Meld. St. 23 (2020–2021)

Musea i samfunnet — Tillit, ting og tid

Til innhaldsliste

Del 1
Utviklingstrekk og status

2 Historisk og kulturpolitisk inngang til musea i samfunnet

Figur 2.1 

Figur 2.1

Framvoksteren av museum som samfunnsinstitusjonar har røter både i framdyrking av kunnskap og forståing, og i kunnskapens rolle i maktutøving og samfunnsutvikling til ulike tider. Etymologisk heng ordet saman med det greske ordet muse, gudinnene for kunst og kunnskap, og museum vert ein stad for lærdom og inspirasjon. Men museumspraksis er ikkje minst knytt til det å samla og det å syna fram samlingar. Både å samla inn og å syna fram, er prosessar som inneber inkludering og ekskludering. Noko vert valt inn, og noko anna vert valt bort. Med dette fylgjer makt til å velja ut historier, perspektiv og innfallsvinklar. Med det igjen fylgjer ansvaret for den sjølvhevdinga som ligg i slik framsyning, anten det er av stordom og prakt gjennom kunst og unikum, levevilkår i det gamle bondesamfunnet eller framtidsvisjonar i ny teknikk. Musea skaper historia og påverkar på den måten sjølvforståing og identitet.

Kunnskapsdanning og forvalting av framstillingsmakt er såleis to sentrale liner å forstå museumsutviklinga langs, både her til lands og internasjonalt. Tilhøvet mellom desse to rollene kan seiast å vera ein grunnleggjande dynamikk både for arbeidet som vert gjort i musea, og for musea sin relasjon til omverda, ubunde av storleik, organisering og fagområde ved dei ulike institusjonane.

2.1 Kort museumshistorikk

Museumssoga vert gjerne dregen attende til kongelege og kyrkjelege samlingar i kuriosakabinett og kunstkammer, som seinare vart viktige delar av dei mange, store, nasjonale musea rundt i Europa. Sentralt er òg framvoksteren av lærde samlingar med vitskapleg føremål, som vart utgangspunkt for etablering av fleire universitet, også her til lands. Som så mange av dei berande institusjonane i samfunnet i dag, må musea sjåast i samanheng med framvoksteren av den borgarlege offentlegheita som kjenneteiknar det moderne samfunnet og dei samfunnsstrukturane som høyrer til. Saman med institusjonar som universitet, bibliotek, arkiv og kunstinstitusjonen, er musea trygt rotfesta i ein lang tradisjon for danning og foredling av tanke, kultur og samfunn frå opplysingstida og fram til i dag. Samling for å byggja kunnskap, men òg særeigne opplevingar knytte til unike og spesielle gjenstandar, har fylgt museumsstellet gjennom historia. Kven denne kunnskapen, og desse opplevingane, har nådd og vore tilgjengeleg for, har derimot endra seg mykje gjennom tida.

2.1.1 Museumsutvikling i Noreg

Utviklinga av musea og museumslandskapet i Noreg står i ein europeisk tradisjon med røter attende i fleire, overlappande museumshistorikkar. Delar av utviklinga er likevel peika på som ein særeigen nordisk museumstradisjon. Dei eldste musea her til lands sprang ut ifrå akademisk-vitskaplege motiv med innsamling for forsking på natur- og kulturhistorie. Desse musea vart utgangspunkt for vitskaplege institusjonar som etter kvart vart ein del av universiteta både i Bergen, Oslo og Trondheim. Å gjera desse samlingane kjende og tilgjengelege for eit allment publikum, var ikkje drivande for samlingsarbeidet. Likevel er den samansette verdien av museumssamlingar for ulike typar publikum innskriven alt i det omfattande programmet for Bergens Museum i 1825. Der heiter det:

Nytten af en saadan Samling lader sig ikke forud i det Hele beregne; men høist sandsynligt er det: at Samlingen vil kunne tjene til at udbrede Lys i den norske Historie, og at redde fra Undergang Minder om Fortiden: at lære nøiere at kjende en eller annen af de Skatte, som Klipperne, Jorden eller Havet indeslutte, og at give Anledning til, at Landets Indbyggere høste Fordele deraf: at udbrede Smag og Sands for Naturens Studium: at give Indenlandske og Fremmede, som besøge Bergen, Leilighed til, paa en let og behagelig Maade at gjøre sig bekjendte med nogle af de Mærkværdigheder, som Stiftet har at Fremvise; og at lette Videnskabsmænd de besværlige, ofte lidet hensigtssvarende Reiser, de stundom foretage i Stiftets forskjellige Egne, samt anspore dem til andre, heldigere Resultater lovende, Reiser og Undersøgelser, m.v.1

Verdien av dette tidlege samlingsarbeidet, var altså både å ta vare på kulturminne, spreia kunnskap om natur og historie, visa fram særeigne ting til besøkande, og leggja til rette for vitskapleg arbeid. Dette er eit program som på mange måtar passar for dei fleste musea i dag med, jamvel om mange av premissane rundt verksemda har endra seg. Desse fyrste musea vert gjerne omtala som universalmuseum, der tinga som vart samla inn, vart forstått som eksemplar frå natur- og kulturvitskaplege system som kunne studerast og forståast.

Samling og framsyning av ulike former for kunst, unikum og særskild verdfulle og vakre gjenstandar, har vore ein viktig del av museumsinstitusjonen gjennom tidene. Jamvel om kunst ofte inngår i samlingane ved mange museum, er kunstmuseum på mange måtar ein eigen museumstradisjon. Tidleg var dei ein læreanstalt for estetisk oppseding, tett forbunde med kunstutdanning. I Noreg er kunstmuseet den fyrste museumsskipinga staten engasjerer seg i, og det alt i 1836, med etableringa av Nasjonalmuseet, seinare Nasjonalgalleriet, i Oslo. Når det gjeld kunstindustrimusea, voks desse fram i 1870- og 1880-åra og vart skipa her i landet parallelt med etableringa elles i Europa.

Mot slutten av 1800-talet voks det fram ein annan og supplerande museumspraksis, som har prega det norske museumslandskapet. Denne museumstradisjonen er gjerne kalla folkemuseumsparadigmet og representerer det svært mange i dag forbind med museum. Det gjeld bygdetun og framstilling av lokale og regionale byggjeskikkar og folkekultur. Innsamlingspraksisen knytt til desse samlingane, er langt meir brokete og mangfaldig enn det som låg til grunn for innsamlingar til dei vitskaplege samlingane eller til kunstmusea. Dels finst det ein systematikk som kan likna ei vitskapleg tenking, til dømes i samlingar som skulle spegla heile landet, slik idealet var for Norsk Folkemuseum, eller eit heilt dalføre, slik målet var med De Sandvigske Samlinger på Maihaugen. Dels voks samlingane fram gjennom systematisk innsamling frå einskildpersonar, blanda med gåver frå lokale og regionale gjevarar. Slik vart folkemuseumsparadigmet òg eit paradigme som var rotfest i museumslag og publikum. Mange av musea her i landet er difor resultat av kollektiv innsats og deltaking heilt frå det tidspunktet dei vart etablerte. Dette har gjort at store delar av museumssektoren i dag er tufta på sterkt lokalt eigarskap og engasjement.

Nokre av dei eldste musea her i landet er museum for spesialiserte emneområde og sektorar. Døme på dette er eigne museum knytte til forsvaret og forsvarshistoria, jernbanemuseum for jernbanehistoria og museum for fiskeri og sjøfart. Utover 1900-talet auka etableringa av slike museum knytte til grunnleggjande infrastruktur for samfunnsutvikling, som post, jernbane, telekommunikasjon, medisin, veg, justis og olje. Framleis er nokre av desse rekna som etatsmuseum for sine samfunnsområde, med særleg ansvar for utviklingshistoria innanfor desse. Utover 1990-talet og 2000-talet vart det òg etablert fleire tematiske museum der grupper som har vore underrepresenterte i nasjonale og regionale institusjonar, vart lyfte fram. Døme på slike er Norsk døvemuseum, Kvinnemuseet og Interkulturelt museum, og dessutan museum for samisk kultur og nasjonale minoritetar.

Mange av spesialmusea, til liks med kunstindustrimusea, kan sjåast i samanheng med det som gjerne vert kalla modellmuseum. Denne museumstypen voks fram utover 1800-talet og var forankra i ynskje om å visa fram modellar for framtidig utvikling og nye handlingsrom i teknologi, næring og kunnskap. Også museum for emneområde innan teknikk og industri høyrer til denne kategorien. Norsk Teknisk Museum vart til dømes skipa i 1914, mellom anna for å syna fram teknikken som ei samfunnsformande kraft, og korleis han både verka og hadde utvikla seg. Framsteget, snarare enn tilbakeblikket, kan seiast å vera eit grunnleggjande perspektiv i slike museumsetableringar. Slik sett er samtida sine refleksjonar over seg sjølv og visjonar for framtida like sentrale drivkrefter for museum som samfunnsinstitusjon som oppbevaring og framsyning av materiale frå fortida.

2.1.2 Samiske museum

Gjenstandar frå samisk kultur vart lenge handterte som etnografisk materiale og forvalta og formidla av og ved universitetsmusea i Oslo og Tromsø. Også Norsk Folkemuseum samla samiske kulturgjenstandar alt frå opprettinga i 1894 og skipa i 1951 ei eiga samisk avdeling. Skipinga av samiske museum, på eigne samiske premissar, er eit nyare fenomen, som heng saman med aukande samisk sjølvkjensle og auka politisk og allmenn forståing for urfolksrettar og retten til eigen kulturarv og historieframstilling. I dag finst det seks samiske museumseiningar. Fire ligg i Troms og Finnmark fylke, ei i Nordland og ei i Trøndelag. Dei fleste av dei konsoliderte einingane har fleire formidlingsarenaer.

Medvitet kring eigne rettar for urfolk, basert på tradisjonelle historiske tilhøve, steig i etterkrigstida og felles for dei fleste samiske musea er at dei samiske samfunna sjølve gjekk føre i utviklinga av dei. I forlenginga av at Stortinget formelt oppheva fornorskingspolitikken i 1962, var det ein sterk motivasjon i fleire delar av dei samiske samfunna til å byggja opp sjølvstendige institusjonar som samiske medium og kulturhus, som kunne stadfesta og styrkja samisk identitet. Oppbygging av samiske museum vart ein del av denne utviklinga, mellom anna for å kunna dokumentera og ta vare på samisk kultur og kulturarv. Utgangspunktet for fleire av dei samiske musea var difor samlingar av gjenstandar samla inn av samiske kulturforeiningar og museumslag, som vart skipa frå 1960-talet og framover. I mellomkrigstida byrja ein å ta vare på samisk kunsthandverk (duodji) og å samla på arbeid frå samiske kunstnarar. Denne samlinga kom inn i eige bygg i Karasjok då De Samiske Samlinger vart etablert i 1972, som det fyrste samiske museet i Noreg.

