Stortinget har samrøystes vedteke å oppheva den
såkalla tilnærmingsparagrafen i lov om Norsk språkråd.
Tilnærming mellom nynorsk og bokmål
'på norsk folkemåls grunn' var opphavleg eit uttalt mål i offisiell
norsk rettskrivingspolitikk. Tanken var å smelta dei to målformene
saman til eit felles norsk skriftspråk. Denne såkalla
samnorskpolitikken vekte stor strid. Gjennom skipinga av Norsk
språkråd i 1971 vart det slutt på den aktive tilnærmingslinja.
Men tanken om eit felles norsk
skriftspråk ein gong i framtida vart ikkje oppgitt. Norsk språkråd
skulle framleis støtta opp under utviklingstendensar som på lengre
sikt fører målformene nærmare saman.
Dette har ikkje gitt seg nemnande
utslag i den faktiske rettskrivingsutviklinga dei seinare tiåra. På
viktige punkt har målformene snarare fjerna seg frå kvarandre. I ei
stortingsmelding frå 1997 vart også tanken om eit framtidig felles
skriftspråk lagd bort.
Den lovendringa som Stortinget no
har vedteke, vart foreslått i ein odelstingsproposisjon frå Kultur-
og kyrkjedepartementet rett før sommarferien.