Meld. St. 29 (2022–2023)

Datatilsynets og Personvernnemndas årsrapportar for 2022

Til innhaldsliste

2 Merknader frå Kommunal- og distriktsdepartementet til Personvernnemndas årsrapport

Personvernnemnda er eit uavhengig forvaltningsorgan, administrativt underlagt Kommunal- og distriktsdepartementet. Til liks med Datatilsynet, kan ikkje nemnda instruerast om behandlinga av einskildsaker eller den faglege verksemda elles.1

I rapporteringsåret tok Personvernnemnda imot i alt 22 nye klagesaker frå Datatilsynet, som er det same talet som i 2021. Fem saker blei overførte frå 2020, noko som gir eit samla sakstilfang på 27 saker. I løpet av året fatta Personvernnemnda vedtak i 19 av desse sakene, medan åtte saker blei vidareførte til 2023. Eitt vedtak er gjort med dissens. Datatilsynets vedtak blei endra i tre av dei 19 sakene nemnda ferdigbehandla i rapporteringsåret. Dette utgjer ein omgjeringsdel på 16 prosent, ein markant nedgang frå 2021 og 2020, da omgjeringsdelen var på høvesvis 27 og 47 prosent. Datatilsynet fatta 301 einskildvedtak i 2022, og i lys av dette er talet på saker der nemnda kjem til eit anna resultat enn Datatilsynet særs lågt.

I årsrapporten peiker leiaren av Personvernnemnda på at nemnda, til liks med føregåande år, har merka overgangen til personvernforordninga godt. Sjølv om personopplysningslova 2018 har vore i kraft i om lag fem og eit halvt år, må nemnda framleis halde seg til ny og «upløgd mark» i sakene som blir fremja. Mange av sakene er krevjande, store og komplekse.

Nemnda gjennomførte totalt åtte møte i 2022, der eitt av møta gjekk over to dagar. Dei fleste av møta blei gjennomført fysisk, med unntak av eitt møte som blei avhalde digitalt av omsyn til smittevern. Fleirtalet av sakene blei behandla og avgjorde i løpet av eitt nemndmøte, noko nemnda meiner skuldast god saksførebuing i eit samarbeid mellom leiar, sekretariatet og resten av medlemmene i nemnda. Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida var på fire månader, noko som er ein liten auke samanlikna med tre månader i 2021 og 2,3 månader i 2020. Vedtaka til nemnda blir publisert i anonymisert form på Personvernnemndas heimesider og på Lovdata.

Personvernnemnda behandlar klager frå både privatpersonar, bedrifter og offentlege verksemder. Nemnda peiker i årsrapporten på at sakene gjennomgåande har stor betydning både for privatliv, kommersiell og offentleg verksemd. Nemnda legg derfor vekt på å skrive fagleg gode vedtak, slik at desse kan gi rettleiing for seinare liknande saker. Departementet deler vurderinga til nemnda av viktigheita av at vedtaka er skrivne slik at dei eignar seg til framtidig rettleiing – for både publikum, behandlingsansvarlege og Datatilsynet.

Slik som i tidlegare år, viser Personvernnemnda til at sakene dei behandla i 2022 har reist varierande problemstillingar. Dei personvernrettslege spørsmåla må ofte sjåast i samanheng med andre rettsområde og sektorlovgiving, mellom anna forvaltningsrett, helserett og ulike privatrettslege reglar og avtaler. Nemnda skriv i årsrapporten at eit tema som jamleg dukkar opp i klagesakene er kameraovervaking. I rapporteringsåret behandla nemnda tre slike saker. Sakene gjaldt både kamera på privat eigedom, der naboar eller andre klagar på bruken, og kameraovervaking i næringssamanheng.