Det er også samling av gjenstandar som ligg til grunn for skipinga av Porsanger museum og Nord-Troms Museum, som i dag ikkje er reine samiske museum, men som begge formidlar kulturmøta mellom det kvenske/norskfinske, samiske og norske i regionen. Desse musea voks òg fram med utgangspunkt i historie- og museumslag, oppretta på 1960- og 70- talet.

Dei samiske lokalsamfunna har i mange tilfelle vore for små til å utvikla spesialiserte institusjonar, slik museum er. Løysinga har i fleire tilfelle vore å samlokalisera til dømes museum, bibliotek, språksenter, vaksenopplæring, arkiv og barnehagar. Samverke i slike breie kulturfaglege institusjonar skil dei samiske musea frå dei aller fleste andre musea i Noreg, og gjev eit særeige utgangspunkt for arbeidet med samisk kulturarv og samiske språk.

Boks 2.1 Samiske museum

Figur 2.2 Nybygget for Saemien Sijte på Snåsa er under oppføring og skal etter planen stå klart for innflytting ultimo 2021.

Figur 2.2 Nybygget for Saemien Sijte på Snåsa er under oppføring og skal etter planen stå klart for innflytting ultimo 2021.

Foto: Trønderplan AS.

Dei samiske musea er samla i seks konsoliderte museumssidaer som dekkjer eit område frå Innlandet fylke i sør til den russiske grensa i nordaust. Verkeområdet strekkjer seg òg inn i områda for den skoltesamiske kulturen i Finland og Russland. I 2019 hadde dei samiske musea i overkant av 40 faste årsverk til disposisjon. Fem av musea er ein del av samiske kultursenter. Fire av dei konsoliderte einingane er organiserte som stiftingar og to som aksjeselskap. Sametinget har frå 2002 hatt forvaltningsansvaret for dei samiske musea. Dei seks museumssidaene er:

Saemien Sijte – Sørsamisk museum og kultursenter, Snåsa kommune, Trøndelag.

Museet har det museale ansvaret for det sørsamiske området. Senteret har mellom anna to tilsette med doktorgrad i arkeologi, driv dokumentasjonsprosjekt med involvering av tradisjonsberarar og deltek i forskingsprosjekt om sørsamiske kulturminne. Saemien Sijte er også arrangør av den sørsamiske kulturfestivalen Tjaktjen Tjåanghkoe.

Árran – Julevsáme guovdásj / Lulesamisk senter, i Hamarøy kommune, Nordland.

Verksemda driv både museum, kulturhus, språksenter og barnehage. Árran har museumsansvar for lulesamisk og pitesamisk område. Senteret har mellom anna hatt fokus på vanskelege historier. Árran har nyleg teke imot Hans Ragnar Mathisen si kunstsamling og arkiv.

Várdobáiki Sámi guovddáš / Várdobáiki samiske senter, Tjeldsund kommune, Nordland.

Senteret rommar museum, kulturhus og språksenter, og driv helseprosjekt. Várdobáiki museum skal ta vare på markasamisk, sjøsamisk og reindriftssamisk kulturarv i regionen. Gállogiedde samiske friluftsmuseum er ein del av Várdobáiki, og senteret arbeider med bygningsvern- og kulturminneprosjekt, mellom anna gjennom kursverksemd.

Davvi álbmogiid guovddáš – Dálááiggi musea / Senter for nordlige folk – Samtidsmuseet, Kåfjord kommune, Nord-Troms.

Senteret er eit samisk kulturhus, museum og urfolkssenter med Sápmi og nordområda som arbeidsområde. Senteret skal styrkja og utvikla sjøsamisk språk, kunst og kultur. Dálááiggi musea – Samtidsmuseet skal dokumentera og kommunisera kunst- og kulturuttrykk og samtidshistorier hjå nordlege urfolk, med utgangspunkt i regionale samiske kulturar og historier i området i nordlege og midtre delar av Troms.

RiddoDuottarMuseat (RDM), Vest-Finnmark.

Stiftelsen RDM består av fire museum; De Samiske samlinger, Kokelv sjøsamiske museum, Porsanger museum og Kautokeino bygdetun. Verksemda spenner frå kulturhistorie, bygningsvern, samisk museumsterminologi, digitalisering og samisk kulturarv. Museet forvaltar òg Sametingets kunstsamling, og arbeider for å kunna realisera eit Samisk kunstmuseum.

Deanu ja Várjjat Museasiida / Tana og Varanger Museumssiida, Aust-Finnmark.

Stiftelsen Tana og Varanger Museumsiida omfattar Tana museum, Varanger samiske museum (Nesseby), Saviomuseet og Ä’vv Skoltesamisk museum (dei to siste i Sør-Varanger kommune). Museumseininga gjennomfører skjøtsel på Ceavccageađge/Mortensnes kulturminneområde og i Skoltebyen i Neiden. Siidaen deltek mellom anna i internasjonalt arbeid, særleg i Barentsregionen, arrangerer den årlege marknaden Vuonnamárkanat, og forvaltar ei stor kunstsamling av kunstnaren Johan Andreas Savio (1902–1938).

2.1.3 Musea og publikum

At musea er opne for, og aktivt vender seg mot, eit ålment publikum, vert gjerne peika på som eit kjenneteikn ved moderne museumsdrift. Der dei tidlege museumsinstitusjonane fyrst og fremst var tilgjengelege for ei lita og privilegert gruppe i samfunnet, forventar ein i dag at musea arbeider målretta for å nå breitt ut til stadig fleire. Innsamlingsdelen i museumsarbeidet har alt frå eit tidleg tidspunkt likevel vore eit samspel med publikum. Alt i den tidlegaste museumsdanninga var både skuleborn og andre lokale, frivillige involverte i innsamling av steinar, planter, dyr og insekt til dei vitskaplege samlingane som vart bygde opp. På same måten vart mange av folkemusea til gjennom frivillig arbeid og lokal, kollektiv innsats. Likevel var den fysiske og pedagogiske tilgangen til samlingane for eit større publikum, lenge noko musea ikkje arbeidde like mykje med.

Eit viktig vendepunkt i forståinga av musea som samfunnsinstitusjonar er sett til tida før fyrste verdskrigen. I tillegg til å vera kunnskapsinstitusjonar, vart musea då i aukande grad òg forstått som sosiale institusjonar. Formidling og utstillingspraksis vende seg mot eit større publikum og la opp besøksopplegg og presentasjonar etter dette. Samstundes voks musea fram som læringsarena for skuleborn. Tilhøvet mellom musea og skuleverket har utvikla seg i takt med endringar i både skulepolitikk, kulturpolitikk og pedagogiske teoriar. Kunstmusea var tidleg ute, og Foreningen Kunst i skolen vart etablert alt i 1902. Men frå 1930-talet kan ein snakka om ein viss kontinuitet i samspelet mellom musea og skulen også utover aktiviteten i kunstmusea. Musea som alternative læringsarenaer, fyrst i historieundervisninga, men seinare på mange andre fagområde, har vore ein del av argumentasjonen for, og utviklinga av, museumspedagogikk som fagområde. Musea og utdanningssektoren har hatt felles mål om å byggja kunnskap, auka opplysing og danning gjennom historia. Slik har dei vore institusjonar i eit større kollektivt kunnskapsmaskineri og vore knytte til kvarandre på ulike måtar, forankra i ein felles identitet som kunnskapsstader og danningsinstitusjonar. Med innføringa av Den kulturelle skulesekken er tilgangen til kulturarv for alle skuleelevar sett i system over heile landet. Det er litt ulikt kva rolle musea spelar i ordninga i ulike regionar, men mange stader vert musea brukte aktivt. Born og unge har vorte ei viktig målgruppe for alle museum, og formidlinga sin plass i museumsdrifta har vakse, i takt med endringar både i musea si sjølvforståing, i samfunnet og i politikken.

2.2 Musea i politikken

Mangfaldet av museum har på ulike måtar vorte ein del av det offentlege sitt ansvar. Svært mange museum er tufta på samlingar som vart etablerte utan noka form for offentleg styring eller finansiering. Museumspolitikken er difor prega av korleis sektoren historisk har vakse fram. Staten løyvde tidleg midlar til eit nasjonalmuseum for kunst. Likevel er det berre dei siste femti-seksti åra ein kan snakka om ein aktiv offentleg museumspolitikk med tilhøyrande forvaltning. I St.meld. nr. 22 (1999 – 2000), Kjelder til kunnskap og oppleving, også kalla ABM-meldinga, vart dette omtala slik:

Eit viktig trekk ved det samla norske museumslandskapet er dei mange små, sjølvstendige einingane som er spreidde utover heile landet. […] Den viktigaste oppgåva for det offentlege har vore å løyva driftsmidlar og yta investeringstilskot. Påbod, reguleringar eller samordnande planar har i liten grad prega museumsarbeidet, med unnatak av dei delane som er integrerte i lovforvaltninga i samband med lov om kulturminne.2

Det er vanleg å hevda at den aktive kulturpolitikken her i landet fyrst fekk form og tyngd etter andre verdskrigen. Investering i kulturell infrastruktur som institusjonsdanning, bygg og utdanningar vart ein del av oppbygginga av velferdsstaten. Musea var ein naturleg del av ein kultursektor i vekst, som det offentlege tok eit stadig større økonomisk ansvar for. Likevel var det få overordna krav og føringar for sektoren som heilskap. Stiftinga av ICOM i 1946/47, og seinare retningsliner og definisjonar utarbeidde der, har difor lenge vore vel så formande for den museumsfaglege utviklinga i sektoren, som museumspolitiske signal frå statleg hald.

Eit samlande grep mot ein meir heilskapleg museumspolitikk kom på plass gjennom innføringa av ei ny finansieringsordning for musea, med tilhøyrande retningsliner, i 1975. Ordninga fall saman med ei dreiing av den generelle kulturpolitikken mot meir lokal og regional forankring, eigenaktivitet og eit utvida kulturomgrep. Kultur som forvaltningsområde vart systematisk styrkt gjennom ny kommunal og fylkeskommunal kulturforvaltning, med tilhøyrande politiske utval. For musea sin del vart den nye finansieringa knytt til ei forventning om at musea gjennom å forvalta lokale og regionale kulturtradisjonar skulle medverka til å styrkja den lokale og regionale sjølvtilliten, skapa identitet og samkjensle i ein turbulent samfunnsomdanningsprosess. Ordninga medverka til ei stor oppbløming av museumsinstitusjonar i heile landet, og store ulikskapar mellom statleg og regional finansieringsdel til dei einskilde institusjonane.

