Meld. St. 3 (2012–2013)

Statsrekneskapen 2012

Til innhaldsliste

4 Statens balanse med kommentarar til finanspostar m.m.

Kapittel 4 tek føre seg desse emna: statens balanse med notar til viktige endringar (4.1), statens finansinntekter og finansutgifter (4.2), garantiar (4.3) og hovudprinsippa for føring av statsrekneskapen (4.4).

4.1 Statens balanse med notar

Kapitalrekneskapen er ei oppstilling av statens balanse med hovudvekt på finansielle eigedelar, gjeld og eigenkapital i staten. Kapitalrekneskapen er presentert i tabell 3.1 i vedlegg 3. Ei balanseoppstilling på samanstilt nivå er òg presentert i tabell 1.11 i vedlegg 1.

Dei viktigaste eigedelane i balansen er spesielle fond, utlån, fast kapital i statsverksemdene og verdipapir medrekna kapitalen i statens sjølvstendige verksemder. Realkapital er normalt ikkje med i kapitalrekneskapen. For forretningsverksemdene er realkapital likevel ein del av balansen, jf. vedlegg 5, som syner balansen for desse verksemdene. Den viktigaste gjeldsposten er statsgjelda, som inneheld statskassevekslar, kortsiktige kontolån og faste lån opptekne innanlands.

Statens eigedelar auka med om lag 542,4 mrd. kroner i 2012, frå 4 609,6 mrd. kroner til 5 151,9 mrd. kroner. Mykje av endringa kjem av auka verdi i Statens pensjonsfond utland (kontogruppe 61). Gjeldssida utanom eigenkapitalen hadde ein netto nedgang på 36,0 mrd. kroner i 2012, frå 756,4 mrd. kroner til 720,4 mrd. kroner. Avviklinga av fondet for forsking og nyskaping i 2012 forklarer den store nedgangen i kontogruppe 64 og 81. Eigenkapitalen auka med 578,3 mrd. kroner frå 3 853,2 mrd. kroner til 4 431,5 mrd. kroner. Vesentlege endringar vert omtala i notane nedanfor.

Tabell 4.1 Statens eigedelar og gjeld (tal i mill. kroner)1)

Tekst

Note

31.12.11

31.12.12

Endring

Eigedelar

60. Kontantbehaldning

1

81 673

130 783

49 110

61. Spesielle fond og forsikringar

2

3 543 403

4 076 106

532 702

62. Verdipapir

3

300 507

276 828

-23 679

63. Utlån og uteståande krav

4

332 422

386 878

54 456

64. Ordinære fond

5

132 661

54 790

-77 871

65. Forskot

6

285

377

93

66. Kapital i statsbankane

7

2 859

659

-2 200

68. Fast kapital i statsverksemdene

8

190 189

196 797

6 609

69. Eigenbehaldning statspapir

9

40 551

45 323

4 772

70–72. Mellomrekneskapen med rekneskapsførarar

10

-4 032

-2 309

1 723

77. Overkurs/underkurs statspapir

11

-2 806

-7 270

-4 464

78. Kurs- og tryggingselement knytte til obligasjonar med førerett

12

-8 157

-7 042

1 114

Sum eigedelar

4 609 556

5 151 920

542 364

Gjeld og eigenkapital

80. Statsgjelda

13

557 412

617 245

59 833

81. Kontolån frå ordinære fond

14

141 625

63 918

-77 707

82. Verksemder med særskilde fullmakter

15

12 318

13 000

682

84. Deposita og avsetjingar

16

561

12 771

12 211

87. Overførte unytta løyvingar

17

44 450

13 481

-30 969

Sum gjeld

756 366

720 416

-35 950

99. Avslutningskonto (eigenkapital)

18

3 853 190

4 431 504

578 314

Sum gjeld og eigenkapital

4 609 556

5 151 920

542 364

1) Det kan vera avvik mellom sumtala i tabellen og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vera i samsvar med kapitalrekneskapen i tabell 3.1 i vedlegg 3.

