Ot.prp. nr. 68 (2003-2004)

Om lov om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

2 Individuelle livrenter og kapitalforsikringar utan garantert avkastning

2.1 Innleiing og samandrag

Skattereglane for individuelle livrenter og kapitalforsikringar blei utforma i ei tid der livsforsikringsselskapa alltid garanterte ei viss avkastning på sparedelen av innbetalte midlar. Dei seinare åra har det vore mogleg å teikne avtalar med investeringsval og utangarantert avkastning. Sparedelen av premien blir da plassert i fond etter forsikringstakaren sitt val, innanfor ramma av det selskapet tilbyr av plasseringar. For slike avtalar er det kunden som har risikoen for avkastninga, samstundes som det er forsikringsselskapet som eig fondsdelane. Kunden har berre eit krav på å få utbetalt ein sum tilsvarande nettoverdien av investeringane. Det inneber at både dei individuelle livrentene og kapitalforsikringane kan gje negativ avkastning (tap) på sparemidlane.

Departementet legg med dette fram eit forslag om endringar i skattelova slik at skattereglane blir tilpassa individuelle livrenter og kapitalforsikringar med investeringsval utan garantert avkastning. For livrenter foreslår departementet ein heimel for frådrag for det tapet av sparemidlane som kan oppstå i avtalar utan avkastningsgaranti. Når det gjeld kapitalforsikringar utan garantert avkastning, foreslår departementet ein klarare heimel for skattlegging og ei klargjering av når avkastninga skal skattleggast. Departementet foreslår og ein heimel for frådrag for tap frå slike avtalar. Samstundes inneheld forslaget ei endring av arveavgiftslova slik at ein ikkje skal svare arveavgift på den delen av utbetalinga frå ei kapitalforsikring utan garantert avkastning som blir betalt i skatt.

Departementet legg vekt på at både individuelle livrenter og kapitalforsikringar må ha eit ikkje uvesentleg forsikringselement for å bli skattlagt som forsikringsavtalar.

Forslaget gjeld ikkje individuelle livrenter som blir skattlagde etter dei særlige reglene som gjeld for individuelle pensjonsavtaler etter skattelova (IPA).

Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde frå og med inntektsåret 2004.

2.2 Individuelle livrenter

2.2.1 Gjeldande rett

Individuelle livrenter utan avkastningsgaranti skal i utgangspunktet skattleggjast som ordinære livrenter.

Individuelle livrenter med garantert avkastning blir tildelt ei viss avkastning årleg. Sjølv om avkastninga er tilordna polisen med endelig verknad, følgjer det av skattereglane at den ikkje er skattepliktig før den blir utbetalt frå forsikringa. For forsikringar utan garantert avkastning er den årlege avkastninga endringa i marknadsverdien i dei underliggande verdipapira, med frådrag for kostnader. Det er først ved utbetalinga at avkastninga kan bli endelig fastsett.

2.2.1.1 Livrenter med full skatteplikt

Etter hovudregelen i skattelova § 5-1 første ledd er fordel vunne ved livrente skattepliktig som alminneleg inntekt. Skattlegginga skjer ved utbetaling av livrenteterminane. Utgangspunktet er at heile utbetalinga skattleggjast. Så lenge heile terminutbetalinga blir skattlagd, treng ein ikkje å sondre mellom avkastning og innbetalte midlar. For livrenter med full skatteplikt gir gjeldande reglar tilfredstillande løysingar for avtalar utan garantert avkastning når avkastninga er positiv. Sjå punkt 2.2.1.3 for tilfeller med negativ avkastning (tap).

Vanlegvis blir det teikna avtalar med avgrensa skatteplikt i Noreg, der berre avkastninga på sparemidlane blir skattlagd, sjå punkt 2.2.1.2 nedanfor. Men reglane om full skatteplikt vil til dømes vere aktuelle for ei del utanlandske avtalar.