Det mest markante grepet i den statlege museumspolitikken kan ein likevel seia er artikulert i ABM-meldinga frå 1999. Her vert det teke til orde for ein statleg initiert prosess for å rydda i museumslandskapet og byggja større, sterkare einingar. Desse einingane skulle inngå i eit nasjonalt nettverk av likestilte institusjonar. Det vart med dette lagt til grunn at sektoren ikkje skulle lagdelast, eller hierarkiserast, basert på til dømes finansieringsmodell, storleik eller fagområde, slik ein kan sjå i andre land. Dette kan seiast å vere eit særleg trekk ved den norske museumspolitikken dei siste tjue åra.

Prosessen, som seinare har fått nemninga museumsreforma, vart sett i gang i kjølvatnet av ABM-meldinga. Målet med museumsreforma var å styrkja sektoren fagleg gjennom ei omstrukturering frå mange små einingar i eit sjølvgrodd museumslandskap, til større einingar av konsoliderte museum. Utviklinga av museumssektoren gjennom reforma er drøfta nærare i kapittel 3.

Gjennomføringa av museumsreforma har vore tufta på ein tydeleg museumspolitikk frå Kulturdepartementet si side, der ABM-utvikling og seinare Norsk kulturråd har hatt ei aktiv rolle i forvaltninga. Likevel kan ein ikkje utan vidare snakka om ein heilskapleg museumspolitikk på statleg nivå. Fleire sentrale museum er ikkje omfatta av Kulturdepartementet sin politikk, men underlagde andre politikkfelt og forvaltningsstrukturar. Dette gjeld ikkje minst store og sentrale museumsinstitusjonar som universitetsmusea, som er ein del av universitetsstrukturen og dimed underlagde Kunnskapsdepartementet. Dei ulike etatsmusea fell òg utanfor museumspolitikken, forstått som politikken som vert ført overfor musea med statstilskot frå Kulturdepartementet. Dei samiske musea er i budsjettsamanheng knytte til Sametinget, som mottek rammetilskot frå staten over Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjett. Sametinget er sjølvstendig ansvarleg for utmeisling av politikk for dei musea som får driftstilskot herifrå og står frie til å innretta denne etter eigne politiske prioriteringar. Sametinget har likevel lagt seg på ei line som tek opp i seg mange av grepa som er tekne av Kulturdepartementet gjennom museumsreforma.

Både det kommunale og fylkeskommunale forvaltningsnivået har gjennom lang tid vore sentrale aktørar på museumsområdet, både når det gjeld tilskot og politiske føringar, men òg når det gjeld eigarskap. Ein del museum har vore i kommunalt eige, og mange kommunar har til dømes stilt grunn til disposisjon for museum og investert i museumsetableringar. Fleire fylkeskommunar har teke initiativ til fellesløysingar og fellestenester for musea i sin region.

2.2.1 Musea og kulturmiljøpolitikken

Engasjementet for kulturmiljø går langt attende. Dei fyrste musea er langt på veg også den fyrste organiserte innsatsen for å bevara fysiske spor etter menneske frå tidlegare tider her i landet. Forløparane til dagens universitetsmuseum vart skipa mellom 1769 og 1875. Andre tidlege museumsetableringar må òg sjåast i lys av ei grunnleggjande forståing av at spor etter tidlegare generasjonars liv og virke er viktige å ta vare på. Foreningen til norske Fortidsminnesmerkers Bevaring (Fortidsminneforeningen) vart stifta i 1844 og fekk årleg statstilskot alt frå 1860. Alt i 1905 vart ansvaret for førreformatoriske kulturminne regulert i eiga lov.

Forvaltning av bygningsarv vart eit statleg ansvar gjennom skipinga av Riksantikvaren i 1912. Med Bygningsfredingslova frå 1920 kunne òg etterreformatoriske bygningar fredast gjennom særskilte vedtak. Per 1. januar 2021 er 22 pst. av bygningane i musea si forvaring freda etter kulturminnelovgjevinga. Fleire museum har òg med tida fått ansvar for andre oppgåver i samarbeid med kulturmiljøforvaltninga.

Dagens kulturminnelov er frå 1978. Denne særlova har mykje å seia for sikring og ivaretaking av verdifulle kulturmiljø. Det same gjeld plan- og bygningslova. I Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold (Kulturmiljømeldinga), varslar regjeringa at det skal utarbeidast ein ny kulturmiljølov.

Verdskommisjonen for miljø og utvikling frå 1987, Brundtland-kommisjonen, fremja eit sett med prinsipp og ei målsetjing om ei berekraftig utvikling. St.meld. nr. 46 (1988–89) Miljø og utvikling la grunnlaget for norsk oppfylging av rapporten. I dei påfylgjande åra er desse prinsippa vidareutvikla og er eit viktig grunnlag for FNs berekraftsmål fram mot 2030.

Nokre av dei mest sentrale prinsippa frå Brundtland-kommisjonen var føre-var-prinsippet, miljøvern som sektorovergripande ansvar, sektorprinsippet og prinsippet om at forureinar skal betala. Sektorprinsippet i miljøforvaltninga inneber at dei einskilde departementa og underliggjande verksemder har eit sjølvstendig ansvar for å laga oversyn over kulturmiljø med høg kulturhistorisk verdi i eigen sektor, og å sikra ivaretakinga av desse. Sektorane har òg ansvar for å sikra at omsynet til kulturmiljø vert ivareteke, både når det gjeld utøving av mynde og bruk av relevante verkemiddel.

Også den regionale innrettinga av kulturmiljøforvaltninga har lenge vore viktig for musea. Fylkeskommunane har sidan midten av 1970-talet hatt ei aktiv rolle i denne, gjennom fylkeskonservatorar. Frå omorganiseringa av kulturmiljøforvaltninga i 1990 fekk fylkeskommunane overført ei rekkje oppgåver og delegert ansvar etter kulturminnelova, og dessutan to stillingar. Med regionreforma i 2020 er dette ansvaret styrkt ytterlegare. For musea gjer dette at fylke og region er nær samarbeidspartnar innanfor den delen av museumsverksemda som er knytt til kulturminnelova. Fleire stader er det etablert fellestenester innanfor bygningsvern og oppbevaring med sterk fylkeskommunal involvering.

2.2.2 Musea i eit internasjonalt perspektiv

Noreg har slutta seg til ei rekkje internasjonale konvensjonar som legg premissar for norsk politikkutvikling i tillegg til å vera viktige referanserammer. På kulturområdet er det særleg UNESCO, som er organisasjonen for utdanning, vitskap og kultur innanfor FN, og Europarådet som har dei mest relevante konvensjonane når det gjeld museum. Den norske kulturpolitikken er i tråd med dei konvensjonane Noreg har ratifisert. I tillegg legg andre konvensjonar føringar for norsk politikkutvikling. ILO-konvensjon nr. 169 om rettane til urfolk og sjølvstendige statar, og Europarådet sin rammekonvensjon om nasjonale minoritetar, er døme med relevans for musea.

UNESCO sin konvensjon om vern og fremjing av eit mangfald av kulturuttrykk, ofte kalla 2005-konvensjonen, er kan henda det viktigaste internasjonale rammeverket for å utarbeida kulturpolitikk. Konvensjonen stadfestar statane sin suverene rett til å føra ein kulturpolitikk. Dinest slår han fast at kunst- og kulturuttrykk er grunnleggjande meiningsberande storleikar, som ikkje berre lèt seg redusera til produkt med økonomisk verde for omsetnad i ein marknad.

Som dokumentasjonsinstitusjonar og arenaer for formidling, vidareføring og vern gjennom bruk, har òg mange museum ei viktig rolle i implementeringa av UNESCO-konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven, ofte kalla 2003-konvensjonen. Denne konvensjonen slår fast at den immaterielle kulturarven er ein levande storleik som vert vidareført gjennom aktiv bruk, og understrekar at tradisjonsberaren har eigarskap til og definisjonsmakt over kulturuttrykka.

Fleire andre UNESCO-konvensjonar har relevans for museumsverksemda, slik som 1954-konvensjonen om skydd av kulturverdiar i tilfelle væpna konflikt, Haag-konvensjonen og tilleggsprotokollar, 1970-konvensjonen om tiltak for å forby og hindra ulovleg import og eksport og overføring av eigedomsrett for kulturgjenstandar, og dessutan 1972-konvensjonen om verdas kultur- og naturarv frå 1972, gjerne kalla verdsarvkonvensjonen.

UNESCO vedtek frå tid til anna rekommandasjonar. Desse pålegg ikkje den einskilde staten konkret oppfylgingsansvar, slik konvensjonane gjer, men lyfter fram viktige prinsipp og tilrår ein bestemt praksis. Rekommandasjonen om å verna og fremja museum og samlingar frå 2015 og rekommandasjonen om bevaring av, og tilgang til, dokumentarv frå 2016, er døme på museumsrelevante rekommandasjonar frå det internasjonale samfunnet.

Memory of the World eller Verdas dokumentarv er ikkje ein konvensjon, men eit eige UNESCO-program for verdas dokumentarv. I Noreg vert dette programmet fylgt opp av ein eigen komité, som har sekretariat i Norsk kulturråd. Fleire museum har innførslar i Noregs dokumentarv, som er den norske delen av registeret.

Europarådets europeiske kulturkonvensjon frå 1954 oppmuntrar statane til gjensidig utveksling og kultursamarbeid. Europarådet har òg ein rammekonvensjon frå 2005 om kulturarven sitt verde for samfunnet, ofte kalla Faro-konvensjonen. Konvensjonen legg stor vekt på menneske sin rett til å ha ein kulturarv, rett til å tolka si eiga historie og definera sine eigne kulturmiljø. Konvensjonen peikar på ei rekkje viktige tema, generelle mål og mogelege framgangsmåtar, som det er opp til medlemsstatane å bruka. Noreg ratifiserte konvensjonen i 2008.

ICOM, International Council of Museums, er ein medlemsorganisasjon for museum og museumstilsette over heile verda og ein sentral aktør for den norske museumssektoren. Mellom anna gjennom ICOM arbeider norske museum i internasjonale fagfora og nettverk med medlemmer frå 136 land. ICOM set internasjonale standardar for musea og har utarbeidd eit regelverk som definerer etiske prinsipp for arbeid i museum. ICOM har òg ein museumsdefinisjon som mellom anna ligg til grunn for norske museum sitt medlemskap i Norges museumsforbund. ICOM har konsultativ status i UNESCO og samarbeider med styresmakter og organisasjonar verda over.

Ei viktig side ved den internasjonale dimensjonen av museumspolitikken er at norske aktørar deltek inn i dei ulike fora som utviklar den internasjonale museumspolitikken gjennom konvensjonar og liknande. Norske museumstilsette er aktive bidragsytarar i dette arbeidet, både gjennom Norsk ICOM og på dei internasjonale arenaene.

