- Forvaltningsreforma flyttar makt
frå administrasjon til politisk styring. Reforma fører til at
lokaldemokratiet vil bli styrkt, og dei nye regionane vil få eit
tydeleg ansvar og omfattande nye oppgåver. Dei tilsette i
offentlege verksemder skal bli godt informert og bli tekne vare på
i prosessen vidare.
- Når det gjeld overføring av
oppgåver på samferdselsområdet, kan ansvaret for det øvrige
riksvegnettet med tilhøyrande ferjestrekningar bli overført til
regionane, uavhengig av talet på regionar. Klassifiseringa av
vegnettet må greiast ut nærare etter at talet på regionar er
avklart, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
Det er vurdert om delar av Statens
vegvesen sin organisasjon bør overførast til regionane. Det er
uaktuelt å overføre ansvaret for hovuddelen av Statens vegvesen
dersom det blir mange regionar. Dersom det blir få og store
regionar, altså om lag slik organiseringa av Statens vegvesen er i
dag, vil hovudansvaret for Statens vegvesen kunne overførast til
regionane, går det fram av stortingsmeldinga om forvaltningsreforma
som vart lagt fram i statsråd i dag.
For meir informasjon, sjå
Kommunal- og regionaldepartementet si nettside
om stortingsmeldinga om forvaltningsreforma