Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2003: Persontransport med jernbane: Regjeringa vil utlyse anbodskonkurranse på Gjøvikbanen og Vossabanen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 115/2002
Dato: 03.10.02

Statsbudsjettet 2003:

Persontransport med jernbane: Regjeringa vil utlyse anbodskonkurranse på Gjøvikbanen og Vossabanen

Regjeringa går i framlegg til statsbudsjett for 2003 inn for bruk av anbodskonkurranse for drift av persontrafikk med tog på strekningar der staten kjøper persontransporttenester frå NSB. Samferdselsdepartementet legg i første omgang opp til at ein skal vinne erfaringar gjennom å utlyse anbodskonkurranse for drift av togtilbodet på Gjøvikbanen og Vossabanen (lokaltrafikken Bergen - Voss - Myrdal), med sikte på at trafikken kan komme i gang i 2004.

Denne nye ordninga kan føre til at det etter kvart kan bli andre selskap enn NSB som står for drift av nærtrafikken med tog rundt dei tre største byane, intercitytog og lokale og regionale tog. Dette vil seie persontog på den type strekningar der staten i dag kjøper persontransporttenester frå NSB AS.

- Målet med å opne for anbodskonkurranse på denne måten, er å få eit betre togtilbod for dei midlane som går til offentleg kjøp av persontransport. Dette kan igjen vere med på å få fleire til å reise med tog og vil såleis styrkje kollektivtransporten i høve til personbiltransporten. For regjeringa er det heilt avgjerande at konkurranse ved drift av persontransport med tog skal gjennomførast slik at ein tar nødvendig omsyn til tryggleiken, samtidig som dei reisande får eit godt reisetilbod, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.

Ordninga med anbodskonkurranse vil seie at ein legg opp til konkurranse om eineretten til å drive trafikk i eit visst område. Det vil altså ikkje vere aktuelt å opne for at fleire selskap skal konkurrere innanfor det samme ruteområdet.

Kontrakt for drift av togtrafikken vil – i utgangspunktet – bli gitt til det togselskapet som har det lågaste kravet til godtgjersle frå staten, under føresetnad av at selskapet oppfyller dei krava som på førehand er fastsette når det gjeld tryggleik, rutetilbod og kvalitet for trafikken på dei einskilde strekningane som inngår i anbodskonkurransen.

I budsjettframlegget blir det mellom anna vist til at Samferdselsdepartementet i første omgang legg opp til å lyse ut anbod for nokre få strekningar, i ein kombinasjon mellom regiontogstrekningar og nærtrafikkstrekningar. Det er dessutan eit poeng at banestrekningane skal vere eigna for eit nytt selskap som ønskjer å vinne erfaringar før det eventuelt tar på seg større oppgåver når det gjeld drift av persontransport på jernbanenettet, går det fram av budsjettframlegget.

Persontransport med fjerntog blir rekna som bedriftsøkonomisk lønsam, og vil derfor ikkje bli omfatta av den formen for anbodskonkurranse som no skal innførast.

---

I tillegg til den anbodskonkurransen som det no bli opna for på Gjøvikbanen og Vossabanen, har Samferdselsdepartementet og Telemark fylkeskommune nyleg underteikna ein avtale om at ansvaret for den framtidige lokale kollektivtransporten Notodden - Porsgrunn skal overførast frå staten til Telemark fylkeskommune. Også på denne strekninga kan det bli aktuelt å opne for anbodskonkurranse frå 2004.