Historisk arkiv

Støre og Joschka Fischer på Europakonferansen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Jonas Gahr Støre innleier og Joschka Fischer er hovudtalar på Europakonferansen 2009. Tema er ”Finanskrisa – politiske konsekvensar for EU”, og konferansen finn stad i Gamle Logen 20. mai frå klokka 10.00 til 13.30.

Europakonferansen er eit årleg arrangement med høgprofilerte europeiske gjester. I 2008 var presidenten i Europakommisjonen, José Manuel Barroso, hovudtalar. I år har Joschka Fischer, den tyske utanriksministeren frå 1998 til 2005, takka ja til å vera hovudgjest.

Utviklinga av EU har vore ein kjerneinteresse for Joschka Fischer i ei årrekke, noko som speglast i både kunnskapsnivået og engasjementet hans. Han vil halde eit tankevekkande og framtidsretta innlegg om problemstillingar som er like relevante for Noreg som for medlemslanda.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre vil halde det andre hovudinnlegget og eit skandinavisk panel vil møtast til samtale.

Program:

09:15-09:50  

Registrering og kaffi

10:00-
11:30
Hovudinnlegg ved Joschka Fischer og utanriksminister Jonas Gahr Støre.   
Dialog mellom innleiarane og salen
11:30-
12:00 
Enkel lunsj
12:00-
13:30 
Samtale mellom:
Utanriksminister Jonas Gahr Støre
Margareta Cederfelt, medlem i EU-nämnden i Riksdagen for Moderaterna
Siv Jensen, stortingsrepresentant og partiformann, Framstegspartiet
Audun Lysbakken, nestleiar i Sosialistisk Venstreparti
Marlene Wind, professor ved Center for Europæisk Politik, Københavns Universitet

 

Ordstyrar: Siri Lill Mannes

 

Meld deg på snarast mogleg og innan 18. mai til europakonferansen@mfa.no.
Konferansen er gratis og open for alle.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgivar Anders Rikter, mobil:  920 84 996 

Velkomen til Europakonferansen 2009!

 

Les meir om deltakarane på årets konferanse:

Joschka Fischer (pdf) - Du kan lese hans faste spalte i Die Zeit her (på tysk)
Margareta Cederfelt
Marlene Wind
Siv Jensen
Audun Lysbakken