Meld. St. 31 (2012–2013)

Verksemda til NSB AS

Til innhaldsliste

6 NSB sine planar for 2013–2017

I den strategiske planen, som rullerer kvart år og blir lagd fram for samferdselsministeren i samsvar med § 10 i selskapsvedtektene, beskriv NSB planane til konsernet for dei kommande fem åra. § 10-planen er vedlagt denne stortingsmeldinga. I samband med arbeidet med Nasjonal transportplan (NTP) 2014–2023 har NSB utarbeidd dokumentet «Oftere, raskere og mer miljøvennlig», som er eit innspel i arbeidet med NTP. I dette dokumentet viser NSB korleis toget kan vere ein del av løysinga på utfordringane som følgjer av ein venta stor befolkningsvekst i og omkring dei største byane i landet.

Regjeringa er einig med NSB i at tog gir størst nytte der det er store trafikkstraumar. Grensekostnadene er små når togtilbodet først er etablert. Det er størst miljøgevinst ved å satse på elektriske tog og der trafikantnytten er størst. Derfor legg regjeringa i NTP opp til at jernbanen skal ha ei sentral rolle når det gjeld å forbetre tilbodet for arbeidsreiser i lokal- og regionaltrafikken rundt dei større byområda.

6.1 Konsernet

I samsvar med formålsparagrafen til NSB skal selskapet drive persontrafikk med tog i Noreg, transport av personar og gods i Noreg og andre nordiske land og verksemd som står i naturleg samanheng med dette. NSB legg i § 10-planen opp til å vidareføre konsernet med verksemdsområda persontrafikk og godstrafikk med jernbane, buss, eigedom og togvedlikehald. NSB vil framleis kunne vere ein leiande norsk aktør i transportmarknaden og eit alternativ til dei store internasjonale transportselskapa. Det vil særleg vere viktig ved ei eventuell liberalisering av persontransport med tog, i tillegg til buss. Det vil vere mogleg å utnytte kompetansen frå dei ulike verksemdsområda, ta ut stordriftsfordelar og spreie risikoen.

Regjeringas vurdering

Regjeringa støttar opp om NSB som eit breitt transportkonsern, men legg vekt på at det primære målet til staten er å sørgje for eit velfungerande transporttilbod for personar og gods på jernbane i Noreg. Selskapet kan drive verksemd som står i naturleg samanheng med dette og som styrkjer dette tilbodet finansielt, kompetansemessig eller på annan måte.

Innanfor dei rammene staten som eigar set, ventar regjeringa at alle einingar i konsernet arbeider for å innfri forventingane til kundane og drive kostnadseffektivt.

6.2 Persontog

NSB ønskjer å bidra til at kollektive transportmiddel skal ta auken i trafikkveksten i byområda. NSB reknar med at dette inneber behov for ein årleg trafikkvekst på om lag 3,5 prosent for persontrafikken på jernbanen, noko som vil krevje ein kraftig kapasitetsauke i materiellparken og i infrastrukturen.

Stortinget har dei seinare åra løyvd store beløp for å betre kapasiteten og kvaliteten i infrastrukturen på strekninga Asker-Lysaker og i Oslo-tunnelen. Det auka togtilbodet i desember 2012 og desember 2014 er gjort mogleg gjennom å skaffe 50 nye togsett til intercity-trafikken og lokaltrafikken i Oslo-området. Desse setta skal delvis erstatte gammalt materiell som blir utrangert, og delvis auke kapasiteten gjennom ein vesentleg større materiellpark. Ut over dette er det bestilt 16 nye lokaltogsett som skal leverast frå 2014. 14 av dei vil erstatte 30 år gamle togsett. Dei nye togsetta skal utstyrast med det nye signalsystemet ERTMS, som vil bli innført på det norske jernbanenettet. Togsetta vil mellom anna trafikkere den austre linja på Østfoldbanen, som skal vere prøvestrekning for ERTMS-utbygginga. Anskaffinga av nye togsett skal harmonisere med føresetnadene i avtalane med Samferdselsdepartementet om offentleg kjøp. Staten har gitt NSB ein restverdigaranti som reduserer NSB sin risiko i samband med anskaffingane, sidan levetida til det rullande materiellet langt overstig lengda på den enkelte trafikkavtalen.

I § 10-planen og i innspelet til Nasjonal transportplan har NSB òg skissert behova for ytterlegare materiellanskaffingar. Desse vil vere avhengige av ambisjonane for offentleg kjøp etter 2017, når den noverande trafikkavtalen går ut, og av at ein rekkje infrastrukturprosjekt blir ferdigstilte. I tillegg kjem utskiftingsbehov som følgje av at materiellet når teknisk/økonomisk levealder. I planane ligg leveranse av 30 nye togsett frå 2018 og utover. Det vil krevje at finansiering og restverdisikring blir avklart mellom NSB og staten ved Samferdselsdepartementet. Investeringa i 30 togsett er berekna til 2,6 milliardar kroner.