2.2.1.2 Livrenter med avgrensa skatteplikt

Skatteplikta er i dei fleste tilfelle avgrensa til den del av livrenta som ikkje blir rekna som tilbakebetaling av innbetalte premiar, jf. skattelova § 5-41. Dette gjeld berre for livrenter i selskap som har eller har hatt løyve til å drive forsikringsverksemd her i landet. Det er eit vilkår i § 5-41 at livrenta følgjer fastsette vilkår, og at det ikkje er gitt frådrag for premien ved likninga. Vilkåra og utrekning av skattepliktig inntekt er regulert i forskrift av 19. november 1999 nr. 1158 til utfylling og gjennomføring m.m. av skatteloven av 26. mars 1999 nr. 14 (FSFIN)§ 5-41.

Også for livrenter med avgrensa skatteplikt gir gjeldande regler tilfredstillande løysingar for livrenter utan garantert avkastning, så lenge avkastninga er positiv:

Reglane om utrekning av den skattepliktige inntekta varierar etter typen av forsikringsavtale. For livrenter som nemnt i FSFIN § 5-41-2 bokstavane a-d, skal den skattepliktige avkastninga reknast som differansen mellom årets ytingar og eit årlig frådragsbeløp, jf. FSFIN § 5-41-3 første ledd. Etter andre ledd i forskrifta er frådragsbeløpet summen av alle dei innbetalte premiane dividert på talet på dei åra livrenta skal løpe. Beløpet kan såleis fastsettast på same måte for avtalar med og utan garantert avkastning.

Årets ytingar kan ikkje fastsetjast på førehand for livrenter utan garantert avkastning. Ytingane er avhengige av marknadsverdien på dei underliggjande fondsdelane. Den terminvise utbetalinga skal utgjere verdien på utbetalingstidspunktet dividert på talet for gjenståande terminar inklusive den aktuelle. Vi viser til FSFIN § 5-41-9, som sist blei endra ved forskrift av 27. juni 2003 nr. 874.

FSFIN § 5-41-3 gjeld tilsvarande for overlevingsrenter etter FSFIN § 5-41-2 bokstavane e-g. Når frådragsbeløpet for dei sistnemnte produkta skal utreknast, blir forsikringa sin avbrotsverdi lagt til grunn. Det same gjeld for ektefellerente og livrente med garanti som tek til å løpe på grunn av dødsfall før oppnådd alder etter polisen. Departementet legg til grunn at det å bruke avbrotsverdien for avtalane med investeringsval ikkje inneber eit skattemessig problem.

For uførerenter etter FSFIN § 5-41-2 bokstav j skal det ikkje fastsetjast nokon differanse. Her blir 20 prosent av terminutbetalinga rekna som skattepliktig inntekt. Dette er livrenter som ikkje har spareelement, og som derfor ikkje er av interesse i denne samanheng. Barnerente er unntatt frå skatteplikt, jf. FSFIN § 5-41-5.

2.2.1.3 Livrenter og tap

For livrenter med investeringsval kan verdiane av dei underliggande fondsdelane bli så låg at ein får eit tap (negativ avkastning) på innbetalte midlar.

Skattelova har særlege reglar om livrenter. Desse særreglane regulerar ikkje tap. Den positivrettslege reguleringa på området inneber at særreglane er uttømmande. Dei kan ikkje supplerast av meir generelle reglar som skattelova § 6-2 om tap ved avhending av formuesgode. Etter departementet si vurdering kan rett til frådrag heller ikkje tolkast ut av det regelverket som gjeld for skattlegging av livrenter. Departementet har uttalt seg om frådrag for tap i eit brev av 26. november 2001 til eit advokatfirma (Utv. 2002 side 174):

«I den grad det årlige fradragsbeløpet etter FSFIN § 5-41-3 overstiger terminutbetalingen, vil det oppstå spørsmål om fradrag for tap i innskutt kapital. I denne særskilte reguleringen av skatteplikten finnes det ingen konkret fradragshjemmel for slikt tap. Departementet antar at rett til fradrag ikke kan innfortolkes i regelverket, og at det dermed ikke er adgang til å kreve fradrag for tap på innskutt kapital under en livrenteforsikring med investeringsvalg.»

2.2.2 Høyringa

Departementet sende den 17. desember 2003 ut eit høyringsnotat. I notatet foreslo departementet ei endring av skattelova med heimel for frådrag for tap på sparedelen av ei individuell livrente utan garantert avkastning, frå og med inntektsåret 2004.

