Prop. 96 L (2010–2011)

Endringar i opplæringslova og privatskolelova (politiattest m.m.)

Til innhaldsliste

5 Forslag om å lovfeste rett til utvida opplæringstid i private vidaregåande skolar

5.1 Bakgrunnen for forslaget

Ved ei endring i opplæringslova i 2000 fekk elevar med rett til spesialundervisning på visse vilkår ein individuell rett til utvida opplæringstid i inntil to år i vidaregåande opplæring. Før denne endringa skulle elevane så langt mogleg få dette tilbodet etter ei konkret vurdering av ein søknad til fylkeskommunen.

I 2009 fekk minoritetsspråklege elevar som har rett til særskild språkopplæring, den same retten. I den samanheng vart det i Ot.prp. nr. 55 (2008–2009) gjort greie for rettstilstanden om ekstra opplæringstid i vidaregåande opplæring. I kapittel 5.2 heiter det:

”Elevar i vidaregåande opplæring etter privatskolelova som har rett til spesialundervisning etter privatskolelova § 3-6, har ikkje same rett til ekstra opplæringstid som elevar i offentleg vidaregåande opplæring. Føresegnene i privatskolelova gjeld uttømmande for elevar i skolar godkjende etter privatskolelova, og sidan privatskolelova verken viser til opplæringslova § 3-1 femte ledd eller har ei tilsvarande føresegn, har elevar i private skolar ikkje slik rett til inntil to år ekstra vidaregåande opplæring.”

Gjennom enkeltsaker og generelle førespurnader har det komme fram at det er vanleg praksis ved fleire private vidaregåande skolar at elevar nyttar sine rettar til utvida tid etter opplæringslova til å følgje opplæringa på fjerde og femte året ved private skolar med rett til statstilskott. Dette tyder på at desse elevane ikkje har fått tilstrekkeleg informasjon om at dei ikkje har høve til å følgje opplæringa i utvida tid ved den privatskolen dei er elevar i. Klargjering av at denne retten må takast ut i offentlege skolar kan ha ført til at elevar og foreldre har hamna i ein vanskeleg situasjon dei sjølve ikkje er skuld i.

Etter søknad har Utdanningsdirektoratet gitt somme skolar dispensasjon frå privatskolelova § 2-2 om anna verksemd, slik at skolane på frivillig basis har kunna drive opplæring av elevar på vegner av fylkeskommunen. Vidare vart det i revidert nasjonalbudsjett (Prop. 125 S. (2009–2010)) foreslått for skoleåret 2010–2011 at løyvingane på kap. 228, postane 71 Private vidaregåande skolar, 74 Private vidaregåande skolar i utlandet og 75 Private skolar for funksjonshemma elevar kan brukast til inntil to år ekstra vidaregåande opplæring i private skolar for elevar som har rett til inntil to år ekstra offentleg vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 femte ledd, jf. opplæringslova § 5-1.

Høvet til dispensasjon frå privatskolelova § 2-2 om anna verksemd og ordninga gjord greie for i revidert nasjonalbudsjett (Prop. 125 S. (2009-2010)) er ei mellombels ordning. Varig likebehandling krev ei regelendring.

5.2 Gjeldande rett

Retten til å få utvida tid i vidaregåande opplæring er lovfesta i opplæringslova § 3-1 femte ledd:

”Elev som etter reglane i kapittel 5 har rett til spesialundervisning, har rett til vidaregåande opplæring i inntil to år ekstra når eleven treng det i forhold til opplæringsmåla for den enkelte. Før fylkeskommunen gjer vedtak om utvida opplæringstid, skal det liggje føre sakkunnig vurdering av dei særlege behova eleven har. Retten gjeld også for elevar som har rett til opplæring i og på teiknspråk etter § 3-9, rett til opplæring i punktskrift etter § 3-10 eller rett til særskild språkopplæring etter § 3-12.”

Ansvarleg for slik vidaregåande opplæring i utvida tid er fylkeskommunen.

Det er inga tilsvarande føresegn om slik rett i privatskolelova, men også elevar som etter å ha fullført privat vidaregåande opplæring fyller vilkåra i opplæringslova § 3-1 femte ledd, er omfatta av det fylkeskommunale ansvaret. Dette inneber at retten til utvida tid blir gitt som offentleg opplæring. Det er derfor understreka i Ot.prp. nr. 55 (2008-2009) at det er viktig at det blir informert om dette til dei som vel privatskole i staden for offentleg vidaregåande opplæring.

Rett til særskild språkopplæring og spesialundervisning for elevar i private skolar følgjer av privatskolelova §§ 3-5 og 3-6.

