Prop. 103 L (2013–2014)

Endringar i utlendingsloven (politiattest ved tilsetjing i mottak)

Til innhaldsliste

8 Økonomiske og administrative konsekvensar

Det vil som tidlegare vere det einskilde mottak som har ansvaret for å innhente, kontrollere og vurdere dei aktuelle barneomsorgsattestane etter utlendingslova § 97. Å innføre ein regel om at det skal innhentast politiattest ikkje berre for personar som eventuelt skal bli tilsette i mottak, men også for andre som skal utføre oppdrag i mottak, kan gjere det naudsynt å innhente fleire attestar enn i dag. Vidare er det berre eit krav om politiattest ved tilsetjingar eller ved endringar i arbeidsoppgåver. Fråsegna vil difor ikkje få tilbakeverkande kraft. Det er ikkje mogleg å talfeste nærare kor mange det vil gjelde. Talet på attestar vil variere mellom ulike mottak, og det vil avhenge av talet på asylsøkjarar og hyppigheita personar med opphaldsløyve blir busett. Departementet anslår likevel at det vil vere tale om relativt få per mottak per år, sidan dei fleste nok allereie må leggje fram attest etter gjeldande regelverk. Dei økonomiske konsekvensane vil dermed vere små. Departementet legg til grunn at mottaka og politiet kan dekkje dei økonomiske kostnadane innafor gjeldande budsjettramme.

Lovforslaget byggjer på politiregisterlova, som mellom anna tek sikte på å standardisere politiattestar som gjeld personar som har omsorg for eller oppgåver knytt til mindreårige. Standardiseringa inneber at det vil bli noko mindre arbeidskrevjande for politiet å skrive ut attestar for denne gruppa.

Ein mindre administrativ konsekvens vil vere at mottaka må planleggje aktivitetar med noko større tidsmargin når førebuingane inkluderer å innhente barneomsorgsattest for aktuelle personar. Departementet legg likevel til grunn at lovendringane ikkje vil gjere det problematisk å få tilstrekkeleg kvalifiserte tilsette eller eksterne oppdragstakarar.

UDI vil fortsatt ha ansvaret for å kontrollere at mottaka innhentar attestar i tråd med føresegna slik dei gjer i dag i sitt alminnelege tilsyn med mottaksdrifta. Departementet legg til grunn at det ikkje vil føre til mykje meirarbeid samanlikna med dagens kontrollar, jf. ovanfor om omfanget.