2.3 Vegen vidare

Sjølv om alle typar institusjonar og langsiktige innretningar endrar seg i høve til dei krava og forventningane som samfunnsendringar ber med seg, ligg tradisjonen og historikken dei står i, òg til grunn for den vidare utviklinga. Kva eit museum har vore, spelar saman med kva eit museum kan vera framover. Kva rolle eit museum har hatt og teke gjennom ulike tider, har endra seg med utviklinga av synet på kunnskap, historie, danning, medverknad og offentlegheit. Universitetsmusea, kunstmusea, dei tekniske musea, spesialmusea og alle variantane av kulturhistoriske museum er forankra i litt ulike museumstradisjonar og tenking kring samlingspraksisar og formidling. Dels kjem dei frå samlingar sette i hop for spesialiserte siktemål, dels kjem dei frå kollektiv innsats for å ta vare på og visa fram kulturarv og lokal historie og særdrag. Dels er dei forma rundt estetisk danning. Og dels er dei grunnlagde i ynske om å syna fram utviklinga innanfor sentrale samfunnsområde og nyvinningar innanfor desse. Samstundes har dei nokre grunnleggjande fellestrekk.

Korleis musea samlar, systematiserer, forskar, formidlar og legg til rette for sosialt samvere, formar museumsbrukarar sine erfaringar med, og forventningar til, desse institusjonane. Så er det musea sjølve som må fylla rammene for kva dei skal kunna vera i samfunnet framover og kva nye generasjonar skal byggja sine erfaringar med, og forventningar til, musea på. Politikken på området skal leggja til rette for denne utviklinga, mellom anna gjennom tydeleg forvaltning og treffsikre verkemiddel, men òg gjennom å utvikla politikk på alle forvaltningsnivå – tufta på kunnskap.

3 Vurdering av museumsreforma

Figur 3.1 

Figur 3.1

Stortinget slutta seg i desember 1999 til meldinga Kjelder til kunnskap og oppleving. Om arkiv, bibliotek og museum i ei IKT-tid og om bygningsmessige rammevilkår på kulturområdet, kalla ABM-meldinga. Meldinga målbar ein ambisjon om ei større omstrukturering av museumssektoren, seinare omtala som museumsreforma. Reforma har omfatta dei musea som har fått driftstilskot frå Kulturdepartementet. Museum under andre departement, slik som universitetsmusea og etatsmusea, er difor ikkje ein del av denne prosessen. Det er heller ikkje musea som får driftstilskot frå Sametinget. Ansvaret for samiske kulturinstitusjonar vart overført til Sametinget i 2002, ved starten av reformperioden. Private og kommunale museum er heller ikkje ein del av reforma.

Reformperioden vert rekna over to periodar. Den fyrste vart avslutta med ei ny melding til Stortinget i 2009, Framtidas museum. Forvaltning, forsking, formidling, fornying. Meldinga oppsummerte reforma så langt og la nye ambisjonar for den vidare utviklinga av museumssektoren. Periode to kan seiast å gå fram til føreliggjande melding og vert oppsummert i vurderinga av reforma under. I tillegg til tal frå museumsstatistikken og Norsk kulturråd, byggjer framstillinga i all hovudsak på vurderingar og konklusjonar som Telemarksforsking presenterer i utgreiinga Museum og samfunn. En utredning om museenes samfunnsroller i lys av museumsreformen. Dette arbeidet vart tinga av Kulturdepartementet i samband med meldinga som ligg føre her.

3.1 Utgangspunkt og mål

Utgangspunktet for museumsreforma var eit fragmentert, varierande og lite samordna museumslandskap. Talet på museumseiningar auka stort gjennom 1970- og 80-talet. I museumsutgreiinga frå 1996, NOU 1996: 7, Museum. Mangfald, minne, møtestad, vart det vist til at drygt 500 museum var med i museumsstatistikken, dei fleste av dei små einingar, med få årsverk og svak økonomi.3 Museums-Noreg vart i dette dokumentet omtala som eit «sjølvgrodd museumslandskap der private og lokale initiativ har vore ein mykje viktigare etableringsfaktor enn planlegging og styring frå styresmaktene.»4 NOU-en konkluderte med at det trongst «samordnande og stimulerande tiltak som kan gjera at det eksisterande mønsteret kan fungera betre.»5

Den statlege responsen på denne utfordringa kom i ABM-meldinga tre år etter. Der heiter det:

Frå statleg hald bør det initierast ein prosess med sikte på ei opprydding i dei einskilde distrikta og regionane, slik at ein sit att med eit mindre tal (1-6) konsoliderte museum eller museumsnettverk i kvart fylke, dvs. einingar med ei så sterk fagleg og økonomisk plattform at dei på ein meiningsfull måte kan inngå i eit samla nasjonalt nettverk av museum. Tanken er ikkje å sentralisera; lokale museum bør framleis finnast som formidlingsarenaer, men det bør arbeidast for ei samorganisering på regionalt nivå for å oppnå ei fagleg kvalitetsheving.6

Meldinga målbar ein økonomisk opptrappingsplan for museumssektoren over fem år, og det statlege organet Norsk museumsutvikling fekk ansvar for å setja i verk og fylgja opp reforma. Dette ansvaret vart overteke av ABM-utvikling då denne verksemda vart etablert på statleg initiativ, året etter.

Det overordna målet med museumsreforma, slik det vart uttrykt i ABM-meldinga, har altså vore samorganisering på regionalt nivå for å oppnå ei fagleg kvalitetsheving. Musea skulle verta betre rusta til å handtera dei mange krava som vart stilte til ressursar og fagleg kompetanse. Dette målet vart søkt nådd gjennom å byggja solide organisasjonar som, gjennom større einingar og sterkare økonomi, skulle stå friare til å kunna prioritera og styra den faglege utviklinga i ynskt retning. Fyrste del av reforma handla difor om å byggja einingar som på sikt skulle kunna dra nytte av større fagmiljø og utvikla betre fellestenester og samdriftsfordelar. Geografisk, heller enn t.d. fagleg eller tematisk, inndeling vart i hovudsak lagt til grunn for omstruktureringa av sektoren. Frå statleg hald vart tilskota auka i tråd med opptrappingsplanen, og tilskotsstrukturen vart forenkla og meir straumlineforma. Mellom anna vart alle musea som fekk tilskot frå Kulturdepartementet, samla under ein budsjettpost og vart likestilte i departementet sin oppfylging av sektoren. Økonomiske insentiv vart brukte frå statleg og fylkeskommunalt hald for å konsolidera eksisterande museum til større einingar.

I 2009 oppsummerte St.meld nr. 49. Framtidas museum, reforma på fylgjande vis:

I reformperioden har nesten 60 prosent av museene med driftstilskudd fra Kultur- og kirkedepartementet gjennomgått store organisatoriske endringer. Om lag 10 prosent har vært gjennom viktige endringer, mens rundt 30 prosent i liten grad har vært berørt av organisatoriske endringer som resultat av reformen. Imidlertid har departementet inntrykk av at det også i denne siste gruppen generelt har vært økt oppmerksomhet på profesjonalisering av organisasjonene, og de har også vært del av regionale dialoger og utvikling av nasjonale nettverk.7

Meldinga anerkjende at musea i hovudsak hadde vist stor evne og vilje til omstilling og nytenking. Etter ti år med sterkt fokus på å skapa den organisatoriske strukturen som skulle til, for å henta ut dei faglege gevinstane som var målet med reforma, konkluderte meldinga med at målet for den vidare utviklinga var å leggja til rette for å styrkja den faglege dimensjonen i dei einingane som på det tidspunktet inngjekk i det nasjonale museumsnettverket. «Nå skal utvikling av museene som kunnskapssentra og solide organisasjoner prioriteres. Museene skal bli i stand til å utvikle seg som profilerte samfunnsinstitusjoner,» heiter det.8

Vurdering av museumsreforma inneber slik sett to hovudspørsmål: Har museumssektoren utvikla eit mindre tal sterke einingar i kvart fylke? Og er museumssektoren styrkt fagleg gjennom reformgrepa og reformperioden?

3.2 Einingar og organisering

Talet på museumseiningar som får fast driftstilskot frå Kulturdepartementet, som del av det nasjonale museumsnettverket, har gått ned. I 2005 galdt dette 92 museumsinstitusjonar, medan talet for 2020 er 61 institusjonar. Dette er oppnådd gjennom ulike former for konsolideringsprosessar. I nokre fylke er ei rekkje einingar slegne saman til eitt fylkesmuseum, til dømes i tidlegare Akershus, Hedmark, Sør-Trøndelag og Sogn og Fjordane. I andre fylke er det fleire konsoliderte einingar, med ulik storleik, til dømes i Rogaland, Møre og Romsdal og tidlegare Hordaland. Nokre einingar har òg formidlingsarenaer i fleire fylke, til dømes Nynorsk kultursentrum, Norsk folkemuseum, Nordmøre museum og Mjøsmuseet. Innanfor dei 61 musea som fekk driftstilskot frå Kulturdepartementet i 2019, var det 470 interne formidlingsarenaer, jf. tabell 3.1.9

Tabell 3.1 Konsoliderte einingar og interne formidlingsarenaer med driftstilskot frå Kulturdepartementet i 2019. Einingar med formidlingsstader i fleire fylke er registrert der museet har hovudadministrasjon. Tal frå Norsk kulturråd.

Fylke

Museum i det nasjonale museumsnettverket

Interne formidlingsarenaer

Viken

8

72

Oslo

4

13

Innlandet

6

37

Vestfold og Telemark

5

38

Agder

4

34

Rogaland

5

53

Vestland

9

65

Møre og Romsdal

4

35

Trøndelag

3

18

Nordland

4

56

Troms og Finnmark

8

48

Svalbard

1

1

I 2019

61

470

Gjennom reformperioden har det skjedd ei endring i organisasjonsformene til musea. Som tabell 3.2 viser, er stiftingar vanlegare i 2020 enn dei var i 2002. Talet på både kommunale verksemder og foreiningar har derimot gått ned. I utgreiinga Museum og samfunn. En utredning om museenes samfunnsroller i lys av museumsreformen ser Telemarksforsking denne endringa mellom anna i lys av at musea har vorte større og meir komplekse. Utgreiinga peikar likeins på at foreiningsforma gjerne har hatt sitt utgangspunkt i frivillige lag og medlemsbaserte samanslutningar om ei felles interesse, til dømes ei samling, og fleire av desse er gjennom reforma konsoliderte inn i større einingar med anna organisasjonsform.10

Tabell 3.2 Selskapsform for musea. Tabell frå utgreiinga Museum og samfunn s. 41–42.

