Prop. 151 S (2011–2012)

Endringar i ”Regulativ for tillegg mv. til utskrivne vernepliktige mannskap”

Til innhaldsliste

4 Vurderingar

Departementet meiner det er naturleg og rimeleg at det óg i år blir gitt ei regulering som for lågaste begynnarløn for vaksen, ufaglært arbeidskraft i staten. Etter ei samla vurdering er Forsvarsdepartementet kome fram til at utskrivne vernepliktige bør få ei regulering på avrunda 4,6 prosent med verknad frå 1. juli 2012.

Sivil verneplikt vart avvikla 1. juni 2012. Regulering av godtgjering vil difor berre omfatta vernepliktig personell i Forsvaret.