Historisk arkiv

Lovord om ny, norsk valdesign

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Den nye designløysinga for val får topp karakter hos dei fire kommunane som prøvde den ved stortingsvalet 2009. No skal løysinga bli tilgjengeleg for alle kommunar.

Den nye designløysinga for val får topp karakter hos dei fire kommunane som prøvde den ved stortingsvalet 2009. No skal løysinga bli tilgjengeleg for alle kommunar. Den norsk valdesignløysinga er dessutan nominert til den prestisjefylte Brit Insurance Designs of the Year 2010 og skal stillast ut i London. 

- Eg er glad for at ei ny norsk designløysing for val får internasjonal merksemd, ikkje minst fordi dette er ei løysing som er universelt utforma og som derfor gjer det enklare for mellom anna funksjonshemma å røyste, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Den 16. mars vert vinnaren av den prestisjefylte Brit Insurance Designs of the Year 2010 kåra. Allereie frå 17. februar og til 6. juni 2010 kan innbyggjarar og turistar i London sjå den norske designløysinga på Design Museum i London.

- Dette er god reklame for val og demokrati, seier statsråden.

Nye røystesetlar, valurner og røysteavlukker var mellom dei produkta som vart testa ut i kommunane Kongsberg, Lenvik, Bømlo og Trondheim under stortingsvalet i haust.  I tillegg fekk alle veljarane i Buskerud prøve ut dei nye røystesetlane. Løysinga inneheld også ein heilt ny grafisk profil for val. Prosjektet er eit resultat av Statens designkonkurranse 2008 frå Norsk Form. Kadabra produktdesign, Innovativoli Industridesign og Blueroom Designstudio vann konkurransen.

Evalueringsrapporten konkluderer med at designløysinga blei godt motteken i pilotkommunane og at både veljarane og valmedarbeidarane opplevde løysinga som positiv og verdig.
Røystesetlane med ny farge og ei spesiell falsing som gjer det enklare å brette røystesetelen den rette vegen, fekk også positive tilbakemeldingar.

No skal løysinga utviklast vidare og så gjerast tilgjengeleg for alle kommunar før lokalvalet i 2011.

- Eg er glad for at designløysinga blir tatt så godt imot av veljarane og synest det er gledeleg at vi får ei løysing som er universelt utforma. Etter kvart håpar eg stadig fleire kommunar vil bruke det nye designet, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.