Selskapsform

2002

2008

2020

Stifting

40%

65%

60%

Aksjeselskap

1%

8%

14%

Statleg verksemd

5%

8%

14%

IKS interkommunalt selskap

0%

5%

6%

Kommunal verksemd

26%

8%

6%

Foreining/lag/innretting

16%

2%

1%

Fylkeskommunal verksemd

1%

1%

0%

Anna/ukjend

10%

2%

4%

N

100% (505)

100% (166)

100% (103)

I den grad selskapsform kan avspegla profesjonalitet og fagleg styrking, kan ein seia at utviklinga i musea i større grad i dag, enn før reforma, vert bestemt av ulike styre i dei ulike organisasjonane og i mindre grad av årsmøtet i frivillige organisasjonar. Når det gjeld den organisatoriske delen av museumsreforma, konkluderer Telemarksforsking i si utgreiing at det ikkje tykkjest å vera ein klar samanheng mellom selskapsform og kor vellukka konsolideringane har vore. I utgreiinga heiter det:

[…] både IKS og stiftelser kan gi utfordringer som forhindrer faglig utvikling. […] Vi kan likevel si at generelt sett kjennetegnes vellykkede konsoliderte museer av relativ enkel organisasjonsstruktur og et avtalegrunnlag som gir direktør handlingsrom for reell faglig ledelse, selv om det finnes faglig sterke museer med komplekse eierskapsstrukturer.11

At liknande organisatoriske grep ikkje utan vidare fører til same resultatet, er gjennomgåande i røynslene frå konsolideringsprosessar og omstrukturering gjennom reformperioden. Det som fungerer ein stad, er ikkje alltid vellukka andre stader. Erfaringsdeling, utforming av rettleiarar og dialog mellom musea har difor vore ein viktig del av den oppfylginga ABM-utvikling og seinare Norsk kulturråd har hatt av museumsreforma.

3.2.1 Eigarskap og avtaleverk

Tabell 3.2 viser selskapsforma til dei konsoliderte einingane, men eigarskapet til samlingane går ikkje fram av dette oppsettet. Mange stader er dei ulike avdelingane og formidlingsarenaane, som før reforma var sjølvstendige museum, eigne juridiske eigarar av samlingane der. Dette har fleire stader vore ei utfordring, mellom anna fordi tilsette i musea har opplevd at dei hamnar i ein lojalitetsskvis mellom den konsoliderte eininga og den avdelinga der dei arbeider, og som har eigne styre knytt til eigarskapet av samlingane, såkalla eigarstyre.

I utgreiinga Museum og samfunn, kjem det fram at det er solid empirisk belegg for å konstatera at deling mellom driftsstyra i konsoliderte einingar og eigarstyra knytte til ulike delar av samlingane, har vore ein uheldig konsekvens av museumsreforma som for mange museum har kravd store interne ressursar.12 Dels har dette handla om manglande avtaleverk, dels om avtaleverk der eigarstyre har hatt veto- eller omgjeringsrett og dels har det handla om kryssande avtalar med ulike interessentar. I rapporten heiter det:

Uklare eierforhold, manglende avtaler og utydelige mål for de konsoliderte museenes virksomhet har gjort at museene har hatt utfordringer med å få til internt samarbeid og til å få til de faglige synergiene som reformen var ment å ha.13

Empirien peikar samstundes i retning av at konsolideringsprosessane har vore enklare når dei har omfatta færre einingar, mindre geografiske område og når eitt eller fleire museum i forkant av prosessane var relativt stort og fagleg sterkt.14

3.3 Ulike regionale erfaringar

Dei ulike regionane hadde ulikt utgangspunkt for å gå inn i konsolideringsprosessar, både når det galdt talet på einingar som fanst frå før, aktive samarbeidsflater mellom dei og det faglege nivået i desse. Kvar region har gjennomført reforma på sin måte. Det har vore store skilnader på kven som har styrt dei ulike prosessane, korleis makttilhøva har vore, korleis reforma har vorte gjennomført i praksis og kva som har vore dei største utfordringane og gevinstane.15 I nokre regionar, som til dømes tidlegare Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal, har Kulturdepartementet vore tett på prosessane. I båe desse tilfella viser Telemarksforsking til at økonomiske insentiv og argument var sentrale drivarar. I andre fylke, som til dømes Nordland og Rogaland, låg det alt i forkant av reforma føre fellesinitiativ og etablerte samarbeid. I desse fylka gjekk òg konsolideringsprosessane relativt raskt og arbeidet med å henta ut faglege gevinstar kom i gang rimeleg kort tid etter at reforma var initiert. I andre regionar har omorganiseringsprosessane teke lang tid og er ikkje utan vidare heilt ferdige enno.

I dei fleste regionane har fylkeskommunane vore aktive pådrivarar for utvikling av museumssektoren i eige fylke både før og etter museumsreforma. I konsolideringsarbeidet har dei likevel valt ulike strategiar. Gjennomgangen til Telemarksforsking viser at det ikkje er eit eintydig svar på kva strategiar som har vore mest vellukka. Liknande strategiar kan ha slege motsett ut. Til dømes tok fylkeskommunane både i tidlegare Buskerud og Telemark tydelege initiativ til prosessen. I Buskerud har responsen frå musea i ettertid vore at fylket kunne teke ei endå meir styrande rolle, medan dei i Telemark opplevde at fylkeskommunen var for aktiv og styrande.

Telemarksforsking konkluderer i si utgreiing med at sjølv om det framleis går føre seg konsolideringsprosessar mellom enkelte museum, tykkjest dei fleste tidlegare fylka å ha funne eit tenleg tal museumseiningar.16 Nye fylkesgrenser har likevel utfordra nokre av desse strukturane, særleg når det gjeld formidlingsarenaer. Nokre stader har arenaer hamna innanfor regiongrensene til ein annan region enn der den konsoliderte eininga har hovudsete. Med dei nye regionane har det òg hamna ulike modellar for museumsorganisering innanfor same fylkeskommunale administrasjon. Både i nye Vestfold og Telemark og nye Innlandet skal no ulike driftsmodellar forvaltast saman.

Når det gjeld omorganisering av sektoren, konkluderer Telemarksforsking slik:

De aller fleste av de museene som har vært gjenstand for en evaluering, har erfart en positiv utvikling som følge av reformen. Samtidig er det mange museer som også har hatt utfordringer – noen av disse har vært omfattende. Disse kan grovt sett sies å ha handlet om å finne en ny og hensiktsmessig organisering. For noen museer har dette vært så vanskelig at det har forhindret at den faglige merverdien har blitt utløst. Dette synes særlig å gjelde når konsolideringen har skjedd mellom mange små enheter, kanskje i kombinasjon med at det ikke har vært et sterkt og ledende fagmiljø ved noen av enhetene. For mange museer har imidlertid den organisasjonsmessige delen gått greit. Det synes å være en sammenheng mellom antall virksomheter som ble konsolidert, hvorvidt noen av virksomhetene allerede var en sterk faglig organisasjon, ledelsens kompetanse på organisasjonsutvikling og omstilling og hvor vellykket konsolideringen har blitt.17

Dette samsvarar med det museumsleiarane sjølve uttrykkjer i Kulturrådets museumsundersøkelse 2018 og det samla inntrykket departementet får gjennom dialog med sektoren, ulike evalueringar og rapportar og rapportering og driftssøknadar frå musea. Større museumseiningar med samansette fagområde krev tydeleg leiing og prioritering, godt avtaleverk med juridiske eigarar av samlingane og god dialog og samhandling både med lokalmiljø og eit større museumsfagleg nettverk. Mykje av dette er på plass i mange av einingane i det nasjonale museumsnettverket. I andre er det framleis utfordringar når det gjeld å skapa lojalitet til den konsoliderte eininga og sjå dei ulike formidlingsarenaene inn i ei større museumsfagleg utvikling, ikkje berre nasjonalt, men òg internasjonalt.

3.4 Økonomi

Dei strukturelle grepa som vart tekne med museumsreforma, kan ikkje sjåast uavhengig av dei økonomiske tiltaka som har vore ein del av reforma og reformperioden. Styrkt økonomi var ein føresetnad både for vidareutvikling av sektoren og for utvikling i den retning reforma la opp til. Utgreiinga frå Telemarksforsking viser at mellom 2001 og 2019 har budsjettposten til museum i Kulturdepartementet sin budsjettproposisjon, auka frå 424 mill. til 1,6 mrd. i 2018. Dette er nesten ei firedobling i nominelle tal og justert for den generelle lønns- og prisveksten med kommunal deflator, utgjer det ei dobling av reelle tal.18 Staten har auka sine tilskot mest, men også kommunane og særleg fylkeskommunane har fylgt opp reforma gjennom reell driftsauke til musea. Figurane 3.2 og 3.3 viser korleis utviklinga i offentlege inntekter for musea i det nasjonale museumsnettverket og andre museum har utvikla seg mellom 2005 og 2019, fordelt på dei tre forvaltningsnivåa.

Figur 3.2 Ordinære, offentlege driftsinntekter (i millionar) til museum med driftstilskot frå Kulturdepartementet. Tal frå Norsk kulturråd.

Figur 3.2 Ordinære, offentlege driftsinntekter (i millionar) til museum med driftstilskot frå Kulturdepartementet. Tal frå Norsk kulturråd.

Figur 3.3 Ordinære, offentlege driftsinntekter (i millionar) til andre museum. Tal frå Norsk kulturråd.

Figur 3.3 Ordinære, offentlege driftsinntekter (i millionar) til andre museum. Tal frå Norsk kulturråd.

I dag ser ein altså ein museumssektor som disponerer langt fleire offentlege midlar enn han gjorde før museumsreforma tok til. Dette er i tråd med ambisjonen for reforma. Utviklinga heng òg nøye saman med dei strukturelle grepa. Dei fleste av dei små einingane som fanst før reforma vart sett i verk, var ikkje profesjonelle nok til å handtera ein slik auke i offentlege midlar til eiga eining, med dei krava som fylgjer med slike tilskot. Profesjonelle driftsorganisasjonar var såleis ein føresetnad for at økonomien skulle kunna veksa.

3.4.1 Årsverk

Talet på årsverk i museumssektoren har auka gjennom heile reformperioden. Figurane 3.4 og 3.5 viser korleis utviklinga ser ut for lønna årsverk i perioden 2006–2019.

Figur 3.4 Tal lønna årsverk, museum med driftstilskot frå Kulturdepartementet. Tal frå Norsk kulturråd.

Figur 3.4 Tal lønna årsverk, museum med driftstilskot frå Kulturdepartementet. Tal frå Norsk kulturråd.

Figur 3.5 Tal lønna årsverk, andre museum. Tal frå Norsk kulturråd.

Figur 3.5 Tal lønna årsverk, andre museum. Tal frå Norsk kulturråd.

