Prop 28 S (2011–2012)

Forlenging av bompengeordninga i Nord-Jærenpakka i Rogaland

Til innhaldsliste

5 Omtale av aktuelle prosjekt og tiltak

Figur 5.1 viser eit kart over Nord-Jæren med store prosjekt og tiltak som er aktuelle å gjennomføra ved forlenging av Nord-Jærenpakka.

Figur 5.1 Oversikt over store prosjekt og tiltak som er aktuelle ved utviding av Nord-Jærenpakka

Figur 5.1 Oversikt over store prosjekt og tiltak som er aktuelle ved utviding av Nord-Jærenpakka

E39 Eiganestunnelen i Stavanger kommune

Dagens E39 gjennom Stavanger går gjennom bustadområde og avviklar både lokaltrafikk og gjennomgangstrafikk. Standarden på delar av E39 er ikkje tilpassa trafikkmengdene. Dette fører til trafikktryggleiks- og miljøproblem i tillegg til køproblem i rushperiodane. Årsdøgntrafikken på strekninga varierer mellom 16 000 og 24 000 køyretøy.

Prosjektet omfattar bygging av firefelts veg utanom Stavanger sentrum mellom Schancheholen og Smiene nord for sentrum, inkl. ein 3,7 km lang tunnel. Prosjektet vil avlasta området for gjennomgangstrafikk, auka trafikktryggleiken og redusera køproblema. Dagens E39 mellom Schancheholen og Madlaveien er planlagt bygd om til lokalveg. For trafikk frå nord vil det bli etablert ei rampe frå Eiganestunnelen til rundkøyring ved Madlaveien. Med utgangspunkt i rundkøyringa i Madlaveien blir det også etablert ei rampe for trafikk frå sør som skal nordover i tunnelen. Ved nordre påhogg for tunnelen blir Byhaugtunnelen på dagens E39 lagt om for å inngå i lokalvegnettet. Omlagt trasé blir kopla til ny E39 i kryss med Randabergveien. Ny E39 blir avslutta og kobla saman med eksisterande E39 ved Smiene.

Det er ein føresetnad for bygginga av Ryfylkesambandet på rv 13 (Ryfast) at delar av Eiganestunnelen blir bygd. Godkjente reguleringsplanar for prosjektet E39 Eiganestunnelen inkl. ramper til Ryfast ligg føre. Førebels legg Statens vegvesen til grunn eit kostnadsoverslag (styringsramme) på om lag 1,9 mrd. 2011-kr.

Rv 510 Kryssutbetring i Sømmevågen vest inkl. Flyplassvegen

Strekninga har vesentlege køproblem i morgon- og ettermiddagsrushet. Årsdøgntrafikken varierer mellom om lag 13 000 køyretøy og om lag 24 000 køyretøy. Målet med prosjektet er å oppnå meir effektiv trafikkavvikling for næringstrafikken mellom dei viktigaste terminalene på Nord-Jæren; Stavanger lufthamn Sola, Risavika hamn, Godsterminalen ved Ganddal, offshorebasen i Dusavika og ferjehamna i Mekjarvik. Det blir lagt opp til å byggja om dagens rv 509 frå Solasplitten til Sola skule samt Flyplassvegen til fire køyrefelt, herav to kollektivfelt på til saman om lag 2,3 km. Vidare skal det etablerast nytt planskilt kryss ved Sømmevågen vest og leggjast til rette for gang- og sykkeltrafikken.

Planprogram for prosjektet er vedtatt. Arbeidet med reguleringsplan er starta opp. Kostnadene er førebels rekna til i storleiksorden 650 mill. kr. Det blir vurdert å gjennomføra ei etappevis utbygging.

Fv 44 Forus – Gausel

Fv 44 er hovudtraséen for kollektivtrafikken på veg mellom Sandnes og Stavanger. Prosjektet omfattar bygging av om lag 2 km midtstilt kollektivfelt mellom Kvadrat kjøpesenter og Gausel jernbanestasjon. Også ombygging av fleire tilstøytande vegar inngår i prosjektet. Det blir vidare lagt opp til å byggja sykkelfelt og fortau på begge sider av vegen. Prosjektet er planmessig delt inn i to delstrekningar. Forseinkingane for kollektivtrafikken er størst mellom Kvadrat kjøpesenter og Hans og Gretestien. Denne strekninga, som ligg i Sandnes kommune, er derfor høgast prioritert.

Godkjent reguleringsplan for delstrekninga i Sandnes kommune ligg føre. Arbeidet med reguleringsplan for den andre delstrekninga, mellom Hans- og Gretestien og Gausel jernbanestasjon i Stavanger kommune, er starta opp. Kostnadene er førebels rekna til i storleiksorden 670 mill. kr, herav om lag 210 mill. kr for strekninga i Sandnes kommune og om lag 460 mill. kr for strekninga i Stavanger kommune.

Fv 505 Skjæveland – Foss/Eikeland

Prosjektet skal gi ny tilkomst til godsterminalen ved Ganddal og leggja til rette for utviklinga av Kvål næringsområde i regional samanheng. Det blir lagt opp til å byggja om lag 2,4 km tofelts veg med rundkøyringar for tilrettelegging for seinare utbygging til firefelts veg med toplanskryss. Bru over godsterminalen, bygging av gang- og sykkelvegar, samt omlegging av lokalvegnettet inngår i prosjektet. Arbeidet med reguleringsplan er starta opp. Kostnadene er førebels rekna til i storleiksorden 410 mill. kr.

E39 Sandved – Hove

Prosjektet er ei delstrekning av E39 Sandved – Ålgård. I St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019 er det vurdert som aktuelt å prioritera statlege midlar til bygging av firefelts veg på den om lag 14 km lange strekninga mellom Sandved og Ålgård i siste seksårsperiode. Prioriteringa er betinga av at det blir tilslutning til eit opplegg for delvis bompengefinansiering. På den vel 1,5 km lange delstrekninga Sandved – Hove er det planlagt utviding av eksisterande tofelts veg til firefelts veg. Nytt kryss ved Hove, omlegging av sidevegane med m.a. gang- og sykkelvegar og omfattande støytiltak inngår i prosjektet. Godkjent reguleringsplan ligg føre. Kostnadene er førebels rekna til i storleiksorden 450 mill. kr.

Trafikkstyringstiltak

Det blir lagt opp til å gjennomføra tiltak for å prioritera kollektivtrafikken i Forusområdet, i hovudsak gjennom signalprioritering.

Gang- og sykkelvegar

Det blir lagt opp til å vidareføra utbygginga av gang- og sykkelvegar etter den prioriteringslista som ligg føre i dagens Nord-Jærenpakke.