2.2.3 Synspunkt frå høyringsinstansane

Dei av høyringsinstansane som har hatt merknader til forslaget om individuelle livrenter, har vore positive til at det vert gjeve ein klar heimel for frådrag for tap.

Finansnæringens Hovedorganisasjon uttalar i tillegg følgjande:

«Vi tolker de foreslåtte reglene slik at fradragsretten gjelder for hele forsikringstiden og at de tap kundene har hatt i utbetalingstiden i disse årene kan komme til fradrag ved senere utbetalinger.»

2.2.4 Departementet sine vurderingar og forslag

Av framstillinga ovanfor går det fram at tap på livrenter ikkje er regulert i gjeldande regelverk. På dette punktet er det etter departementet si vurdering behov for nærare reglar.

Når kunden har heile risikoen for avkastninga og den positive avkastninga er skattepliktig, taler det for frådragsrett for tap av innskoten kapital. Etter departementet sitt syn er det rimeleg at hovudregelen blir symmetri mellom skatt på positiv avkastning og inntektsfrådrag for tap for dei avtalane som er omfatta av forslaget.

Spørsmålet om frådragsrett gjeld i utgangspunktet både livrenteterminar som skattleggjast fullt ut etter § 5-1 og livrenter med avgrensa skatteplikt etter § 5-41 og FSFIN § 5-41. I begge høve er det ein risiko for at det kan bli utbetalt mindre enn innbetalte premiebeløp for sparedelen av forsikringa eller attkjøpsverdien.

Etter departementet si vurdering er det ikkje behov for nokon heimel for frådrag for livrenter med full skatteplikt. Dersom det er innbetalt ein premie på i alt 100 og det berre blir utbetalt 80, er det 80 som inngår i grunnlaget for alminneleg inntekt. Den negative avkastninga på 20 er det tatt omsyn til ved at det berre er dei 80 som skattleggjast.

Det er etter dette berre aktuelt å sjå nærare på livrenter med avgrensa skatteplikt.For livrenter etter FSFIN § 5-41-2 bokstavane a-d er det mogleg å fastsette tap på ein enkel måte. Det kan definerast som ei negativ differanse etter FSFIN § 5-41-3. Departementet legg til grunn at dette utgjer hovudtyngda av dei livrentene der det er rimeleg at det skal vere symmetri mellom skattlegging av positiv avkastning og frådrag for tap. Departementet legg også til grunn at det verken likningsteknisk eller administrativt er vanskeleg med ein heimel for frådrag for negativ avkastning.

For livrenter etter FSFIN § 5-41-2 bokstavane e til h blir forsikringa sin avbrotsverdi lagt til grunn ved utrekninga av skattepliktig inntekt i staden for summen av innbetalte premiar. Etter departementet si oppfatning gir dette eit tilstrekkeleg grunnlag for å fastsette tap.

Etter skattelova er det ein føresetnad for frådrag at tapet er endeleg. Det inneber at ei endring av marknadsverdien fram til utbetalingsperioden ikkje gir grunnlag for frådrag. I utgangspunktet er det først ved siste utbetaling frå livrenta at det endelege tapet kan fastsetjast. Departementet meiner likevel at ein negativ differanse som definert ovanfor, gir eit tilstrekkeleg grunnlag for å seie at tapet er endeleg etter skattelova. Ei slik løysing er praktisk både for skattytarane, forsikringsselskapa og likningsmyndigheitene.

Det blir så eit spørsmål om kven som skal ha rett til frådrag. Det er eit alminneleg skatterettsleg prinsipp at rett til frådrag krev ei såkalla oppofring for skattytar, det vil seie at tapet må være endeleg for vedkommande. Tap av innbetalte midlar er utvilsamt ei oppofring etter skattelova når livrenteterminane vert utbetalte til forsikringstakar. Det kan stillast spørsmål ved om den som mottek ubetalingar frå ei livrente som andre har innbetalt premie til, verkeleg har hatt eit tap.

Departementet legg til grunn at retten til frådrag ikkje berre bør gjelde for forsikringstakar. Skatteplikt for ei positiv avkastning er lagt på den som mottek utbetalinga. Livrenteforskrifta har såleis særreglar om tilordning av inntekt. Dei bør gjelde utan omsyn til om avtalen gir positiv avkastning eller tap. Ei slik løysing gir symmetri mellom skattepliktig positiv avkastning og frådrag for tap.

