Ot.prp. nr. 3 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m. (gjennomføring av direktiv 2000/35/EF av 29. juni 2000 om kamp mot forseinka betaling i handelshøve)

Til innhaldsliste

9 Økonomiske og administrative konsekvensar

Som nemnt ovanfor krev direktivet berre mindre endringar i norsk rett.

Forslaget om å endre fristen for når ein skal betale forseinkingsrenter frå ein månad til 30 dagar, synest å ha få eller ingen praktiske økonomiske eller administrative konsekvensar.

Forslaget om at forseinkingsrentesatsen skal fastsetjast to gongar i året i tråd med reglane i direktivet, vil medføre noko, men ikkje nemnande, meirarbeid for Finansdepartementet, som fastset rentesatsen.

For verksemdene vil det medføre at dei må halde seg oppdatert på den nye rentesatsen oftare enn no. Det kan òg tenkjast at ein oftare må endre standardoppsett på faktura og liknande. I høyringsnotatet uttalte departementet at ut frå den kunnskapen det sat inne med då «er det enkelt å gjere slike endringar ved hjelp av dei vanlege fakturaprogramma som er på marknaden i dag. Det er difor ikkje grunn til å tru at hyppigare endring av forseinkingsrentesatsen vil påføre verksemdane nemneverdig meirbelastning verken økonomisk eller administrativt.»

I høyringsrunda har Nærings- og handelsdepartementet peika på at ca. 90% av norske registrerte verksemder har under 5 tilsette, og at det særleg for slike små verksemder vil kunne føre med seg ein meirkostnad å halde seg oppdatert på den nye rentesatsen.

Også Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon har peika på at ei hyppigare endring i forseinkingsrenta vil kunne skape problem for mindre kravshavarar:

«Særlig for mindre kreditorer vil en overgang til hyppigere endringer i forsinkelsesrenten kunne skape problemer. Det er nevnt i høringsnotatet at disse normalt vil ha faktureringsprogrammer som kan takle dette praktisk. Endringer er likevel betinget av at den nye renten legges inn i programmet. Det er derfor viktig at man finner frem til en ordning slik at det er enkelt for kreditorene å følge med i de endringene som foretaes.»

Toll- og avgiftsdirektoratet peiker på at dei i ein overgangsfase vil få problem med sin teknologi:

«Endringane som er knytt til fastsetjinga av forseinkingsrenta vil medføre at det må brukast ulik rentesats for ulike periodar innan same rentekrav. Ei slik differensiering av rentesatsen vil ikkje kunne handterast systemmessig i Tollvesenet sitt regnskapssystem (Agresso) og Tollvesenet sin reskontro for krav på toll og avgifter ved innføring og utføring av varer (TVINN Innkreving) per i dag.

Før Tollvesenet kan rekna renter i samsvar med framlegget til endringar i forseinkingsrentelova, må rutinen for renterekning i Agresso endrast gjennom eigen tilpassing frå leverandør samt at det må gjerast ei databasendring og ei programendring i TVINN Innkreving.

Om endringane i høyringsnotat vert vedtekne, er det naudsynt å setje av tilstrekkeleg tid før endringane trer i kraft. Tollvesenet treng tid til høvesvis eigen utvikling og leveranse frå ekstern leverandør, samt testing og implementering av dei systemmessige endringane. Om det vert avsett for kort tid, vil vi kunne havne i ein situasjon kor systema ikkje handterer gjeldande regelverk. Konsekvensen av dette vil til dømes kunne bli at utskriving av rentekrav må utsetjast til dei systemmessige endringane er på plass.»

Forpliktinga som følgjer av at direktivet er innarbeidd i EØS-avtalen, gjer det umogeleg å utsetje ikraftsetjingstidspunktet. Som fråsegna frå Toll- og avgiftsdirektoratet viser, vil truleg enkelte verksemder måtte oppgradere teknologien slik at denne kan handtere hyppigare skifte av forseinkingsrentesatsen. Dette vil naturleg nok koste noko, men Toll- og avgiftsdirektoratet har ikkje sagt at det vil vere særleg kostnadskrevjande. Ingen andre høyringsinstansar har hatt merknader til dette. Departementet legg difor til grunn at oppgradering av teknologi for dei fleste ikkje vil vere særleg kostnadskrevjande.

Departementet ser også at det særleg for mindre verksemder kan medføre ein viss meirkostnad å halde seg oppdatert på endringar i forsinkingsrentesatsen. Dersom ein finn gode rutinar for kunngjering av rentesatsen, noko som vil bli tatt opp med Finansdepartementet som vil ha ansvaret for kunngjeringa, kan departementet vanskeleg sjå føre seg at denne meirkostnaden skal bli særleg stor. Departementet meiner difor det framleis er forsvarleg å seie at hyppigare endring av forseinkingsrentesatsen ikkje vil påføre verksemdene ei økonomisk eller administrativ meirbelastning som er å rekne med. Departementet legg til at slike verknader vil vere ei følgje av forpliktingane etter EØS-avtalen, og at dei råkar verksemder i andre EØS-stater like mykje som i Noreg.

Noko anna er at forseinkingsrentesatsen kan bli høgare enn den er no. Dette vil den alltid bli dersom Noregs Bank si pengepolitiske styringsrente er høgare enn fem prosent, i og med at rentesatsen alltid skal vere referanserenta pluss minst sju prosent, jf. punkt 4.3 ovanfor. Ein auke av rentesatsen vil vere ein føremon for kreditorar, men ei ulempe for debitorar. Dersom forseinkingsrentesatsen blir vesentleg høgare enn i dag, kan ein difor ikkje sjå vekk frå at enkelte verksemder som er skuldnarar, vil få ei auka økonomisk belastning.

Forslaget om at organisasjonar som representerer verksemder skal kunne gå til søksmål for å prøve kor vidt standardavtalar om betalingstid eller konsekvensane av forseinka betaling er urimelige for kreditor, kan tenkjast å føre til at det blir nokre fleire saker for domstolane. Dersom det skulle bli mange slike søksmål, vil det kunne bli eit auka trykk på domstolane, men det er etter departementet sitt syn liten grunn til å tru at så vil skje.

Samla reknar departementet med at endringsforslaga ikkje vil ha monalege økonomiske eller administrative konsekvensar.

Til forsida