Notar:

Note 1. Kontantbehaldninga til staten var 49,1 mrd. kroner høgare ved utgangen av 2012 enn ved utgangen av 2011. Kontantbehaldninga er plassert i Noregs Bank. Sjå tabell 1.14 i vedlegg 1.

Note 2. Spesielle fond og forsikringar auka med 532,7 mrd. kroner. Dette kjem for det meste av ein auke i bokført verdi av Statens pensjonsfond utland (SPU) på 516,6 mrd. kroner. Statens pensjonsfond Noreg (SPN) hadde ein auke på 15,6 mrd. kroner. Statens pensjonsfond vert bokført til marknadsverdi i kapitalrekneskapen. Pensjonsfondet er nærare omtala i kapittel 3. Bokført verdi for Norfund auka med om lag 0,5 mrd. kroner.

Note 3. Verdipapir, medrekna kapitalen i statens sjølvstendige verksemder, minka med netto 23,7 mrd. kroner. Dette kjem for det meste av ein nedgang på 26,5 mrd. kroner i obligasjonar med førerett (OMF) under Finansdepartementet. Eigarskapen til aksjane i Investinor AS er overført frå Innovasjon Noreg til Nærings- og handelsdepartementet, jf. Innst. 130 S (2012–2013) og aktivert med 2,2 mrd. kroner. Aksjane er omklassifiserte, frå kontogruppe 66 til kontogruppe 62, jf. note 7. Tilbakekjøp av aksjar for Telenor ASA førte til ein nedgang på om lag 260 mill. kroner. Sal av Secora AS førte til ein nedgang på 55 mill. kroner. Statens kjøp av aksjar i Kommunalbanken AS under Kommunal- og regionaldepartementet førte til ein auke på 925 mill. kroner. Statens kjøp av aksjar i Petoro Iceland AS vart aktivert med 2 mill. kroner i kapitalrekneskapen for 2012. Siva SF under Nærings- og handelsdepartementet hadde ein kapitalnedgang på om lag 41 mill. kroner. Eigenkapitalinnskot i Folketrygdfondet under Finansdepartementet auka med om lag 38 mill. kroner. Finansdepartementet v/ Skatt sør avslutta eit leigeforhold og leigebuarinnskot syner dermed ein nedgang på om lag 3 mill. kroner. Sjå tabell 3.6 for oversikt over statens aksjeinteresser.

Note 4. Netto utlån og uteståande krav auka med 54,5 mrd. kroner. Av dette er 7,1 mrd. kroner auka utlån frå Statens Lånekasse for utdanning og 7,4 mrd. kroner frå Husbanken. For bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse auka utlåna med 15,5 mrd. kroner. Innovasjon Noregs ordinære lån og distriktsretta låneordning auka netto med 0,6 mrd. kroner. Lån til førebels eksportfinansieringsordning i statleg regi under NHD hadde auka netto med 14,6 mrd. kroner i kapitalrekneskapen for 2012. Utlån frå Eksportkreditt AS auka netto med om lag 8,5 mrd. kroner. Ansvarleg lån til Secora AS er ført opp med 50 mill. kroner. Investeringslåna til helseføretaka auka med 1,2 mrd. kroner, medan driftskredittramma for helseføretaka vart redusert med 0,6 mrd. kroner. Utlåna til Teknologisenter for CO2-handtering på Mongstad (TCM DA) auka netto med 0,6 mrd. kroner medrekna kapitaliserte renter.

Note 5. Ordinære fond minka med om lag 77,9 mrd. kroner. Fondet for forsking og nyskaping minka med 80,0 mrd. kroner og Niels Henrik Abels minnefond minka med 0,2 mrd. kroner ettersom desse fonda under Kunnskapsdepartementet vart avvikla i 2012. Investeringsfondet for Investinor AS under Nærings- og handelsdepartementet vart aktivert med 1,5 mrd. kroner.