På bakgrunn av det ovannemnte foreslår departementet ein regel i skattelova § 6-47 nytt andre ledd om rett til frådrag for tap av innskoten kapital for livrenter utan avkastningsgaranti etter skattelova § 5-41, og at departementet blir gitt fullmakt til å gi reglar til gjennomføring og utfylling. Forslaget til skattelova § 6-47 nytt andre ledd gir etter departementet sitt syn ikkje rett til frådrag for tap i tidlegare inntektsår enn for det året der ein krev frådrag. Departementet viser her også til det som er sagt ovanfor om korleis ein har tenkt seg at tapet skal fastsettast.

2.3 Kapitalforsikringar

Kapitalforsikring kan anten avtalast som ei rein risikoforsikring eller som ei kombinert forsikring. Den kombinerte forsikringa har både ein risikodel og ein sparedel. Forslaget her gjeld sparedelen i ei kombinert kapitalforsikring med investeringsval og utan avkastningsgaranti.

2.3.1 Gjeldande rett

Etter skattelova § 5-20 anna ledd er den årlege avkastninga på sparedelen av ei kombinert kapitalforsikring skattepliktig. Det er fastsett reglar om utrekning av den årlege avkastninga i FSFIN § 5-20. Etter FSFIN § 5-20-3 bokstav e er den definert som avkastninga i eit år av oppsparinga under forsikringa, utrekna etter reglane i forskrifta. Utgangspunktet er at årsavkastinga er sparesaldoen ved utgangen av året med frådrag for premien o.a. Avgrensing av skatteplikta følgjer av FSFIN § 5-20-7.

For kapitalforsikring med garantert avkastning blir avkastninga tilordna kontrakten kvart år. Med unntak for ein mogleg del av tilleggsavsetningar og kursreservar, er avkastninga endeleg tilordna polisen. Tilleggsavsetningar og kursreservar blir tilordna polisen med endeleg verknad først når forsikringstilfellet inntrer, ved avtalen sitt tidspunkt for opphør eller ved attkjøp. Etter det departementet har fått opplyst, er ei slik handtering av tilleggsavsetningane og kursreservane vel etablert praksis.

Avkastning som er endeleg tilordna polisen er innvunne og tidfesta i det inntektsåret tilordninga skjer. På bakgrunn av det som er sagt ovanfor om del av tilleggsavsetningar og kursreservar, er det først ved utbetaling frå forsikringa at denne del av avkastninga er skattepliktig.

I ei kapitalforsikring med investeringsval utan garantert avkastning er avkastninga endringa i marknadsverdien i dei underliggande fondsdelane, med frådrag for kostnader til forsikringsselskapet. Slik avkastning fell inn under det alminnelege omgrepet fordel i skattelova og skattelova § 5-20. Departementet har i brev av 27. november 2001 til eit advokatfirma (Utv. 2002 side 176) uttalt at praksisen om tilleggsavsetningar m.m. og kan nyttast på kapitalforsikring utan garantert avkastning:

«Denne praksisen må etter departementets vurdering kunne videreføres og utvides til å gjelde avkastning i form av endret markedsverdi. For kapitalforsikring med investeringsvalg innebærer dette at avkastningen på innbetalt kapital først blir skattepliktig ved utbetalingen.

Også reelle hensyn tilsier en slik løsning. Når forsikringstaker har den fulle risikoen for plasseringen, er det nærliggende å trekke en sammenligning med den situasjon at forsikringstaker er formell eier av de underliggende verdipapirene. I så fall ville avkastningen bli skattepliktig som gevinst ved realisasjon.

Departementet har etter dette kommet til at avkastning på kapitalforsikring med investeringsvalg skal skattlegges som alminnelig inntekt etter § 5-20 når forsikringstilfellet inntrer, ved avtalt opphør eller ved gjenkjøp.»