Figurane 3.6 og 3.7 viser korleis denne auken har fordelt seg på ulike stillingstypar i same perioden.

Figur 3.6 Årsverk fordelt på stillingstype. Museum med driftstilskot frå Kulturdepartementet. Tal frå Norsk kulturråd.

Figur 3.6 Årsverk fordelt på stillingstype. Museum med driftstilskot frå Kulturdepartementet. Tal frå Norsk kulturråd.

Figur 3.7 Årsverk fordelt på stillingstype, andre museum. Tal frå Norsk kulturråd.

Figur 3.7 Årsverk fordelt på stillingstype, andre museum. Tal frå Norsk kulturråd.

Som det går fram av figurane, er det dei museumsfaglege årsverka som har auka mest i musea som har vore omfatta av reforma. I denne stillingskategorien inngår arkivar, bibliotekar, konservator, forskar, formidlar, samlingsforvaltar, utøvande kunstnar, kurator, programansvarleg, guide, og handverkar. Auken i denne type stillingar går att i alle fylke, jf. vedlegg 1. Nivået på administrativt tilsette og dagleg leiar har halde seg stabilt i perioden, medan dei tekniske årsverka, mellom anna vaktmeister, reinhald, vakthald og IKT-personale har gått ned.19

Det ser altså ut til at parallelt med omorganiseringar og sterkare økonomi har fagstillingane ved musea fått høgare prioritering. I kva grad dette òg har vore eit reelt fagleg lyft for sektoren, må sjåast saman med i kva mon musea gjennom dette har styrkt arbeidet med kjerneoppgåvene sine innan samlingsforvaltning, kunnskapsutvikling og formidling.

Kulturdepartementet vurderer at organisatorisk er målet med museumsreforma langt på veg innfridd. Gjennom strukturelle grep og styrkt økonomi har det lukkast å byggja museum i heile landet som er profesjonelle og organisatorisk robuste nok til å prioritera fagleg godt og ha sterke fagmiljø innanfor alle musea sine kjerneoppgåver. Mange stader er konsolideringar fylgt av fellestenester mellom musea, som til dømes i Rogaland og Innlandet. Dette gjev eit endå betre utgangspunkt for fagleg gevinst og god ressursutnytting i dei ulike regionane.

3.5 Fagleg styrking

I kva mon museumsreforma har ført til fagleg styrking av musea, er eit langt meir komplisert spørsmål enn spørsmålet om einingar og organisatorisk innretting. Dels er dette fordi musea er komplekse institusjonar der fagleg utvikling inneber fleire og ulike ting. Mange av dei konsoliderte einingane har dessutan avdelingar innanfor ulike fagområde, som krev ulik fagkompetanse. Av dei 470 interne formidlingsarenaene som inngjekk i det nasjonale museumsnettverket i 2019, var 79 pst. kulturhistoriske, 11 pst. kunstarenaer, 6 pst. var tekniske og industrielle anlegg, 2 pst. naturhistoriske arenaer og 1 pst. arkeologiske.20

Museumsreforma har i hovudsak lagt geografisk nærleik til grunn for konsolideringane. Dette har ført til fagleg samansette institusjonar, med fleire og til dels ulike fagmiljø som skal utvikla seg både saman og innanfor eigne fag. Det er på noverande tidspunkt ikkje empirisk grunnlag for å seia noko om i kva mon konsoliderte einingar med større fagleg homogenitet, har lukkast betre enn fagleg meir komplekse institusjonar.

Telemarksforsking peikar i si utgreiing på at det har vore særleg sterke diskusjonar og motførestillingar knytt til konsolidering av kunstmuseum inn i einingar med kulturhistoriske museum. Det vart peika på faren for at kunstmusea ville mista kunstnarleg autonomi gjennom slike omorganiseringar, og at dei to museumstypane langt på veg opererte med så ulike kulturomgrep at det gjorde reelle faglege synergiar vanskelege. Telemarksforsking viser til at det var god tru i byråkratiet på at det låg handlingsrom for fagleg vekst i tettare kopling mellom kunstmuseum og kulturhistoriske museum, men at skepsisen i kunstmusea var stor. Utgreiinga viser at det ikkje finst mange døme i sektoren i dag på formidlings- eller utstillingsopplegg som tydeleg ber preg av større sameksistens mellom kunst- og kulturhistoriske fagmiljø.21 Departementet har inntrykk av at det vert arbeidd godt med både kunstfaglege og kulturfaglege spørsmål i det nasjonale museumsnettverket, ikkje minst gjennom dei faglege nettverka, som er omtala under. Den faglege meirverdien av samanslåing av ulike fagtradisjonar inn i same konsoliderte eining er det etter departementet sitt syn likevel for lite kunnskap om i dag. Det er difor ynskjeleg å få fleire kvalitative undersøkingar av dette framover.

Det er òg fleire trekk ved utviklinga i museumssektoren i perioden som har lagt premissar for den faglege utviklinga, utan at dei er så tett kopla til reforma i seg sjølv. Reformperioden har mellom anna vore prega av problemstillingar knytte til digitalisering av ulike slag. Det har vore ein periode der frivillig innsats har endra seg og der informasjonsteknologien har skapt nye premissar for deling og kommunikasjon med omverda. Samstundes har det vore viktige museumsfaglege skifte og debattar, som deltakarvending, fokus på samtidsdokumentasjon, mangfald og musea som kritiske samfunnsinstitusjonar, utan at dette utan vidare fylgjer direkte av reforma. På kva måtar dei nye organisasjonane har betra musea sine mogelegheiter til fagleg å vera ein del av, og gå inn i, slike utviklingstrekk, vert likevel eit indirekte spørsmål om resultatet av museumsreforma.

I det fylgjande vert dei viktigaste utviklingstrekka knytte til sjølve reforma og intensjonane med denne, fylgt gjennom utviklinga innanfor musea sine kjerneoppgåver. I desse inngår samlingsforvaltning, forskingskompetanse og kunnskapsproduksjon, og dessutan arbeidet mot publikum, gjennom ulike former for formidling.

3.5.1 Samlingsforvaltning

Å ta vare på og sikra dei kunst- og kulturhistoriske samlingane dei forvaltar, vert rekna som ei av kjerneoppgåvene til musea. Museumsreforma har vore gjennomført i ein periode der den digitale utviklinga i samfunnet har slege igjennom for fullt. Dette har utvida arbeidet med samlingsutvikling til òg å gjelda digitalisering av samlingane og det å gjera dei digitalt tilgjengelege.

I utgreiinga frå Telemarksforsking heiter det at evalueringane av reforma og konsolideringane tyder på at dei største faglege synergiane har skjedd innanfor samlingsforvaltning, og dette handlar særleg om magasintilhøve og digitalisering.22 Eit mål som kan seia meir om i kva mon kvaliteten i arbeidet med samlingane er styrkt, er i kor stor grad samlingane er tilfredsstillande registrerte, digitaliserte og gjorde tilgjengelege. Dette gjev eit bilete av korleis musea arbeider med å halda oversyn over eigne samlingar og slik betre kunna vurdera nødvendig sikring, ivaretaking, digitalisering og formidling av desse. I utgreiinga frå Telemarksforsking heiter det at:

Tilfredsstillende registrering gir […] grunnlag for en mer systematisk samlingsforvaltning. Selv om det også kan være andre mekanismer som har vært med på å påvirke arbeidet med registrering av gjenstander, mener vi dette kan leses som et resultat av museumsreformens fokus på samlingsforvaltning.23

Som det går fram av figur 3.8, har musea betre oversyn over samlingane sine i dag enn ved starten av museumsreforma. Det ser òg ut til at samlingane er gjort tilgjengeleg for publikum gjennom auka publisering av digitalisert materiale.

Figur 3.8 Utvikling av gjenstandstal og tilfredsstillande registrering, digitalisering og publisering av gjenstandar i museum med driftstilskot frå Kulturdepartementet. Tal frå Norsk kulturråd.

Figur 3.8 Utvikling av gjenstandstal og tilfredsstillande registrering, digitalisering og publisering av gjenstandar i museum med driftstilskot frå Kulturdepartementet. Tal frå Norsk kulturråd.

I oppsummeringa av reforma konkluderer Telemarksforsking med at samlingane har vorte betre dokumenterte gjennom reforma, og oppbevaringa er meir tilfredsstillande i dag enn før reforma tok til. Samlingsforvaltninga har òg vorte meir utvikla og betra i perioden.24 Dette er i tråd med dei inntrykka Kulturdepartementet har av utviklinga. Frå og med 2020 er det lagt ytterlegare til rette for å styrkja dette arbeidet, gjennom samarbeid mellom musea og Nasjonalbiblioteket, når det gjeld digitalisering av foto og arkivmateriale. Det er venta at dette grepet vil auka tempoet i digitaliseringsarbeidet ved musea.

3.5.2 Forskingskompetanse og kunnskapsproduksjon

Musea er kunnskapsinstitusjonar, og forsking, publisering og kunnskapsdeling knytt til samlingar og fagområde, er rekna som kjerneoppgåver. Eit mål for å vurdera fagleg styrking er difor utviklinga i forskingskompetanse og publiseringar. Tal for kva slags kompetanse dei tilsette i musea har, går fram av figur 3.9. Ein konservator NMF har fått autorisasjon for det faglege nivået sitt frå Norges museumsforbund. Slik autorisasjon er knytt til produksjon og publisering av vitskaplege arbeid utover avlagd grad. Ein konservator må visa til to fagfellevurderte artiklar, ein førstekonservator må ha doktorgrad eller liknande. Tala under seier difor noko om kor mange som har formell, vitskapleg kompetanse til å arbeida med forsking i musea i det nasjonale museumsnettverket i dag.

Figur 3.9 Utvikling av fagkompetanse for forsking i musea med driftstilskot frå Kulturdepartementet. Tal frå Norsk kulturråd.

Figur 3.9 Utvikling av fagkompetanse for forsking i musea med driftstilskot frå Kulturdepartementet. Tal frå Norsk kulturråd.

Talet på tilsette med doktorgrad har auka noko i desse musea dei siste ni åra. Dette er eit godt utgangspunkt for meir forsking og vitskapleg arbeid. Korleis musea brukar denne kompetansen i verksemda si, er likevel eit ope spørsmål.

Kulturdepartementet sette i samband med meldingsarbeidet ned eit utval som vart bede om å sjå nærare på kva som skal til for å styrkja musea som forskande institusjonar framover. Dette utvalet gjekk mellom anna gjennom utviklinga i musea som har vore omfatta av museumsreforma. Konklusjonane i rapporten Vilje til forskning – museumsforskning i Norge i det 21. århundre, viser at vilkåra for å arbeida med forsking er svært ulike mellom musea. Dei peikar òg på at det finst lite kunnskap om korleis forskingskompetansen i andre museum enn universitetsmusea vert brukt og at det ikkje er ventande at desse musea skal styrkja seg som forskande institusjonar gjennom driftstilskotet åleine.