Ein må sjå kontogruppe 64 Ordinære fond i samanheng med kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond, jf. note 14. Midlane som fonda har ståande på konto i Noregs Bank, er òg førte opp som kontolån til staten. Unnatak frå hovudregelen er Tøyenfondet og Observatoriefondet, som berre er aktiverte i 64-gruppa og ikkje i 81-gruppa. Stiftinga Unifor forvaltar dei finansielle eigedelane til desse to fonda etter avtale med Universitet i Oslo, og midlane er ikkje plasserte i Noregs Bank. Sjå òg tabell 3.1 i vedlegg 3 om ordinære fond (eigedelar).

Note 6. Forskot auka netto med om lag 93 mill. kroner. Forskot i Statens vegvesen og Jernbaneverket under Samferdselsdepartementet auka med om lag 94 mill. kroner, medan forskot på rammetilskot til kommunar minka med drygt 1 mill. kroner.

Note 7. Innskotskapital i statsbankane minka med 2,2 mrd. kroner. Grunnen er at eigarskapen til aksjane i Investinor AS er overført frå Innovasjon Noreg til Nærings- og handelsdepartementet. I samsvar med Innst. 130 S (2012–2013) er aksjane omklassifiserte frå kontogruppe 66 til kontogruppe 62, jf. note 3.

Note 8. Fast kapital i statsverksemdene auka med om lag 6,6 mrd. kroner. Kapitalen i SDØE auka med om lag 5,0 mrd. kroner, medan kapitalen i Statsbygg auka med om lag 1,7 mrd. kroner. Kapitalen i SPK Forvaltningsbedrift minka med 68 mill. kroner. Sjå òg tabell 3.2 i vedlegg 3.

Note 9. Eigenbehaldning av statspapir auka med om lag 4,8 mrd. kroner. Statsobligasjonar hadde ein auke på om lag 4,4 mrd. kroner, medan statskassevekslar auka med 0,4 mrd. kroner.

Note 10. Statlege verksemders mellomvære med statskassa auka med 1,7 mrd. kroner, frå -4,0 mrd. kroner i 2011 til -2,3 mrd. kroner i 2012, slik at verksemdene har 2,3 mrd. kroner til gode per 31.12.2012.

Stortinget har i saker under 1 mill. kroner gjeve Finansdepartementet fullmakt til å postera differansar og uoppklåra saker mot konto for forskyving i balansen (eigenkapitalen). I større saker kan Stortinget vedta særskilde fullmakter. Det vart i 2012 postert netto 12,2 mill. kroner til debet konto for forskyving i balansen og til kredit kontogruppe 70/71. Dette gjeld desse verksemdene (tal i kroner):

Politihøgskolen (JD)

-24 287,12

Toll- og avgiftsdirektoratet (FIN)1)

-12 210 006,44

Samla

-12 234 293,56

Sjå òg tabell 3.9 i vedlegg 3 der departementa sine mellomvære med staten er spesifiserte.

Note 11. Overkurs/underkurs på statspapir er per 31.12.2012 bokført med om lag -7,3 mrd. kroner. Dette er ei endring på 4,5 mrd. kroner frå -2,8 mrd. kroner i 2011.

Note 12. Kurs- og tryggingselement (konto 780001) er knytte til ordninga med obligasjonar med førerett (OMF), og er per 31.12.2012 bokførte med -7,0 mrd. kroner i statens kapitalrekneskap. Dette er ei endring på 1,1 mrd. kroner frå om lag -8,2 mrd. kroner i 2011. Sjå òg kontogruppe 62 og note 3 ovanfor.

Note 13. Statsgjelda auka med 59,8 mrd. kroner. Statskassevekslar (medrekna vekslar i samband med OMF-ordninga) gjekk ned med 8,8 mrd. kroner. Kortsiktige kontolån auka med 4,6 mrd. kroner, medan faste lån opptekne innanlands auka med 64,0 mrd. kroner. Endringa i statsgjelda for 2012 er nærare spesifisert i tabell 3.3 i vedlegg 3.

