Ot.prp. nr. 54 (2005-2006)

Om lov om endringar i straffeprosesslova m.m. (sakshandsaminga i Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker m.m.)

Til innhaldsliste

9 Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet ser ikkje at forslaga i proposisjonen her vil få nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar. Forslaget til eit nytt fjerde punktum i § 397 tredje ledd (forenkla grunngjeving for ei viss type saker) kan spare kommisjonen for noko arbeid. Kor stor innsparingseffekt som vil liggje i dette, beror mellom anna på i kva for grad kommisjonen vil nytte høvet til å gi ei forenkla grunngjeving, og om ein ny praksis vil føre til større behov for munnleg rettleiing. Det er difor ikkje mogleg å talfeste innsparinga.

Eventuelle meirkostnader som følgje av lovendringane vil bli dekt innanfor dei ordinære budsjettrammene.

Til forsida