Regjeringa går i framlegg til
statsbudsjett for 2003 inn for bruk av anbodskonkurranse for drift
av persontrafikk med tog på strekningar der staten kjøper
persontransporttenester frå NSB. Samferdselsdepartementet legg i
første omgang opp til at ein skal vinne erfaringar gjennom å utlyse
anbodskonkurranse for drift av togtilbodet på Gjøvikbanen og
Vossabanen (lokaltrafikken Bergen - Voss - Myrdal), med sikte på at
trafikken kan komme i gang i 2004.
Denne nye ordninga kan føre til at
det etter kvart kan bli andre selskap enn NSB som står for drift av
nærtrafikken med tog rundt dei tre største byane, intercitytog og
lokale og regionale tog. Dette vil seie persontog på den type
strekningar der staten i dag kjøper persontransporttenester frå NSB
AS.
- Målet med å opne for
anbodskonkurranse på denne måten, er å få eit betre togtilbod for
dei midlane som går til offentleg kjøp av persontransport. Dette
kan igjen vere med på å få fleire til å reise med tog og vil såleis
styrkje kollektivtransporten i høve til personbiltransporten. For
regjeringa er det heilt avgjerande at konkurranse ved drift av
persontransport med tog skal gjennomførast slik at ein tar
nødvendig omsyn til tryggleiken, samtidig som dei reisande får eit
godt reisetilbod, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.
Ordninga med anbodskonkurranse vil
seie at ein legg opp til konkurranse om eineretten til å drive
trafikk i eit visst område. Det vil altså ikkje vere aktuelt å opne
for at fleire selskap skal konkurrere innanfor det samme
ruteområdet.
Kontrakt for drift av togtrafikken
vil – i utgangspunktet – bli gitt til det togselskapet som har det
lågaste kravet til godtgjersle frå staten, under føresetnad av at
selskapet oppfyller dei krava som på førehand er fastsette når det
gjeld tryggleik, rutetilbod og kvalitet for trafikken på dei
einskilde strekningane som inngår i anbodskonkurransen.
I budsjettframlegget blir det
mellom anna vist til at Samferdselsdepartementet i første omgang
legg opp til å lyse ut anbod for nokre få strekningar, i ein
kombinasjon mellom regiontogstrekningar og nærtrafikkstrekningar.
Det er dessutan eit poeng at banestrekningane skal vere eigna for
eit nytt selskap som ønskjer å vinne erfaringar før det eventuelt
tar på seg større oppgåver når det gjeld drift av persontransport
på jernbanenettet, går det fram av budsjettframlegget.
Persontransport med fjerntog blir
rekna som bedriftsøkonomisk lønsam, og vil derfor ikkje bli omfatta
av den formen for anbodskonkurranse som no skal innførast.
---
I tillegg til den
anbodskonkurransen som det no bli opna for på Gjøvikbanen og
Vossabanen, har Samferdselsdepartementet og Telemark fylkeskommune
nyleg underteikna ein avtale om at ansvaret for den framtidige
lokale kollektivtransporten Notodden - Porsgrunn skal overførast
frå staten til Telemark fylkeskommune. Også på denne strekninga kan
det bli aktuelt å opne for anbodskonkurranse frå 2004.