Ein annan tilbakevendande sakstype gjeld spørsmål om sletting av søkjetreff i søkjemotoren Google (avindeksering på nett). I rapporteringsåret behandla nemnda to slike saker. Til samanlikning behandla nemnda tre slike saker i 2021 og to i 2020. I desse sakene gjer nemnda ei konkret avveging av personvernomsyn opp mot omsynet til ytringsfridomen og allmentas interesse i å ha tilgang på informasjon ved søk på namnet til vedkommande. Òg saker om kva for ein rett arbeidsgjevar har til innsyn i tilsette si e-postkasse og saker om rettsleg grunnlag for kredittvurdering, dukkar framleis opp jamleg.

I vurderinga av framtidsutsiktene peiker Personvernnemnda på at samfunnet stadig blir meir digitalisert. Nemnda viser til Personvernkommisjonens2 skildring av ein digitaliseringsprosess som pregar alle samfunnssektorar, og framhevar vurderinga til kommisjonen av ein gjennomgåande tendens til at digitalisering skjer på kostnad av personvernet. Nemnda meiner dette tilseier behov for auka merksemd og styrking av personvernet, og trekk frem at varetaking av personvernomsyn føreset eit velfungerande handhevingsapparat med tilstrekkelege ressursar, både hos Datatilsynet og Personvernnemnda.

Som førre år, peiker nemnda på at det har vore fleire datainnbrot hos store norske verksemder dei siste åra, òg i 2022. Dei viser til saken om Østre Toten kommune,3 som illustrerer at dataangrep kan få alvorlege konsekvensar for personvernet til dei registrerte. Saka er ei påminning om viktigheita av god informasjonstryggleik.

I si vurdering av framtidsutsikter, peiker nemnda vidare på at personvernforordninga har styrkt rettane til dei registrerte og skjerpa pliktene til dei behandlingsansvarlege. Dette har medført auka bevisstheit om personvernregelverket. Personvernnemnda meiner framleis det er for tidleg å seie noko sikkert om kva for betydning dette vil få for deira arbeidsmengde, men at det er lite sannsynleg at saksmengda vil gå ned. Nemnda vurderer tvert om at sakene truleg vil bli meir komplekse med den auka digitaliseringa i samfunnet. Departementet deler denne vurderinga.

Gjennomføringa av personvernforordninga i norsk rett har medført behov for rettslege avklaringar gjennom klagesaksbehandling, mellom anna ved fastsetjing av nivå for ilegging av gebyr. Talet på klagesaker og kompleksiteten i sakene vil styre arbeidsmengda og ressursbruken i nemnda framover. Til dømes mottok Personvernnemnda i 2022 den mykje omtalte Grindr-saka frå Datatilsynet. Saka gjeld klage på eit vedtak frå Datatilsynet om ilegging av gebyr på 65 mill. kroner til datingappen Grindr LLC. Datatilsynet kom til at Grindr LLC hadde utlevert personopplysningar, inkludert særlege kategoriar personopplysningar, til annonsepartnarar utan å ha rettsleg grunnlag for dette. Saka er omfattande og har vore mykje omtalt i media både nasjonalt og internasjonalt. Nemnda vurderer at denne saka vil leggje beslag på vesentlege ressursar i 2023.

Vurderinga til Kommunal- og distriktsdepartementet er at sakene nemnda behandlar stadig blir meir krevjande og komplekse. Nemnda beskriv òg at sakene i aukande grad har ei side mot andre rettsområde enn personvern, noko som krev at nemnda må setje seg inn i ulike tema og regelverk. Departementet meiner Personvernnemnda gjer dette på ein god måte. Fordi nemndas avgjerder dannar presedens for framtidige saker, er det svært viktig at nemnda gjer grundige vurderingar i sakene den behandlar. Departementet er derfor nøgd med at nemnda prioriterer å utarbeide kvalitativt gode vedtak, som eignar seg som rettleiing for framtidige saker. Departementet vurderer òg at saksbehandlingstida framleis er på eit tilfredsstillande lågt nivå.

Samla sett er det vurderinga til departementet at nemnda gjer eit svært godt arbeid innanfor dei tildelte ressursane.

Fotnotar

1.

Personopplysningslova § 22.

2.

NOU 2022: 11 Ditt personvern – vårt felles ansvar.

3.

PVN-2022-13.

Til forsida