Prop. 110 S (2009–2010)

Samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av EU-programmet om samverknadsløysingar for europeisk offentleg forvalting ISA (2010-2015)

Til innhaldsliste

3 Konstitusjonelle tilhøve

Fordi den norske deltakinga i programmet inneber økonomiske plikter av ein viss storleik som skal finansierast over fleire år, må Stortinget gje samtykke til deltaking i den komande avgjerda i EØS-komiteen, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova.

For å hindre at Noreg seinkar iverksetjinga av avgjerda, og for å gjere det mogleg for EØS-EFTA-statane formelt å ta del i programmet så tidleg som råd, vert det gjort framlegg om at Stortinget gjev sitt samtykke før avgjerda vert teken i EØS-komiteen. Det vil dermed ikkje vere naudsynt for Noreg å ta atterhald for konstitusjonelle prosedyrar ved avgjerda i EØS-komiteen.

Det er ikkje venta at det vil kome endringar i utkastet til avgjerd i EØS-komiteen. Dersom den endelege avgjerda skulle syne stort avvik frå det utkastet som er lagt fram i denne proposisjonen, vil saka verte lagd fram for Stortinget på nytt.