Note 14. Kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond omfattar alle ordinære fond som har fondsmidlar plasserte i statskassa på konto i Noregs Bank. Dei fonda der staten både eig og kan disponera fondskapitalen, er i tillegg aktiverte i kontogruppe 64 Ordinære fond, jf. note 5. Kontogruppe 81 minka med 77,7 mrd. kroner. Fond under Utanriksdepartementet minka med nær 1,0 mrd. kroner. Fondet for forsking og nyskaping minka med 80,0 mrd. kroner, og Niels Henrik Abels minnefond minka med 0,2 mrd. kroner ettersom desse fonda under Kunnskapsdepartementet vart avvikla i 2012. Fond under Nærings- og handelsdepartementet auka til saman med 0,9 mrd. kroner, mellom anna som følgje av at investeringsfond for Investinor AS vart aktivert med 1,5 mrd. kroner. Sjå detaljar i tabell 3.1 i vedlegg 3.

Note 15. Kontogruppe 82 omfattar verksemder med særskilde fullmakter til å nettoføra utgifter og inntekter. Dei likvide midlane til verksemdene er plasserte i Noregs Bank og auka med om lag 682 mill. kroner. Midlane utgjer 13,0 mrd. kroner ved utgangen av året. Staten kan nytta denne likviditeten, som vert notert som gjeld i kapitalrekneskapen. Eit meir detaljert oversyn over midlane i desse verksemdene står i tabell 3.1 og tabell 3.10 i vedlegg 3.

Note 16. Deposita og avsetjingar auka med 12,2 mrd. kroner. Avsetjinga for mellomvære med Statens pensjonsfond utland auka med 12,1 mrd. kroner. Avsetjing i statsgjelda (konto 84 00 16) minka med 32 mill. kroner, medan samla avsetjing i Statens vegvesen og Jernbaneverket auka med 212 mill. kroner. Avsetjingar under Olje- og energidepartementet for Enova SF og Gassnova minka med 28,5 mill. kroner. Avsetjinga i Svalbardrekneskapen (konto 84 50 04) hadde ein auke på knapt 0,5 mill. kroner. Detaljar om Svalbardrekneskapen står i tabell 5.1–5.3 i vedlegg 5.

Note 17. Unytta løyvingar som vert overførte til neste budsjettår, er registrerte som gjeld i statsrekneskapen. Overføringane frå 2012 til 2013 utgjer til saman 13,5 mrd. kroner, som er 31,0 mrd. kroner mindre enn overført løyving frå 2011 til 2012. Hovudgrunnen er at kapittel 934 Internasjonaliseringstiltak, post 90 Lån til mellombels statleg eksportfinansieringsordning for CIRR-kvalifiserte lån vart overført til 2012 med 33,3 mrd. kroner. Denne ordninga er avslutta, og det er ikkje overført beløp til 2013.

Note 18. Avslutningskontoen syner at statens eigenkapital i 2012 auka med 578,3 mrd. kroner, frå 3 853,2 mrd. kroner til 4 431,5 mrd. kroner, jf. note 1–17 ovanfor. Sjå òg tabell 1.13 i vedlegg 1.

4.2 Finansinntekter og finansutgifter

Staten hadde i 2012 renteinntekter på 16,8 mrd. kroner og renteutgifter på 12,8 mrd. kroner. Netto renteinntekter vart dermed 4,0 mrd. kroner, jf. tabell 4.2. Frå 2011 til 2012 gjekk renteutgiftene ned med 4,4 mrd. kroner, medan renteinntektene gjekk ned med 2,3 mrd. kroner.

Tabell 4.2 Renter (tal i mill. kroner)

2010

2011

2012

1. Renteinntekter i alt

18 274

19 127

16 782

Renter frå statsbankane og statsføretaka

7 444

8 079

7 795

Renter av kapital i statens forretningsverksemd

48

63

74

Sum renter av kontantbehaldning og andre krav, av dette:

10 781

10 984

8 913

renter av innskot og andre krav

9 237

9 207

6 992

renter av lån til helseføretaka

522

498

464

renter av lån til aksjeselskap

275

262

267

renter frå folketrygda

1

1

1

renter overgangsordningar for CIRR-kvalifiserte lån2)

0

-16

0

Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga

745

1 031

1 189

2. Renteutgifter i alt1)

19 939

17 207

12 819

Av innanlandsk statsgjeld

19 939

17 207

12 819

Av utanlandsk statsgjeld

0

0

0

Netto renteinntekter/renteutgifter (-)

-1 665

1 919

3 963

1) Renteutgifter for statsgjelda omfattar gjeld under kontogruppe 80 og 81.

