Kultur- og kyrkjeminister Trond
Giske la i dag fram ein plan for ny fordeling av kapasiteten for
digital radio som vil fremje utviklinga av digital radio i
Noreg.
- Vi vil forlengje dei digitale
konsesjonane som P4 og Radio 2 Digital har i dag, frå 2014 til
2020. Dette vil sikre stabile rammer for kringkastarane sine planar
om å investere i auka dekning i DAB-nettet, i første omgang til 80
prosent, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.
Dei kommersielle
kringkastarane P4, Kanal24 og Radio2Digital må forplikte seg til å
tilby allmennkringkasting fram til 2020, om dei skal få forlenga
konsesjonar.
NRK får disponere heile kapasiteten
i regionblokka. Totalt får NRK kapasitet som gir plass til 7-8
kanalar. Det gir rom for eit breitt NRK-tilbod.
Resten av kapasiteten i
riksblokka (1-2 kanalar) blir lyst ut.
- Bakgrunnen er å sikra at
kringkastarane skal vite kva dei har å halde seg til slik at dei
kan leggja langsiktige planar for den digitale satsinga si.
Samstundes vil det analoge radiotilbodet kunne halda fram
uendra. Det er ikkje aktuelt no å setje ein dato for når dei
analoge FM-sendingane skal avviklast, seier statsråden.
- Forlenginga vil heller
ikkje hindra nye aktørar. Allereie 2010 blir det frigjort nye
frekvensressursar, seier Giske.
Vedtaket førar vidare
prinsippet om at digitaliseringa av radio i Noreg skal vere
aktørstyrt, og at utbygginga av nett for digital radio skal skje i
regi av aktørane sjølve på kommersielt grunnlag. Departementet la
dette vilkåret til grunn allereie i 1997, då departementet gav si
første breie orientering til Stortinget om digital radio, jf.
St.meld. nr. 62 (1996-1997).
Faktaark om digital radio