Ot.prp. nr. 10 (2002-2003)

Om lov om lønnsnemndbehandling av arbeidstvisten mellom Kommunalansattes Fellesorganisasjon og Servicebedriftenes Landsforening i samband med tariffrevisjonen 2002

Til innhaldsliste

4 Konklusjon

Etter ei samla vurdering, særleg med grunnlag i rapporten frå Statens helsetilsyn, har Kommunal- og regionaldepartementet kome til at omsynet til liv og helse taler for at konflikten mellom KFO og SBL no blir løyst utan ytterlegare arbeidskamp.

Noreg har ratifisert fleire ILO-konvensjonar som vernar organisasjonsfridommen og streikeretten (konvensjon nr. 87, 98 og 154). Slik konvensjonane har vore tolka av ILOs organ, er det berre høve til inngrep i streikeretten dersom streiken set liv, helse eller personleg tryggleik i fare for heile eller store delar av befolkninga.

Den reviderte sosialpakta under Europarådet har i artikkel 6 nr. 4 ein regel som vernar streikeretten. Vi må likevel sjå artikkel 6 i samanheng med del V artikkel G, som opnar for at det ved lov kan gjerast avgrensingar i streikeretten som er nødvendige i eit demokratisk samfunn for å verne fridom og rettar for andre menneske, eller til vern av offentlege interesser, den nasjonale tryggleiken og moralen i samfunnet.

Kommunal- og regionaldepartementet meiner at eit vedtak om tvungen lønnsnemnd i denne arbeidskonflikten er innanfor ramma av dei konvensjonane Noreg har ratifisert.