Finansdepartementet legg i Kredittmeldinga 2000 fram
hovudprinsippa for ei lovendring som skal gjere det mogleg å
omdanna sparebankar til aksjeselskap.
Etter gjeldande reglar er
sparebankar organiserte som sjølveigande institusjonar utan høve
til omdanning til aksjeselskap. I NOU 1998:14 gjekk eit fleirtal i
Banklovkommisjonen inn for ei lovendring som gjer det mogleg å
omdanna til aksjeselskap. Sparebankforeningen gjekk i høyringa i
mot ein slik heimel til omdanning av sparebankar til
aksjeselskap.
Spørsmålet om heimel til omdanning
for sparebankar blei aktualisert av ein førespurnad frå Gjensidige
NOR til Finansdepartementet i fjor haust, der Gjensidige NOR ba om
at ein legg til rette for at Sparebanken NOR kan omdanna seg til
eit aksjeselskap.
Sparebankforeningen har i tida
etter Gjensidige NOR sin førespurnad til departementet hatt ei ny
intern handsaming av spørsmålet om omdanning. Eit fleirtal i styret
i Sparebankforeningen gjekk i april 2001 inn for at ein bør opne
for at sparebankar skal kunne omdanna seg.
Sparebankforeningen og
Banklovkommisjonen har skissert ulike modellar for organiseringa av
omdanna sparebankar.
Finansdepartementet vil nå setje i
gang eit lovarbeid med sikte på å endre finanslovgivinga slik at
det blir mogleg å omdanna sparebankar til aksjeselskap. Lovarbeidet
vil ta utgangspunkt i Banklovkommisjonen sitt forslag i NOU 1998:
14. Banklovkommisjonen sitt forslag inneber at aksjane i ein
sparebank skal vere ått av ein stiftelse, med unntak av dei aksjar
som tilsvarar grunnfondsbeviskapitalen. Den nærare regulering av
gjennomføringa og verknader av ei omdanning vil vurderast i samband
med lovarbeidet. I samband med lovarbeidet tar ein sikte på ei
regulering av stiftelsen som skal motverke oppkjøp av sparebankar
der dette ikkje er ønskjeleg. Parallelt med lovarbeidet vurderast
det tiltak for å betre rammevilkåra for mindre sparebankar, til
dømes å styrkje grunnfondsbevisordninga.
Kredittmeldinga inneheld elles ein
oversikt over Finansdepartementet og Kredittilsynet sitt
forvaltningsarbeid på finansmarknaden i 2000. Vidare omtalar ein
mellom anna verksemda i Kredittilsynet, Noregs Bank,
Folketrygdfondet, Bankinvesteringsfondet og Banksikringsfondet.
Kredittmeldinga inneheld i år også
ein omtale av verksemda til Det internasjonale valutafondet
(IMF).