Regjeringas vurdering

Som det går fram av NTP er regjeringa einig med NSB i at ein oppnår mykje samfunnsnytte ved å sørgje for at mest mogleg av pendlartrafikken til og frå dei største byane blir avvikla med tog, og at selskapet må prioritere dette. Det er likevel òg selskapet si oppgåve å binde saman resten av landet på ein trygg og påliteleg måte med minst mogleg miljøbelasting. Regjeringa føreset at NSB har eit nært samarbeid med fylkeskommunane om ruteopplegg, takstar og knutepunkt. Eit betre samspel mellom tog og ekspressbussrutene til Nettbuss vil gjere kollektivtrafikken meir attraktiv og samtidig styrkje lønnsemda til NSB-konsernet. Men konkurranselovgivinga, reglane for offentlege anskaffingar og statstøttereglane set grenser for kva tiltak det er mogleg å gjennomføre.

Persontogverksemda i Sverige (Svenska Tågkompaniet AB) skal støtte NSB finansielt og må forbetre resultatet. Tala frå 2012 indikerer at det vil kunne lykkast. Regjeringa legg elles til grunn at persontrafikkverksemda skal drivast forretningsmessig, og at staten sitt bidrag skal vere langsiktige avtalar om offentlege kjøp, som føreset ei løpande effektivisering av drifta og betydeleg kostnadsdisiplin.

Regjeringa vil vidareføre NSB si rolle som det nasjonale jernbaneselskapet i landet. Det blir difor ikkje lagt opp til å innføre konkurranse for innanlandsk persontrafikk no. Dersom det føreliggjande forslaget til Jernbanepakke 4 frå EU-kommisjonen skulle bli vedteke, ville det krevje at fri konkurranse blir innført seinast frå desember 2019. Forslaget legg vidare opp til at det heller ikkje vil bli tillate med direktetildeling av kontraktar om offentleg kjøp. Det er likevel høgst usikkert korleis det endelege direktivet kjem til å lyde, ettersom det er stor usemje blant medlemslanda. Regjeringa vil ta stilling til vidareføring av konkurranse på Gjøvikbanen i god tid før kontrakten med NSB Gjøvikbanen AS går ut i 2016.

I januar 2013 blei det inngått ein avtale med Flytoget AS (som staten eig ved Nærings- og handelsdepartementet) som presiserer rettane og pliktene til selskapet i tråd med tidlegare stortingsvedtak og i samsvar med kollektivtrafikkforordninga til EU. Det inneber at NSB ikkje kan drive rein tilbringartransport til Oslo lufthamn Gardermoen, men at flyplassen kan betenast av NSB-tog som primært rettar seg mot andre reisande.

6.3 Godstog

CargoNet satsar primært på transport av konteinarar og semitrailerar mellom dei største norske byane, til Nord-Noreg og til og frå utlandet. I tillegg køyrer dei systemtog for treforedlingsindustrien og annan industri, og tanktog med flydrivstoff til Oslo lufthamn Gardermoen.

Utfordringa for selskapet er å få lønnsam drift i ein vanskeleg konkurransesituasjon. Den relative konkurransekrafta mot lastebiltrafikken er svekt som følgje av betre vegar og lågare prisar på lastebiltransport. I tillegg har det dei siste åra vore ei rekkje stengingar på jernbanen på grunn av feil i infrastrukturen, noko som har redusert inntektene til selskapet, auka kostnadene og svekt tilliten frå transportkjøparane.

Frå 2012 køyrer ikkje CargoNet interne svenske ruter. Dette og andre rasjonaliseringstiltak har gitt ei kraftig, men ikkje god nok resultatforbetring. Selskapet vil derfor måtte arbeide vidare med å tilpasse transporttilbodet, utnytte ressursane betre og få fleire lønsame kontraktar.

Regjeringas vurdering

Regjeringa ønskjer meir gods frå veg til bane og arbeider for å gjere infrastrukturen meir påliteleg og gjere det mogleg å køyre lengre tog. I NTP er det foreslått å sikre betre konkurranseforhold i godstogbransjen ved å leggje ansvaret for terminaldrift til Jernbaneverket. Før ein endeleg avgjer dette skal dei økonomiske konsekvensane ved at Jernbaneverket må kjøpe eller leige grunn og utstyr frå NSB avklarast.

Det er viktig for staten at CargoNet opererer i marknaden på lang sikt, då det truleg er vanskeleg for konkurrentane å etablere eit like omfattande godstogtilbod. Regjeringa støttar derfor tiltaka til selskapet som er eigna til å betre lønnsemda.

