll som vil vere til nytte i heile kommunesektoren, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ein rapport som KS har fått utarbeidd med støtte frå Kommunal- og regionaldepartementet, konstaterte mykje godt arbeid med internkontrollen i kommunane, men at arbeidet i for stor grad er fragmentert og usystematisk.
 
- Vi har fått fram ein del ny og viktig kunnskap om internkontroll i kommunane dei siste åra, men det er ikkje behov for fleire rapportar. No må det arbeidast lokalt. Utfordringa no ligg i å nytte kunnskapen vi har fått til å lage system som gjev god kontroll, samstundes som dei må vere handterlege for enkeltkommunar. Difor er prosjektet til KS rett tiltak til rett tid, seier Navarsete.

Departementet legg i tildelinga vekt på at KS har lagt opp til å nytte dei regionale rådmannsutvala og andre KS-interne arenaer for å formidle resultata frå prosjektet.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.