Prop. 56 S (2009-2010)

Framskaffing av ein kommunikasjonssatellitt til Forsvaret

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn

Gode kommunikasjonssystem er avgjerande for at Forsvaret skal kunne bidra til stabilitet og effektiv overvaking av norske interesseområde, samt å kunne handtere episodar raskt og truverdig. Sterkare fokus på militært nærvær i nordområda fører med seg at Forsvaret sitt behov for kommunikasjonskapasitet vil vere aukande dei kommande åra. Behovet vert ytterlegare forsterka ved Forsvaret si deltaking i operasjonar i utlandet der det ikkje finst naudsynt kommunikasjonsinfrastruktur.

Forsvaret sin nye måte å operere på i eit nettverksbasert forsvar set nye krav til sikker tilgang på effektive og sikre kommunikasjonskanalar. Vidare set endringa høgare krav til kommunikasjon med både eigne og andre nasjonar sine avdelingar, uavhengig av område desse er stasjonert i. Røynsler frå operasjonar dei seinare åra syner at det berre er satellittkommunikasjon (SATCOM) som kan oppfylle krava til kommunikasjon med naudsynt bandbreidde over lange avstandar til Forsvaret sine farty og landavdelingar både heime og ute. Dei nye fregattane, Skjold-klasse fartya og det nye logistikkfartyet vil verte utstyrde med SATCOM. Vidare vil mellom anna Forsvaret sine mobile kommunikasjonsløysingar for landoperasjonar verte utstyrde med SATCOM.

Forsvaret har i fleire år nytta SATCOM som sitt primære kommunikasjonsmiddel mellom norske avdelingar i internasjonale operasjonar, og i operativ og strategisk leiing heime. I den seinare tid har Forsvaret erfart at leigemarknaden for satellittkapasitet i militære og sivile frekvensband er pressa, og ved fleire høve har ikkje Forsvaret fått fatt i den kapasiteten dei har hatt behov for. I tillegg har presset i marknaden ført med seg høgare prisar for leige av satellittkapasitet.

I 2008 nytta Forsvaret omlag 80 mill. kroner til leige av satellittkapasitet. Eit eigarskap til ein satellitt er difor venta å gje ei betydeleg innsparing både med omsyn til driftskostnader og levetidskostnader samanlikna med leige av kapasitet.

Forsvaret si røynsle frå leige av satellittkapasitet er at satellittdekninga er dårleg i nordområda. Dette er dels grunna satellittane si bane og jorda si krumming, og dels ved at dei fleste kommersielle satellittane som leiger ut kapasitet fokuserer sine antenner mot områder med høg befolkningskonsentrasjon og stort kundegrunnlag. Nordområda fell difor ofte utanfor dei kommersielle satellittane sine primære dekningsområde. Ein satellitt med norsk eigarskap vil prioritere kapasitet mot nordområda for å betre denne situasjonen.