Prop. 102 L (2009–2010)

Endringar i lov 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram

Til innhaldsliste

6 Merknader til lovframlegget

Til § 2 første ledd

Endringane i § 2 inneber at det ikkje lenger gjeld noko krav om konsesjon for å drive omsetning av film eller videogram i næring. Dette inneber at einkvar kan drive videogramomsetning utan særskilt løyve frå kommunen. Dette gjeld både omsetning over disk, postordresal av fysiske eksemplar og elektronisk omsetning over Internett, kabelnett, mobilnett e.l.

Framlegget inneber ingen endringar i kva det er tillate å omsetje. Grensene for ulovleg pornografi og valdsskildringar i straffelova gjeld uavhengig av konsesjonsplikt. Det same gjeld reglane om registrering, merking og avgift til Norsk kino- og filmfond. Endringa inneber likevel at kommunane ikkje lenger har noko lovfesta kontrollansvar eller høve til å ileggje sanksjonar ved brot på desse reglane.

Til § 2 andre ledd andre punktum, § 4 tredje ledd, § 7 andre ledd tredje og fjerde punktum, § 14 første ledd første punktum, § 15 første ledd og § 16 første ledd

Endringane i desse reglene inneber ei lovteknisk oppdatering av tilvisingane til straffelova av 1902.

Til ny § 9

Framlegget til ny § 9 inneber at krava om aldersgrenser i gjeldande § 2 femte leddet blir oppretthaldne. Reglane blir flytta til ny § 9 som følgje av at aldersgrensene ikkje lenger er knytte til ei konsesjonsordning.

Den einaste materielle endringa i framlegget er at 18-årsgrensa for omsetning av videogram blir avgrensa til omsetning «over disk». Ved sal eller utleige av videogram i butikk e.l. vil det dermed framleis gjelde ei aldersgrense på 18 år for den som står for omsetninga. For elektronisk omsetning over Internett, kabelnett, mobilnett e.l. vil det ikkje gjelde noko tilsvarande krav. Det same vil gjelde tradisjonelt postordresal.