Historisk arkiv

Reviderte retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og tenesteproduksjon er i dag vedtatt i Kongen i statsråd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Eksisterande retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og tenesteproduksjon var frå 2001. - Det var difor ønskjeleg å revidere dei, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Eksisterande retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og tenesteproduksjon var frå 2001. - Det var difor ønskjeleg å revidere dei, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Retningslinjene for lokalisering av statlege arbeidsplassar og tenesteproduksjon skal medverke til å:

  • Få ei jamnare regional fordeling av statlege arbeidsplassar.
  • Syte for at statleg tenesteproduksjon i størst mogleg grad sikrar innbyggjarane i alle delar av landet god tilgang på statlege tenester.
  • Leggje til rette for å kunne byggje profesjonelle fagmiljø også utanfor dei større pressområda.

I dei reviderte retningslinjene er kriteria for prioritering av lokaliseringsstader presiserte til følgjande:

  • Nye statlege arbeidsplassar, og endra lokaliseringar av etablerte verksemder utanfor Oslo, skal lokaliserast utanfor Oslo. Unntak frå dette skal ha særlege grunnar, og då skal ein vurdere lokalisering i Groruddalen.
  • Ein skal lokalisere statlege verksemder i regionale sentra som medverkar til å utvikle robuste arbeidsmarknader, men unngå einsidig konsentrasjon av statleg verksemd til største by - område i fylke eller landsdel.
  • Dersom anna er likt, skal ein velje den minst sentrale staden innanfor verkeområdet for dei distriktspolitiske verkemidla.

Dei reviderte retningslinjene tydeleggjer fagdepartementa sitt ansvar for å sikre at underliggjande verksemder følgjer opp føringane i retningslinjene. I tillegg er det tatt inn konkrete krav til konsekvensutgreiingar ved endringar i lokalisering av statlege verksemder.