Med omsyn til tap viser departementet til det som er uttalt ovanfor under avsnittet om individuelle livrenter og til brev av 27. november 2001 (Utv. 2002 side 176) der Finansdepartementet uttaler:

«Det foreligger ingen direkte hjemmel for fradrag for tap under en kapitalforsikring, verken i lov eller forskrift. Det er departementets oppfatning at en slik hjemmel ikke kan innfortolkes i regelverket. Det foreligger derfor i dag ingen adgang til å kreve fradrag for negativ avkastning under en kapitalforsikring med investeringsvalg.»

2.3.2 Høyringa

Departementet sende den 17. desember 2003 ut eit høyringsnotat med forslag om å gi ein heimel for frådrag for tap for kapitalforsikringar utan garantert avkastning. Notatet inneheld vidare forslag til endringar i skattelova som gjer reglane om skatteplikt for avkastning klarare for avtalar utan garantert avkastning. Forslaget frå departementet inneheld også ei endring av arveavgiftslova slik at ein ikkje skal svare arveavgift av heile utbetalinga frå forsikringa før skatt, men berre av netto utbetaling etter skatt.

2.3.3 Synspunkt frå høyringsinstansane

Dei av høyringsinstansane som har hatt merknader, er positive til ei klargjering av reglane for kapitalforsikringar og ein klar heimel for frådrag for tap.

Skattebetalerforeningen har ein merknad til omgrepet «avkastning» i forslaget til endringar av skattelova §§ 5-20 og 5-21:

«Det er her ikke tale om noe avkastning på linje med for eksempel renter på bankinnskudd, eller avkastning på livsforsikring som forsikringstaker får utbetalt. Dersom forsikringsbeløp som investeres i aksjer/verdipapirer/fond el. under en slik forsikringsordning vil skatteplikten gjelde gevinsten på det investerte ved realisasjon. Dersom forsikringstaker bytter fond, investerer i andre aksjer underveis, utløser ikke dette beskatning, men slike gevinster eller tap underveis akkumuleres til en endelig gevinst/tap som først får betydning på opphørstidspunktet. Vi mener på denne bakgrunn at det blir misvisende å bruke ordet «avkastning» i disse bestemmelsene når det som i realiteten beskattes er akkumulert gevinst.»

Finansnæringens Hovedorganisasjon har følgjande merknad til forslaget til endring av § 5-20 andre ledd:

«Når det gjelder de foreslåtte endringene i skattelovens § 5-20 annet ledd, legger vi til grunn at kapitalforsikringer med garantert avkastning skal beskattes årlig og at kapitalforsikringar uten garantert avkastning skal beskattes først på utbetalingstidspunktet. Vi mener denne forskjellen i tidspunktet for beskatning ikke kommer klart nok frem i det foreslåtte utkastet. Det er uklart hva som menes med «årlig avkastning» og «annen avkastning» i § 5-20 annet ledd a) og b).»

Skattedirektoratet uttalar at «begrepet livsforsikring med investeringsvalg bør innarbeides i regelverket».

2.3.4 Departementet sine vurderingar og forslag

2.3.4.1 Klarare heimlar

Heimelen for å skattlegge positiv avkastning er tilstrekkeleg klar når det er forsikringstakar som mottek utbetaling frå forsikringa. Det visast til departementet sitt brev av 27. november 2001 (Utv. 2002 side 176), som er avgrensa til dei tilfella der forsikringstakar og sikra er same person. Ei slik avgrensing er ikkje utrykkelig uttalt i brevet, men går klart fram av samanhengen og av at det er vist til skattelova § 5-20 andre ledd. Skattelova § 5-20 andre ledd regulerar innvinning, sjølv om det også følgjer av ordlyden at forsikringstakar er skattesubjekt.

Derimot er det naudsynt med ein heimel for skattlegging av avkastninga ved utbetaling til andre enn forsikringstakar. Det mest vanlege vil vere utbetaling til den som er sikra etter avtalen. Men utbetaling kan også skje til arvingar etter forsikringstakar eller til eit dødsbu. Ingen av disse tilfella fell inn under ordlyden i gjeldande § 5-20 andre ledd. Departementet foreslår på denne bakgrunn ei endring av § 5-20 andre ledd bokstav b for å gi heimel for skattlegging.

