Prop. 129 S (2009-2010)

Samtykke til inngåing av avtale mellom EU og Island, Liechtenstein, Noreg og Sveits om deltakinga til desse statane i arbeidet i komiteane som assisterer Europakommisjonen under Schengen-regelverket

Til innhaldsliste

3 Nærare om dei enkelte føresegnene i avtalen

Fortalen i avtalen har ti avsnitt som viser til dei respektive tilknytte statane si tilknyting til Schengen-samarbeidet i EU, at desse tilknytingsavtalane ikkje omfattar arbeidet i Kommisjonen med vidareutvikling av Schengen-regelverket, og at det òg er behov for å knyte desse statane til denne delen av Schengen-samarbeidet.

Artikkel 1 definerer verkeområdet for avtalen. Avtalen gjeld for alle rettsakter og tiltak som fell innanfor Schengen-samarbeidet slik dette er definert i den gjeldande samarbeidsavtalen, og som vert vedtekne av Kommisjonen i kraft av delegert styringsmakt.

Artikkel 2 fastset ei forplikting for EU til å inkludere de tilknytte statane i eksisterande og framtidige komitologi-komitear som assisterer Kommisjonen i arbeidet på Schengen-området. Komiteane som allereie er vedtekne, står oppførte i vedlegget til avtalen. Representantar for dei tilknytte statane skal ha status som observatørar.

Artikkel 3 gjev dei tilknytte statane rett til å få informasjon om og møte i dei komiteane som assisterer Kommisjonen, og til å uttale seg og leggje fram forslag. Dei tilknytte statane har ikkje røysterett.

Artikkel 4 pålegg Kommisjonen å søkje råd frå ekspertar frå dei tilknytte statane på same måten som Kommisjonen uformelt søkjer råd frå ekspertane i medlemsstatane ved utarbeiding av forslag.

Artikkel 5 omtalar verknadene for dei tilknytte statane av at Kommisjonen gjer vedtak om vidareutvikling av Schengen-regelverket. Noreg skal på sjølvstendig grunnlag avgjere om innhaldet i dei vedtekne rettsaktene og tiltaka skal godtakast, og gje melding til Kommisjonen. Dersom dei tilknytte statane ikkje godtek vedtekne rettsakter eller tiltak, vil føresegnene i Schengen-avtalen om Fellesorganets kompetanse og om opphøyr av avtalen bli brukte på tilsvarande vis.

Artikkel 6 pålegg dei tilknytte statane å bidra til kostnadane ved samarbeidet etter den nøkkelen som er nedfelt i Schengen-avtalen. Dersom det skjer endringar i den totale mengda av arbeid i samband med komitologi, skal partane om nødvendig justere det årlege beløpet. Dei tilknytte statane skal dekkje reiseutgifter når representantane deira skal delta i arbeidet.

Artikkel 7 inneheld reglar om depositar og om godkjenning og ikraftsetjing av avtalen.

Artikkel 8 inneheld reglar om opphøyr av avtalen.

Artikkel 9 fører opp språkversjonane av avtalen.

I vedlegget til avtalen står det oppført kva komitear som er omfatta av avtalen på det tidspunktet han vert inngått.

Til avtalen er det knytt ei felles erklæring om at Schengen-samarbeidet mellom EU og dei tilknytte statane ikkje skal skape presedens i høve til andre samarbeidsområde.