Tal for forskingsartiklar og andre publikasjonar vert årleg rapporterte inn til museumsstatistikken og viser utviklinga i reformperioden. Figur 3.10 viser utviklinga for ulike typar publikasjonar. Kategorien «større publikasjonar» vil eksempelvis gjerne innehalda ulike lokalhistoriske årbøker, som mange museum har ein lang tradisjon for å publisera.

Figur 3.10 Utvikling i publikasjonar ved musea med driftstilskot frå Kulturdepartementet. Tal frå Norsk kulturråd.

Figur 3.10 Utvikling i publikasjonar ved musea med driftstilskot frå Kulturdepartementet. Tal frå Norsk kulturråd.

Musea har auka den samla produksjonen av ulike fagpublikasjonar i perioden frå 2008 til i dag. Det ser samstundes ut til at medan talet på forskingsartiklar har auka svakt, har arbeidet med større publikasjonar gått ned. Om dette er eit uttrykk for omprioritering av arbeid internt i musea, eller anna endra arbeidsmønster, kan ikkje lesast ut av statistikken. Samla sett har likevel publisering av forskingsartiklar auka samstundes som forskingskompetansen har gjort det same. Kulturdepartementet vurderer dette som ei god, men varsam utvikling, som tyder på at sektoren samla sett har byrja henta ut faglege gevinstar når det gjeld forsking og publisering. Utvikling av musea som forskande institusjonar krev fagmiljø av ein viss storleik for å heva seg. Departementet meiner, til liks med utvalet som har sett nærare på problemstillingane, at dei organisatoriske grepa som er tekne for å etablera større fagmiljø, er særleg viktige for å leggja betre til rette for forsking.

3.5.3 Faglege nettverk

Eitt sentralt verkemiddel for å styrkja det faglege arbeidet i musea gjennom reformperioden, er oppretting av og deltaking i faglege museumsnettverk. Dette er nettverk som skal knyta musea saman gjennom samarbeid om felles problemstillingar og fagområde. Koordinering og oppfylging av faglege museumsnettverk har vore ei oppgåve for Norsk kulturråd. I arbeidet med nettverka har det vore eit mål at alle musea i det nasjonale museumsnettverket skal delta i eitt eller fleire nettverk. Deltaking i desse nettverka vert framheva som positivt av musea sjølve, mellom anna i Kulturrådets museumsundersøkelse 2018. Datagrunnlaget gjev svakt grunnlag for å seia kva type fagleg aktivitet som kjem ut av nettverksdeltaking. At musea samarbeider på fagleg grunnlag, er heller ikkje noko nytt ved museumsreforma.

Ser ein på i kva grad musea arbeider med faglege spørsmål saman med andre institusjonar, viser tabell 3.3 at dette er ein aukande aktivitet ved musea dei siste ti åra. Musea rapporterer om langt fleire formaliserte FoU-samarbeid i dag, enn i 2011.

Figur 3.11 Utvikling i fagleg samarbeid gjennom nettverk og FoU-samarbeid ved musea med driftstilskot frå Kulturdepartementet. Tal frå Norsk kulturråd.

Figur 3.11 Utvikling i fagleg samarbeid gjennom nettverk og FoU-samarbeid ved musea med driftstilskot frå Kulturdepartementet. Tal frå Norsk kulturråd.

Det ser òg ut til at fleire museumsinstitusjonar deltek i slike samarbeid i dag enn for ti år sidan.

Tabell 3.3 Utviklinga av deltaking i FoU-prosjekt. Tal frå Norsk kulturråd.

Museum med driftstilskot frå Kulturdepartementet

2011

2012

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019

Museum som har delteke i FoU-prosjekt

29

38

36

32

36

36

39

46

50

Prosenttal museum som har delteke i FoU-prosjekt

48%

63%

60%

53%

60%

60%

65%

77%

83%

Gjennomsnittleg tal for deltakingar

2,5

2,9

2,5

2,4

2,7

2,6

4,0

4,7

4,7

Deltaking FoU-prosjekt totalt

72

111

91

77

97

94

156

217

233

Desse tala kan takast til inntekt for at fokuset på fagleg samarbeid om FoU har auka i museumssektoren gjennom siste del av reformperioden. Dette er ei ynskt utvikling, og departementet vurderer det som eit uttrykk for at det vert hausta fleire gevinstar av dei organisatoriske prosessane inn i det faglege arbeidet.

3.6 Formidling og publikumstilbod

Når det vert gjennomført ei stor strukturendring for fagleg styrking, ligg det implisitt at dette skal koma nokon til gode utover museumsinsitiusjonane sjølve. Det bør koma eit betre tilbod til publikum i forlenginga av ein slik prosess. Gjennom reformperioden er det gjort få kvalitative undersøkingar av korleis tilbodet til publikum har utvikla seg. Det er difor vanskeleg å vurdera i kva grad reforma i seg sjølv har betra tilbodet til publikum utover at musea har vorte meir profesjonelle og har fleire fagleg tilsette i dag, og slik bør ha fått eit betre utgangspunkt for godt publikumsarbeid. Aktiviteten i musea gjennom perioden kan likevel seia noko om dette.

Figur 3.12 syner utviklinga i vitjingstala. Desse har vore relativt stabile gjennom heile perioden, med ein liten auke, både for musea med driftstilskot frå Kulturdepartementet og i andre museum.

Figur 3.12 Utvikling i besøkstal. Tal frå Norsk kulturråd.

Figur 3.12 Utvikling i besøkstal. Tal frå Norsk kulturråd.

Besøkstalet i 2019 er om lag 1,5 million høgare enn i 2005. Slik kan ein seia at musea har klart å halda oppe interesse og relevans hjå svært mange menneske, og det i ein periode der konkurransen om publikum si merksemd har auka og kulturbruksmønster har endra seg. Samstundes har det vorte utvikla digitale plattformer som gjer samlingar og kunnskap som musea sit på, tilgjengelege for fleire og på fleire måtar. Som det går fram av figur 3.13, har besøkstalet på plattforma DigitaltMuseum auka kraftig dei siste ti åra.

Figur 3.13 Utvikling i besøk på DigitaltMuseum. Tal frå Norsk kulturråd.

Figur 3.13 Utvikling i besøk på DigitaltMuseum. Tal frå Norsk kulturråd.

Figur 3.14 Utvikling i talet på arrangement, utstillingar og publikasjonar ved museum med driftstilskot frå Kulturdepartementet. Tal frå Norsk kulturråd.

Figur 3.14 Utvikling i talet på arrangement, utstillingar og publikasjonar ved museum med driftstilskot frå Kulturdepartementet. Tal frå Norsk kulturråd.

Museumsstatistikken viser at den samla aktiviteten retta mot publikum har auka i heile sektoren. I museum med driftstilskot frå Kulturdeartementet har talet på utstillingar gått opp frå 1 728 i 2005 til 2 332 i 2019. Talet på publikasjonar har auka frå 166 til 443 i same periode jf. figur 3.14. Den største auken i publikumstilbod ser likevel ut til å ha kome i form av andre arrangement, som opne møte, konsertar og teaterframsyningar. Dette tyder på at musea i perioden har auka både aktivteten sin og søkt etter nye måtar å opna seg mot publikum på. Sett opp mot at talet på utstillingar òg har auka noko, tyder dette på at musea gjennom reformperioden har styrkt og utvida tilbodet sitt, og at utviklinga slik har kome publikum til gode.

Figur 3.15 Utvikling i talet på arrangement, utstillingar og publikasjonar ved andre museum. Tal frå Norsk kulturråd.

Figur 3.15 Utvikling i talet på arrangement, utstillingar og publikasjonar ved andre museum. Tal frå Norsk kulturråd.

3.7 Museumsreforma og dei frivillige

Museumssektoren er ein sektor der frivillig innsats står sterkt og er ein sentral del av både museumshistoria og engasjementet rundt musea. Kva auka profesjonalisering har hatt å seia for det frivillige arbeidet, har difor vore eit tema gjennom heile perioden med museumsreform. Fleire har gjennom åra peika på at større einingar, sentralisering av administrasjon og større forventningar til profesjonalisering har stått i fare for å svekka det frivillige, lokalt forankra arbeidet. I Telemarksforsking si utgreiinga heiter det:

Museumsreformen har ført til bevegelse og endring i gamle lokale maktstrukturer og lokale roller inn mot museene. Ett sentralt spørsmål er hvordan den lokale frivilligheten har blitt påvirket av dette.25

Etter gjennomgang av fylkesvise evalueringar og anna materiale konkluderer Telemarksforsking med at frivilligheita har fått ein meir utfordrande posisjon etter museumsreforma. Ofte handlar dette om problematikk knytt til delt eigarskap til samlingane mellom ulike eigarstyre og den konsoliderte eininga, men ikkje berre det. Utgreiinga viser òg at det i nokre museum er ei ambivalent haldning til frivillig innsats, særleg knytt til tilhøvet mellom frivillig arbeid og profesjonalitet. I rapporten heiter det:

[…] en generell holdning i svært mange av svarene (er); en gjennomført ambivalent holdning til frivillighet. Frivilligheten er viktig og uviktig, tidkrevende og besparende, prioritert og nedprioritert. Noen kaller det «et tveegget sverd». Det er uansett et arbeid som oppfattes som ressurskrevende, dersom det skal gi de gevinster som ønskes.26

Samstundes viser utgreiinga at heller ikkje dette er likt over alt, og at biletet er samansett.

Som det går fram av figur 3.16 har talet på samla årsverk som frivillige legg ned ved musea, halde seg stabilt gjennom heile reformperioden for sektoren samla sett. Tala viser òg at musea i det nasjonale museumsnettverket har opplevd auke i frivillige årsverk gjennom perioden.

Figur 3.16 Utvikling i frivillige årsverk ved museum med driftstilskot frå Kulturdepartementet. Tal frå Norsk kulturråd.

Figur 3.16 Utvikling i frivillige årsverk ved museum med driftstilskot frå Kulturdepartementet. Tal frå Norsk kulturråd.

Figur 3.17 Utvikling i frivillige årsverk ved andre museum. Tal frå Norsk kulturråd.

Figur 3.17 Utvikling i frivillige årsverk ved andre museum. Tal frå Norsk kulturråd.

