Prop. 110 S (2009–2010)

Samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av EU-programmet om samverknadsløysingar for europeisk offentleg forvalting ISA (2010-2015)

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

EU-programmet om samverknadsløysingar for offentleg forvalting i europeiske land (Interoperability Solutions for European Public Administrations - ISA) vart formelt vedteke i EU 16. september 2009 ved europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 2009/922/EF.

Programmet er ei vidareføring av IDABC-programmet (Interoperable Delivery of European eGovernment Services to public Administrations, Businesses and Citizens). Dette programmet løp i perioden 2005-2009. Noreg har teke del i IDABC-programmet, jf. St.prp. nr. 54 (2005-2006) og Innst. S. nr. 158 (2005-2006). I perioden 1997-2005 tok Noreg del i dei to føregåande IDA-programma. Føremålet med programma har vore å utvikle og innføre felleseuropeiske elektroniske offentlege tenester og underliggjande infrastruktur. Slik legg ein til rette for elektronisk kommunikasjon mellom offentlege styresmakter på alle nivå, i tillegg til mellom verksemder og borgarar. Det skal betre vilkåra for nærings­livet i Europa, redusere dei administrative byrdene og avgrense veksten i byrå­kratiet.

ISA-programmet (2010–2015) opnar på lik linje med tidlegare IDA-program for deltaking for EØS-EFTA-statane. Ei deltaking føreset ei endring av protokoll 31 i EØS-avtala.

Deltaking i ISA-programmet inneber økonomiske plikter for Noreg over fleire år. Stortinget sitt samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen er difor naudsynt, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova. For at Noreg og dei andre EØS-EFTA-statane skal kunne ta del i programmet så tidleg som råd, vert det lagt opp til at Stortinget sitt samtykke vert innhenta før det er teke avgjerd i EØS-komiteen.

Utkast til avgjerd i EØS-komiteen og europaparlaments- og rådsavgjerda i uoffisiell nynorsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposi­sjonen.