Prop. 136 S (2012–2013)

Endringar i statsbudsjettet 2013 under Forsvarsdepartementet (Investeringar i Forsvaret og andre saker)

Til innhaldsliste

4 Vidare utvikling av Forsvarets spesialstyrkar

Forsvaret sine spesialstyrkar har fire hovudoppgåver: Militære spesialoperasjonar i Noreg, militære spesialoperasjonar i utlandet, gisselredningsoperasjonar i utlandet og støtte til politiet i kampen mot terror i Noreg.

Dagens spesialstyrkar er Forsvarets spesialkommando/Hærens jegerkommando (FSK/HJK) i Hæren og Marinejegerkommandoen (MJK) i Sjøforsvaret. Begge avdelingane kan gjennomføre militære spesialoperasjonar i Noreg og utlandet, og gisselredningsoperasjonar i utlandet. FSK og støtteelement frå andre delar av Forsvaret har eit særskilt oppdrag om å vere budde på å gje bistand til å avverje terror på oljeinstallasjonar og farty til havs.

Forsvaret sine spesialstyrkar har over fleire år utvikla unike, fleksible og anvendelege kapasitetar som er godt tilgjengelege. Styrkane har auka kapasiteten monaleg, og har gjennom deltaking i fleirnasjonale operasjonar og handtering av nasjonal beredskap synt seg å vere ein viktig ressurs for Noreg. Denne auka kapasiteten har gjeve gode resultat, men den vidare utviklinga krev nye grep.

Regjeringa vil vidareutvikle spesialstyrkane med ei verksemdsleiing for dei to avdelingane slik som for dei andre felleskapasitetane og forsvarsgreinene. Dette legg til rette for ei einskapleg utvikling av spesialstyrkane og styrkjer evna til heilskapleg prioritering og ressursbruk. Det vert etablert ei driftseining i Forsvaret som samordnar verksemda og har ansvaret for styrkeproduksjonen og støtteverksemda i dei to avdelingane. Sjefen for denne eininga vil ha fagmyndigheit innanfor verksemda til spesialstyrkane, og forsvarsgreinene vil vere representerte både i leiing og stab. Dagens spesialoperasjonsavdeling i Forsvarsstaben vert avvikla.

Vidare vil regjeringa styrkje kontraterrorkapasiteten ved å setje MJK på beredskap. Denne beredskapen omfattar handhevingsbistand til støtte for politiet, både maritimt og på land. Dette gjev stor fleksibilitet og høve til å rotere beredskap og andre oppdrag mellom avdelingane og vidareutvikle begge avdelingane sine evner til å løyse oppdrag. Tiltaka kan føre til at det er naudsynt å auke løyvinga på kap. 1732 Sjøforsvaret. Regjeringa vil i så fall kome attende til Stortinget om inndekninga av dette.

FSK/HJK og MJK vert vidareførte som to separate avdelingar og lokaliserte som i dag, og overførte frå respektive Hæren og Sjøforsvaret til den nye spesialstyrkeeininga, Forsvarets spesialstyrkar. Personellet i spesialstyrkane vil framleis verte rekruttert frå heile Forsvaret og vil oppretthalde si forsvarsgreinvise tilknyting. Ansvaret for nivådannande utdanning og karriereutvikling vil framleis liggje til dei respektive generalinspektørane for forsvarsgreinene.

Forsvarsstaben vil framleis ha spesialstyrkekompetanse for å ivareta plan- og styringsbehovet. Operativ leiing av spesialstyrkane vert innretta som i dag gjennom bruk av eksisterande operative styringslinjer frå Operasjonsavdelinga i Forsvarsstaben og gjennom Forsvarets operative hovudkvarter. Med den strategiske funksjonen som spesialstyrkane har, og behovet for styring frå strategisk leiing, samt samvirke med Etterretningstenesta og politiet sentralt, lokaliserast driftseininga i den eksisterande tilpassa infrastrukturen på Akershus festning.

Regjeringa vurderer også fleire tiltak for å styrkje kapasiteten og uthaldenheiten i spesialstyrkane som kan leggje til rette for raskare respons og auka fleksibilitet for beredskap og oppdrag. Regjeringa vil informere Stortinget om desse tiltaka på ein eigna måte.