6.4 Buss

Nettbuss har i dag vel 30 prosent av den norske bussmarknaden. Det meste av lokaltrafikken er anbodsutsett, og resten kjem til å bli det i løpet av få år. Nettbuss har ikkje ambisjonar om å oppnå ein særleg større marknadsdel. Derimot har konsernleiinga opplyst at dei vil konsentrere seg om å vinne anbod på rutetrafikk som sikrar ei tilfredsstillande avkasting av investeringane og leveransar av god kvalitet. I Sverige og Danmark er det potensial for ein høgare marknadsdel, men også her er kravet til lønnsemd i kontraktane overordna. Ekspressbuss-strategien byggjer på ei satsing med Nettbuss som hovudvaremerke. Eit ledd i denne strategien er å gå ut av marknadssamarbeidet i NOR-WAY Bussekspress for å stå friare til å kunne utvikle eit attraktivt ekspressbussnett i Skandinavia.

Regjeringas vurdering

Regjeringa meiner at Nettbuss er ein viktig del av NSB-konsernet, men føreset at selskapet arbeider med å betre lønsemda. Heile bussbransjen er prega av låg lønnsemd, og det er ikkje haldbart på lengre sikt. Regjeringa ventar at det stillast større krav til lønnsemda ved anbodsinnlevering.

6.5 Eigedom

NSB sitt dotterselskap Rom Eiendom AS eig areal og bygningar i tilknyting til stasjonar og godsterminalar. Tyngdepunktet av eigedomsverksemda er knytt til dei største byane i Sør-Noreg. Strategiske eigedommar ønskjer ein å behalde til bruk for konsernet og til utleige til formål som støttar opp om transportverksemda til konsernet og annan kollektivtrafikk. Stasjonsområda blir utvikla vidare til knutepunkt med trafikkfunksjonar, butikkar, bustader og næringsareal. Det gir dei reisande ein enkel overgang mellom transportmidla og bidreg positivt til å utvikle sentrum på staden. Inntektene frå eigedomsverksemda styrkjer NSB-konsernet finansielt.

Regjeringas vurdering

Det er sentralt for regjeringa at eigedomsverksemda kompletterer utbygginga av jernbaneinfrastrukturen. Regjeringa meiner at eigedomsverksemda på ein bra måte bidreg til at NSB løyser samfunnsoppdraget sitt, som er å sørgje for effektiv, tilgjengeleg, sikker og miljøvennleg transport. Ei god sentrumsutvikling omkring stasjonane vil gi eit meir berekraftig samfunn fordi det reduserer det samla transportbehovet. Satsinga på miljøbygg trekkjer i same retninga. Gode knutepunkt er nødvendig for å gjere toget til eit attraktivt transportmiddel og er ein naturleg del av reisekjeda. At eigedomsverksemda gir NSB-konsernet ei tryggare økonomisk plattform, er viktig for staten som eigar.

Det er heilt nødvendig å tilpasse eigedomsverksemda til dei eksisterande og framtidige behova til jernbanedrifta. Det krev eit nært og konstruktivt samarbeid med Jernbaneverket. Regjeringa føreset at planar og tiltak skal avklarast mellom Rom Eiendom og Jernbaneverket før dei blir lagde fram for andre. Areala må utnyttast på ein måte som er til beste for passasjerane og godskundane. Så lenge det ikkje er aktuelt med fri konkurranse om innanlands persontrafikk, meiner regjeringa at det gir størst nytte å ha Rom Eiendom som eit dotterselskap i NSB-konsernet.

6.6 Togvedlikehald

Hovudtyngda av togvedlikehald er knytt til driftspausebasert vedlikehald. Nyare tog har gjerne noko lengre vedlikehaldsintervall, og vedlikehaldsomfanget blir mindre når togparken blir fornya. På den andre sida blir togparken til NSB Persontog større, så det samla omfanget blir ikkje vesentleg endra.

Det er òg ein interessant marknad utanfor landegrensene. Mantena er etablert med dotterselskap og eit deleigd selskap i Sverige som har vist seg å vere konkurransedyktig. Verksemda i Sverige har bidrege til kompetanseheving i dei norske verkstadene. Selskapet har planar om å delta i anbod i Sverige og Noreg, men NSB Persontog og CargoNet vil bli prioritert.

Regjeringas vurdering

Så lenge omsetninga frå eksterne kundar ikkje overstig 20 prosent av den samla omsetninga, er det ikkje nødvendig å setje NSBs kjøp av vedlikehaldstenester ut på anbod. Regjeringa meiner at dette har prinsipiell betyding, og krev å bli orienterte dersom det er sannsynleg at prosentdelen vil overstige 20.

Til forsida