Prop. 94 S (2010–2011)

Auka låneramme i Husbanken

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn

Husbanken skal supplere kredittmarknaden og gje lån til føremål som er samfunnsøkonomisk og fordelingspolitisk ynskjelege. Innanfor låneramma fastsett av Stortinget gjev Husbanken lån til barnehagar, startlån til unge og vanskelegstilte på bustadmarknaden, og grunnlån til oppføring av nye eller utbetring av eksisterande bustader. Bustader som får grunnlån må ha miljøkvalitetar og/eller vere universelt utforma, vere til sosiale føremål eller sikre bustadbygging i distrikta.

Låna i Husbanken er difor viktige for å sikre ei god bustadfordeling i heile landet og for å fremje kvalitetar som miljø og universell utforming, og for å hjelpe ungdom inn på bustadmarknaden.

Låneramma i Husbanken er på 15 mrd. kr i 2011. Dette er same nivå som i 2010. På bakgrunn av den høge etterspurnaden etter lån frå Husbanken i 2009 og 2010 bad fleirtalet i kommunal- og forvaltingskomiteen regjeringa følgje situasjonen nøye og kome tilbake til Stortinget med ei vurdering av trongen for auka låneramme i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2011, jf. Innst. 16 S (2010-2011).

Til forsida