2) Renter frå overgangsordningar skipa i 2011 under NHD, jf. Innst. 138 S (2011-2012). Frå 2012 er renter frå eksportfinansieringsordninga lagde inn i renter frå statsbankane.

Renteinntekter frå statsbankane og statsføretaka er på 7,8 mrd. kroner. Av dette er 3,6 mrd. kroner frå Husbanken, 3,5 mrd. kroner frå Lånekassa, 343 mill. kroner frå eksportfinansieringsordninga, 321 mill. kroner frå Innovasjon Noreg og 26 mill. kroner frå SIVA.

Renteinntekter av innskot og andre krav på om lag 7,0 mrd. kroner er førte på kapittel 5605 Renter av statskassas kontantbehaldning og andre krav. Av dette er 4,5 mrd. kroner renteinntekter av byteavtalar, 1,5 mrd. kroner renteinntekter av innanlandske verdipapir og 642 mill. kroner renteinntekter av foliokontoen i Noregs Bank.

Renteutgiftene på 12,8 mrd. kroner under kapittel 1650 Statsgjelda er mellom anna 2,7 mrd. kroner i renteutgifter på byteordninga, 11,9 mrd. kroner i renteutgifter på obligasjons- og vekselgjeld, 1,5 mrd. kroner i renteutgifter på kontolån frå ordinære fond og 176 mill. kroner i renteutgifter på kontolån frå verksemder som er pålagde å plassera overskotslikviditet som kontolån til staten. Dessutan er det netto inntektsført 2 mrd. kroner på rentebyteavtaler og 1,5 mrd. kroner i overkurs/underkurs.

Stortinget gav 24. oktober 2008 Finansdepartementet fullmakt til utlån av statspapir med trygd i eller byte med obligasjonar med førerett innanfor ei samla ramme på 350 mrd. kroner, jf. St.prp. nr. 5 (2008–2009) og Innst. S. nr. 12 (2008–2009) Om fullmakt til å ta opp statslån o.a., og utlån av statspapir med trygd i eller byte med obligasjonar med fortrinnsrett. Det er i 2012 bokført 4,5 mrd. kroner i vederlag under ordninga (jf. kapittel 5605, post 85) og 2,7 mrd. kroner i utgifter (bokført som del av kapittel 1650, post 89). I kapitalrekneskapen per 31.12.2012 er mottekne obligasjonar med førerett bokførte på eigedelssida med til saman 133,4 mrd. kroner (kontogruppe 6250). Statskassevekslar knytte til ordninga er bokførte på gjeldssida med 127,4 mrd. kroner (kontogruppe 8055). Kurs- og tryggingselement er bokførte med om lag 7,0 mrd. kroner (kontogruppe 78).

Per 31.12.2012 var statsgjelda 617,2 mrd. kroner, jf. vedlegg 3, tabell 3.1 og 3.3. Nærare omtale av statens lån i kapitalmarknaden og staten som netto kravshavar står i Prop. 33 S (2011–2012) Fullmakt til å ta opp statslån o.a.

4.3 Garantiar

Staten kan ikkje gje garantiar som kan føra til tap i seinare terminar, utan at Stortinget har gjeve ei garantifullmakt. Dette gjeld garantiordningar der staten garanterer for at låntakarar oppfyller skyldnadene sine overfor långjevarar.