Elevar i private skolar har ikkje tilsvarande rettar som elevar i offentleg skole har til opplæring i og på teiknspråk etter § 3-9 og til opplæring i punktskrift etter § 3-10, sidan tilsvarande føresegner ikkje er innført i privatskolelova. Elevar i private skolar vil derfor måtte få desse behova dekte gjennom dei generelle reglane om spesialundervisning.

5.3 Høringa

5.3.1 Høringsforslaget frå departementet

I høringa foreslo departementet at retten til å få utvida tid i vidaregåande opplæring skulle lovfestast i privatskolelova slik at elevar kan velje å ta ut retten også i private skolar med rett til statstilskott. Departementet foreslo at endringane skulle omfatte elevar med rett til spesialundervisning og elevar med rett til særskild språkopplæring etter privatskolelova, jf. privatskolelova §§ 3-5 og 3-6.

Vilkåra for å ha slik rett vart det ikkje foreslått endringar i. Det vil framleis vere fylkeskommunen som gjer vedtak om dette.

På bakgrunn av at elevar i private skolar ikkje har tilsvarande rettar som elevar i offentleg skole har til opplæring i og på teiknspråk og til opplæring i punktskrift, fann departementet at retten til utvida tid ikkje kunne omfatte desse elevane.

Departementet foreslo at retten skulle lovfestast i privatskolelova § 3-3 fjerde ledd.

5.3.2 Synspunkt frå høringsinstansane

23 av ca. 120 høringsinstansar har uttalt seg om spørsmålet. Mellom desse har tre fylkeskommunar, fem fylkesmenn, tre privatskoleorganisasjonar, Utdanningsdirektoratet, Sivilombodsmannen, NHO, HSH og Utdanningsforbundet uttalt seg. Alle støttar forslaget om å lovfeste retten til utvida tid i privatskolelova slik at elevar kan velje å ta ut retten også i private skolar med rett til statstilskott.

Barneombodet støttar forslaget og seier mellom anna:

”Elever som trenger ekstra opplæringstid har spesielle utfordringer som det er viktig å tilrettelegge for. Målet må være at elever som har mulighet for det, og ønske om det, sikres fullført videregående opplæring. Barneombudet mottar en del henvendelser om at det er svikt i det offentlige skoletilbudet som gjør at foreldre velger privat skole for sine barn. Krav om skolebytte blir da en tilleggsbelastning som en bør unngå.
Ombudet mener det er viktig å hindre at elever på private skoler som har behov for mer tid skal presses over på en ny skole i siste del av utdanningen. Selv om de fleste elevene vil være fylt 18 år når de fullfører videregående skole, minner Ombudet om at valg av ordning skal ta utgangspunkt i hva som er best for elevene det gjelder, jfr. barnekonvensjonen artikkel 3. I denne prosessen en er det viktig å høre elevene det gjelder, jfr. barnekonvensjonen artikkel 12. Barneombudet anbefaler at det innføres en bestemmelse i privatskoleloven som er lik opplæringsloven § 3-1.”

Også Kristne Friskolers Forbund støttar forslaget:

”Men vi ønsker å uttrykke glede over forslaget om at elever med rett til spesialundervisning nå skal ha rett til å ta det fjerde og femte år ved privat videregående skole. Dette forslaget støttes altså, og det er en helt nødvendig likebehandling det legges opp til både for skolene og – særlig – for de svakeste elevene.”

5.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet meiner det er formålstenleg med ei lovendring der elevar med rett til to år ekstra i vidaregåande skole får høve til å ta desse åra i privat skole. Bakgrunnen for dette er at byte av skole til eit tilbod i den fylkeskommunale opplæringa undervegs i opplæringsløpet kan gjere det vanskelegare for eleven å fullføre skolegangen. Departementet understrekar at mange av dei elevane dette gjeld, allereie er i ein vanskeleg situasjon.

Departementet meiner det også er positivt at elevar med behov for ekstra opplæringstid reelt sett får same høve som andre elevar til å velje privat skole. Desse elevane ville antakeleg ikkje velje privat skole dersom dei må gå over til offentleg skole etter det tredje året, sjølv om det i utgangspunktet er eit ønske frå eleven og dei føresette å søkje seg til ein privatskole.

Alle høringsinstansane som har uttalt seg om forslaget, støttar vurderingane frå departementet. Fleire framhevar spesielt at det er viktig for at elevane kan fullføre opplæringa, og at mange av dei elevane dette gjeld, allereie er i ein vanskeleg situasjon.

I samsvar med høringsutkastet legg departementet etter dette fram forslag om at retten til utvida tid blir lovfesta i privatskolelova § 3-3 fjerde ledd.

Til forsida