Etter departementet sitt syn er det naturleg å bruke omgrepet «avkastning» i lovteksta og ikkje «gevinst», slik Skattebetalerforeningen har teke til orde for. Det gjeld eit forsikringsprodukt der sparemidlane blir plasserte på ein annan måte enn ved ordinær kapitalforsikring. Departementet viser til at kunden berre har krav på nettoverdien av dei underliggande fondsdelane, og at selskapet ikkje har ei plikt til å realisere fondsdelane for å dekke dette kravet ved utbetaling frå forsikringa.

Etter departementet si vurdering er forslaget til § 5-20 andre ledd bokstav b i realiteten inga skatteskjerping for mottakar. Mottakaren vil som tidlegare kunne disponere nettobeløpet etter skatt.

Departementet foreslår også enkelte endringar i ordlyden i § 5-20 andre ledd bokstav a for å gjere lovteksten meir oversiktleg og tydeleg. Departementet har teke omsyn til merknader frå høyringsinstansane om at føresegna bør skilje klarare mellom avtalar med garantert avkastning og avtalar med investeringsval utan garantert avkastning. Forslaget på dette punktet er berre av lovteknisk art.

Som ein konsekvens av forslaget til endring av skattelova § 5-20 andre ledd bokstav b, foreslår departementet ei endring av § 5-21.

Det kan reisast spørsmål om det er behov for å fastsette reglar i forskrift om kva som er skattepliktig avkastning. Departementet går ut i frå at ein inntil vidare ikkje treng ei slik regulering. Utbetaling frå forsikringa vil normalt vere eit eingongsbeløp. Då vil skattepliktig avkastning vere brutto marknadsverdi på premiemidlane med frådrag for kostnader til forsikringsselskapet og summen av innbetalte premiar. Der det er avtalt fleire utbetalingar vil utrekninga bli tilsvarande, men frådraget for innbetalte premier blir ein forholdsmessig del. Ved fem utbetalingar vil frådraget utgjere ein femtedel av summen av innbetalte premiar.

Skattelova § 14-21 regulerar tidfesting av skattepliktig avkastning for ei kapitalforsikring. Etter departementet sitt syn gjeld den berre ordinære kapitalforsikringar med garantert årleg avkastning. Dette skuldast at årsoppgjeret i forsikringsselskapet ikkje vert fastsett før året etter oppteningsåret. Når det gjeld kapitalforsikringar med investeringsval, har kunden berre krav på nettoverdien av sparemidlane. Denne vert fastsett utan omsyn til resultatet i forsikringsselskapet.

2.3.4.2 Kapitalforsikringar og tap

Det er dei same omsyn som talar for symmetri mellom skatt på positiv avkastning og frådrag for tap for kapitalforsikringar som for livrenter. Departementet foreslår at det blir gitt frådrag i alminnelig inntekt for tap i skattelova § 6-47 nytt andre ledd. Tap føreligg når differansen som er omtala ovanfor er negativ.

Vurderinga av kven som skal ha rett til frådraget blir den same som for individuelle livrenter.

2.3.4.3 Kapitalforsikringar og arveavgift

Etter arveavgiftslova § 2 åttande ledd skal det svarast arveavgift av utbetalingar i samband med dødsfall frå forsikringsselskap til dødsbu, arvingar etter avdøde eller nokon som er oppnemnt som «begunstiget» etter forsikringsavtalen.

Departementet foreslår at skatt på avkastninga ikkje skal vere med i grunnlaget for arveavgift. Då unngår ein avgift på den delen av utbetalinga som blir betalt i skatt. Unntak frå plikt til å svare avgift er valt framfor unntak frå skatteplikt i slike tilfelle, etter ei vurdering der ein blant anna har lagt vekt på lik skattlegging av kapitalforsikringar med og utan avkastningsgaranti. Departementet viser til forslaget til endring av arveavgiftslova § 2 åttande ledd.

2.4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet meiner at dei administrative konsekvensane vil bli positive fordi forslaget klargjer reglane på området.

Forslaget om å gi rett til frådrag for tap i visse tilfelle kan innebere eit visst provenytap på lengre sikt, men dette er avhengig av korleis avkastinga på fondsdelane utviklar seg. Truleg vil det ikkje bli noko vesentleg provenytap av forslaget på kort sikt.

Til forsida