Tabell 4.3 syner samla garantiansvar etter departement for 2011 og 2012. Per 31.12.2012 har staten gjeve garantiar med eit samla garantiansvar på 144,1 mrd. kroner. Dette er 7,4 mrd. kroner meir enn i 2011. Under Nærings- og handelsdepartementet auka ansvaret i 2012 med 10,8 mrd. kroner, og det meste gjeld Den allmenne garantiordninga og Gammal allmenn ordning under GIEK. Samla garantiansvar under Utanriksdepartementet minka med 0,5 mrd. kroner. Garanti for grunnkapitalen i Den nordiske investeringsbanken under Finansdepartementet minka med 2,9 mrd. kroner. Samla utbetalingar ved tap på garantiar i 2012 var på 26,1 mill. kroner. Under Den allmenne garantiordninga og Gammal allmenn ordning er det utbetalt 24,9 mill. kroner på grunn av tap.

Vedlegg 4 inneheld meir informasjon om dei ulike garantiordningane.

Tabell 4.3 Samla garantiansvar for staten per 31.12.2012 (tal i mill. kroner)

Garantiansvar per 31.12.2011

Utbetalt ved tap i 2012

Garantiansvar per 31.12.2012

Utanriksdepartementet

18 232,0

0,7

17 686,4

Arbeidsdepartementet

238,6

233,9

Helse- og omsorgsdepartementet

5,7

4,6

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

3,7

3,3

Nærings- og handelsdepartementet

95 534,7

24,9

106 316,1

Samferdselsdepartementet1)

6 094,6

6 052,8

Fiskeri- og kystdepartementet2)

118,8

0,5

240,2

Finansdepartementet

16 501,7

13 560,0

Sum

136 729,8

26,1

144 097,3

1) Garantiansvaret per 31.12.2011 vart rapportert 56 mill. kroner for lågt. Sjå tabell 4.1 Garantiansvar i vedlegg 4.

2) Garantiansvaret per 31.12.2011 var ved ein feil ikkje rapportert til statsrekneskapen for 2011 og var difor ikkje ført opp i garantioversikta for 2011. Sjå tabell 4.1 Garantiansvar i vedlegg 4.

4.4 Prinsipp for føring av statsrekneskapen

Desse hovudprinsippa ligg til grunn for statsrekneskapen:

  • Statens løyvingsrekneskap og balanse vert ført etter kontantprinsippet, i samsvar med løyvingsvedtak i Stortinget.

  • Rekneskapen vert kvart år sett opp med rekneskapstermin frå 1. januar til 31. desember. Han skal òg innehalda eit oversyn over garantiar, tilsegnsfullmakter og bestillingsfullmakter som gjeld per 31. desember.

  • Løyvingsrekneskapen vert sett opp etter den inndelinga som Stortinget har fastsett for budsjettet.

  • Løyvingsrekneskapen vert ført etter bruttoprinsippet, slik at inntekter og utgifter vert sette opp kvar for seg.

  • Transaksjonar skal førast med verdien på betalingstidspunktet. Verdien i kapitalrekneskapen vert sett til historisk verdi på transaksjonstidspunktet. Eit unnatak er Statens pensjonsfond, som nyttar marknadsverdi.

  • Lånetransaksjonar på 90-postar i løyvingsrekneskapen (lån, tilbakebetalingar m.m.) vert førte i kapitalrekneskapen som auke/nedgang i statens eigedelar og gjeld.

  • Statsrekneskapen er bygd på fullstendig rapportering frå alle statlege verksemder som rapporterer til statsrekneskapen, og rapportering frå kvart departement. Tala i rekneskapen og statlege verksemders mellomvære med statskassa er stadfesta av kvart departement.

  • Rapporterte betalingar i kvar verksemd er avstemte mot statens konsernkontosystem i Noregs Bank.

  • Statens løyvingsrekneskap vert gjord opp med eit brutto finansieringsbehov, jf. tabell 1.6. Brutto finansieringsbehov går fram av kap. 5999 Statslånemidlar og vert ført mot konto for forskyving i balansen (eigenkapitalen) i kapitalrekneskapen. Tabell 1.14 i vedlegg 1 syner samanhengen mellom finansieringsbehovet og faktisk endring i kontantbehaldninga.

Til forsida