Når tala viser eit stabilt bilete, endåtil ein auke i frivillige årsverk, og ein annan konklusjon er at det frivillige arbeidet ved musea har fått ein meir utfordrande posisjon gjennom museumsreforma, kan det skuldast fleire ting. Dels kan det hengja saman med at mykje av det frivillige arbeidet som tidlegare låg i sjølvstendige eigarstyre ved det som i dag i har vorte avdelingar i større konsoliderte museum, har fått ein annan posisjon når det gjeld avgjerder som vedkjem den enkelte avdelinga. Mellom anna kan det verta utfordrande prioriteringsdiskusjonar mellom avdelingar i ein slik struktur. Dette kan svekkja kjensla av eigarskap og reell medverknad lokalt, utan at det nødvendigvis vert lagt ned færre timar i frivillig arbeid, til dømes knytt til arrangement ved arenaen. Dels kan det hengja saman med den ambivalensen mellom det frivillige og det profesjonelle som kjem til uttrykk i sitatet ovanfor, som nokre stader kan ha utfordra samspelet mellom dei frivillige og museet. Dels kan det òg vera ein konsekvens av at frivilligheita har vore i endring i same periode. Dette merkast i musea. I Telemarksforskings utgreiing er ein museumsleiar sitert slik:

Frivilligheten er annerledes – færre ønsker å engasjere seg gjennom å forplikte seg til medlemskap og representasjon i lag og foreninger, men vil likevel gjerne delta – ikke bare for å «hjelpe til», men for å lære noe nytt, ha sosial omgang med andre og «høre til».27

At talet på årsverk har halde seg stabilt, jamvel auka, kan òg vera ein konsekvens av at musea har vorte større einingar. Mellom anna viser rapporten Frivillighet i offentlige og offentlig finansierte kulturinstitusjoner, frå Senter for forsking på sivil samfunn og frivillig sektor at det er ein positiv samanheng mellom talet på betalte årsverk og talet på frivillige.28 Institusjonar med mange tilsette er òg størst når det gjeld talet på frivillige. Slik sett kan større driftsorganisasjonar ha gjeve eit godt utgangspunkt for å halda talet oppe. Ei auka profesjonalisering av musea i stort, bidreg òg til meir profesjonelt arbeid med frivillige, noko som er eit naudsynt utgangspunkt for å møta frivilligheita slik ho utviklar seg i takt med endringar i samfunnet. Slik sett kan det at talet på frivillige årsverk har halde seg så stabilt, vera eit uttrykk for at musea har arbeidd godt og aktivt med dei frivillige trass den utfordrande posisjonen delar av frivilligarbeidet ser ut til å ha fått i reformperioden.

3.8 Avsluttande vurdering

Museumsreforma har vore ei omfattande reform for museumssektoren i Noreg. Utgangspunktet var eit ynske om å lyfta sektoren over i ei ny tid, som kravde sterkare og meir profesjonelle organisasjonar for å fylgja med i ei fagleg utvikling. Reformperioden har strekt seg over tjue år, fordelt på to fasar, kvar oppsummert med ei melding til Stortinget. Gjennom perioden er det lagt fram ei rekkje evalueringar og rapportar og anna materiale som har fylgt utviklinga. Vurderinga i denne meldinga har i all hovudsak teke utgangspunkt i samanstillingane av denne kunnskapen, som Telemarksforsking har gjort i utgreiinga Museum og samfunn, tinga av departementet i samband med meldingsarbeidet. Overordna konkluderer utgreiinga med at ein sidan reforma vart sett i verk i 2002, har sett ei utvikling av eit anna og på fleire måtar langt meir profesjonalisert museumslandskap.29 Dette viser seg gjennom styrkt økonomi, fleire tilsette, høgare aktivitet og meir samarbeid. Tala viser òg at voksteren i årsverk ved musea gjennom reforma har kome blant dei faglege tilsette. Samstundes har dei organisatoriske grepa gjeve nokre utfordringar, særleg knytte til eigarskap til samlingar og til det frivillige arbeidet.

At samlingane som dei konsoliderte einingane forvaltar, har hatt ulike eigarar og eigarstyre, har nokre stader gjort det krevjande å få til ein heilskapleg organisasjon og teke store administrative ressursar for å få dette til. Kulturdepartementet vurderer det slik at det framleis er utfordringar i nokre få regionar knytt til dette. Over åra har likevel dei aller fleste konsoliderte einingane kome fram til avtalar og løysingar som frå departementet sin ståstad ser ut til å gagna både eininga og dei enkelte avdelingane. Utfordringar knytte til dette er likevel noko departementet vil fylgja med på i tida som kjem, og dette vert drøfta nærare i kapittel 10.

Det frivillige arbeidet og den lokale forankringa som ligg i dette, har vore eit diskusjonstema gjennom heile reformperioden. Museumsreforma ser ut til å ha påverka det frivillige arbeidet på fleire måtar, men også dette ser litt ulikt ut frå museum til museum og region til region. Nokre stader har det frivillige engasjementet vorte svekt. Konsolidering og sentralisering kan i nokre tilfelle ha hatt noko å seia for dette. Samstundes viser tala at dei frivillige årsverka ikkje har gått ned i perioden, og fleire museum melder om godt samarbeid med dei frivillige og legg ressursar ned i dette. Departementet ser at konsolidering til større einingar nokre stader har utfordra dynamikken mellom frivillige og museet på måtar som ikkje har gagna nokon av partane. Det er døme på formidlingsarenaer som har mist lokal forankring i reformperioden. Departementet ser òg at mange museum arbeider aktivt med dei frivillige og vidareutviklar dette i tråd med samfunnsutviklinga, og at det frivillige engasjementet mange stader held seg stabilt. Departementet har inntrykk av at der musea legg ned ressursar i koordinering og oppfylging av det frivillige arbeidet, fungerer samarbeidet best for båe partar. Departementet meiner det er avgjerande viktig at musea held fram med å vera lokalt forankra institusjonar, og at det frivillige arbeidet er ein sentral del av dette. Dette vert drøfta i kapittel 9. Utviklinga på dette området speglar endringar som skjer både i det frivillige arbeidet, i lokalsamfunna og i musea, og dette er noko departementet vil prioritera å byggja meir kunnskap om i tida som kjem.

Kulturdepartementet vurderer det slik at resultata av museumsreforma er litt ulike i ulike regionar og i ulike institusjonar. Dette er som venta, all den tid utgangspunktet var svært ulikt av fleire grunnar. Både historiske, geografiske og politiske faktorar har gjennom tida spela inn i korleis museumssektoren har utvikla seg i dei ulike landsdelane. Kulturdepartementet legg alt i alt til grunn at det i alle regionar og institusjonar i det nasjonale museumsnettverket i dag er betre føresetnadar for vidare museumsfagleg utvikling, enn før reforma tok til. Det ser i augneblinken ikkje ut til at det store biletet er i endring når det gjeld tenleg innretting av einingar og formidlingsarenaer. Ytterlegare konsolideringar vil framleis kunna vera aktuelt i nokre regionar, men i store delar av landet tyder mykje på at ein no har eit greitt tal museumseiningar med statlege driftstilskot.

Gjennom ei samkøyring av elles ulike museumseiningar i eit nasjonalt museumsnettverk, som har fått fleire møteplassar og samhandlingsarenaer, ligg mykje til rette for vidare fagleg utvikling i sektoren som heilskap. At dei ulike einingane har ulike utgangspunkt når det gjeld storleik, kvar dei ligg og kva fagområde dei høyrer til, tek ikkje bort verdien av å tenkja museumsfagleg utvikling overordna for heile sektoren. Så må dei ulike einingane arbeida med dei faglege spørsmåla på eigne premissar og måtar, samstundes som dei strekkjer seg etter det kvalitetsnivået som er forventa av profesjonelle museumsorganisasjonar i dag og i tida som kjem.

Fotnotar

1.

Brunchorst 1900 sitert i NOU 1996: 7. Museum. Mangfald, minne, møtestad, s. 28.

2.

St.meld. nr. 22 (1999–2000), s. 104.

3.

Museumsstatistikken gjev ei oversikt over status på samlingane og noko av aktiviteten i dei norske musea. Statistikken viser òg inntekter og utgifter for musea. Museumsstatistikken baserer seg på data frå Norsk kulturråd rapportert via Altinn. Frå og med statistikkåret 2002 utgjer statistikken ein delpopulasjon av dei norske musea. I tillegg til at musea skal vere opne for publikum, har SSB avgrensa populasjonen til å gjelde berre dei musea som har minst eitt fast lønna årsverk i statistikkåret.

4.

NOU 1996: 7, Museum. Mangfald, minne, møtestad, s. 47.

5.

NOU 1996: 7, s. 70.

6.

St.meld. nr. 22 (1999–2000), s. 8.

7.

St.meld. nr. 49 (2008–2009), s. 113.

8.

St.meld. nr. 49 (2008–2009), s. 13.

9.

Interne arenaer er arenaer som er ein del av museets faste bygningar og område.

10.

Hylland, Løkka, Hjemdahl, Kleppe (2020). Museum og samfunn – En utredning om museenes samfunnsroller i lys av museumsreformen. Telemarksforsking,s. 42

11.

Hylland, Løkka, Hjemdahl, Kleppe (2020), s. 69.

12.

Hylland, Løkka, Hjemdahl, Kleppe (2020), s. 61.

13.

Hylland, Løkka, Hjemdahl, Kleppe (2020), s. 62.

14.

Hylland, Løkka, Hjemdahl, Kleppe (2020), s. 61.

15.

Hylland, Løkka, Hjemdahl, Kleppe (2020), s. 28.

16.

Hylland, Løkka, Hjemdahl, Kleppe (2020), s. 30.

17.

Hylland, Løkka, Hjemdahl, Kleppe (2020), s. 68.

18.

Hylland, Løkka, Hjemdahl, Kleppe (2020), s. 43.

19.

Stillingskategoriar frå Norsk kulturråd sitt statistikkskjema.

20.

Tal frå Norsk kulturråd.

21.

Hylland, Løkka, Hjemdahl, Kleppe (2020), s. 97.

22.

Hylland, Løkka, Hjemdahl, Kleppe (2020), s. 65.

23.

Hylland, Løkka, Hjemdahl, Kleppe (2020), s. 47.

24.

Hylland, Løkka, Hjemdahl, Kleppe (2020), s. 70.

25.

Hylland, Løkka, Hjemdahl, Kleppe (2020), s. 63.

26.

Hylland, Løkka, Hjemdahl, Kleppe (2020), s. 88.

27.

Hylland, Løkka, Hjemdahl, Kleppe (2020), s. 87-88.

28.

Wollebæk, Dag (2018). Frivillighet i offentlige og offentlig finansierte kulturinstitusjoner. Rapport fra Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor. 2018:4, s. 22.

29.

Hylland, Løkka, Hjemdahl, Kleppe (2020). Museum og samfunn – En utredning om museenes samfunnsroller i lys av museumsreformen. Telemarksforsking, s. 67.

Til forsida