Historisk arkiv

Designpris for nytt valutstyr

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Statsråd Liv Signe Navarsete mottok i dag prisen ”Design for alle” frå Norsk Designråd. Prisen fekk departementet for ny designløysing til bruk i vallokala. – Eg er stolt og glad for å få prisen, seier Navarsete.

Statsråd Liv Signe Navarsete mottok i dag prisen ”Design for alle” frå Norsk Designråd. Prisen fekk departementet for ny designløysing til bruk i vallokala. – Eg er stolt og glad for å få prisen, seier Navarsete.

Designløysinga består av nye valavlukke, urne og nye røystesetlar i tillegg til ein heilt ny grafisk profil for val. Designløysinga blei også tildelt ”Merket for god design” i to kategoriar.

- Det er kjekt å ta imot ein pris der universell utforming står i høgsetet. Eg er oppteken av at alle skal ha høve til å delta ved val, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

- Både avlukke og urne er laga slik at dei skal vere enkle å bruke for alle veljarar, også dei med til dømes nedsett funksjonsevne. Løysinga er samstundes praktisk å handtere for kommunane. Til saman gjev designløysinga ei flott, verdig og tiltalande ramme rundt det å røyste ved val, seier Navarsete.

Ho meiner den nye løysinga gjev ein einskapleg profil på val som veljarane skal kunne kjenne igjen overalt.

- Det er flott at noko så nøkternt som valutstyr vert tildelt ein designpris. Eg trur dette får stor betyding for den vidare utviklinga og bruken av utstyret. Prisen ”Design for alle” og Merket for god design borgar for kvalitet og eg kjenner meg trygg på at denne løysinga vil bli godt motteken både av veljarar og kommunar, seier statsråden.

Den nye løysinga er eit resultat av Statens Designkonkurranse 2008 frå Norsk Form. Vinnarløysinga har fått namnet ”Blanke Ark” og tre firma står bak:

Departementet sine nettsider www.valg.no er omarbeidd etter den nye grafiske profilen for val.

Designløysinga var òg nominert til designverda sin Oscar, nemleg Brit Insurance Designs of the year 2010 og er for tida utstilt i London Design Museum.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.

Media kan fritt bruke alle bileta mot kreditering av KADABRA Produktdesign.