I regi av ABM-utvikling – Statens senter for
arkiv, bibliotek og museum – skal det no setjast i gang eit større
utgreiingsarbeid på biblioteksektoren. Kultur- og
kyrkjedepartementet har oppnemnt ei referansegruppe for å sikra
brei forankring av arbeidet.
Som leiar for referansegruppa er
oppnemnd Frode Sannum, fylkeskultursjef i Oppland.
Dei andre medlemmene er:
Frode Bakken, leiar i Norsk Bibliotekforening
Saadia Bibi, elev ved Sandaker vidaregåande skule
Anne Hustad, hovudbibliotekar ved Høgskulen i Molde
Roger Jøsevold, assisterande nasjonalbibliotekar
Per Olav Kaldestad, forfattar
Irene Valstad Simonsen, kommunalsjef i Tromsø kommune
Trond Singsås, organisasjonsdirektør ved Noregs
teknisk-naturvitskaplege universitet
Ellen Sundt, rådgjevar i Utdanningsdirektoratet
Svein Arne Tinnesand, fylkesbiblioteksjef i Rogaland
Elin Nesje Vestli, førsteamanuensis og prorektor ved
Høgskulen i Østfold
Målet med arbeidet er m.a. å
utarbeida eit overordna strategidokument som skisserer ein plan for
heilskapleg utvikling av ein samla biblioteksektor. I tillegg er
det behov for å utgreia meir i detalj mange større og mindre
spørsmål.
For nærmare informasjon viser vi
til mandatet for utgreiinga, som er tilgjengeleg på nettsidene til
Kultur- og kyrkjedepartementet på Odin:
Mandatet for
utgreiinga