Historisk arkiv

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete om: Forvaltningsreforma

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Forvaltningsreforma flyttar makt frå administrasjon til politisk styring. Reforma fører til at lokaldemokratiet vil bli styrkt, og dei nye regionane vil få eit tydeleg ansvar og omfattande nye oppgåver. Dei tilsette i offentlege verksemder skal bli godt informert og bli tekne vare på i prosessen vidare. (08.12.06)

Pressemelding

Nr.: 118/06
Dato: 08.12.06

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete om: Forvaltningsreforma

- Forvaltningsreforma flyttar makt frå administrasjon til politisk styring. Reforma fører til at lokaldemokratiet vil bli styrkt, og dei nye regionane vil få eit tydeleg ansvar og omfattande nye oppgåver. Dei tilsette i offentlege verksemder skal bli godt informert og bli tekne vare på i prosessen vidare.

- Når det gjeld overføring av oppgåver på samferdselsområdet, kan ansvaret for det øvrige riksvegnettet med tilhøyrande ferjestrekningar bli overført til regionane, uavhengig av talet på regionar. Klassifiseringa av vegnettet må greiast ut nærare etter at talet på regionar er avklart, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Det er vurdert om delar av Statens vegvesen sin organisasjon bør overførast til regionane. Det er uaktuelt å overføre ansvaret for hovuddelen av Statens vegvesen dersom det blir mange regionar. Dersom det blir få og store regionar, altså om lag slik organiseringa av Statens vegvesen er i dag, vil hovudansvaret for Statens vegvesen kunne overførast til regionane, går det fram av stortingsmeldinga om forvaltningsreforma som vart lagt fram i statsråd i dag.

For meir informasjon, sjå Kommunal- og regionaldepartementet si nettside om stortingsmeldinga om forvaltningsreforma