Prop. 114 LS (2021–2022)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga m.m. og folketrygdloven (arbeidsavklaringspengar m.m.)

Til innhaldsliste

4 Eingongsavgift på rullestoldrosjer

I eingongsavgifta er dei avgiftspliktige køyretøya delte inn i ni grupper med ulik avgift og berekningsgrunnlag. For personbilar vert avgifta berekna ut frå vekt og utslepp av CO2 og NOx. Fram til 2019 var det ei eiga avgiftsgruppe for drosjer med redusert avgift. For drosjene gjaldt ikkje dei to høgste trinna i CO2-komponenten, og vektkomponenten var 40 prosent av den som gjaldt for personbilar. NOx-komponenten var den same som for personbilar.

Drosjer vart avvikla som eiga avgiftsgruppe i 2019. Det vart mellom anna grunngjeve med at insentiva i eingongsavgifta til å velje køyretøy med låge utslepp òg burde gjelde for drosjer. Drosjer har etter det hatt same avgift som vanlege personbilar (avgiftsgruppe a).

Stort sett vert det nytta ombygde bussar til transport av rullestolbrukarar. Bussar er ikkje omfatta av eingongsavgifta og vart difor ikkje påverka då avgiftsgruppa for drosjer vart oppheva.

Til ein viss grad har òg ombygde personbilar (minibussar) vorte nytta som rullestoldrosjer. Dette gjeld særleg i distrikta, der det er færre drosjer, og same bil må nyttast både til transport av rullestolbrukarar og til vanleg drosjekøyring. Grunna høg vekt og høgt CO2-utslepp fekk desse bilane ein stor avgiftsauke då avgiftsgruppa for drosjer vart avvikla. Dette har gjort at køyretøya ikkje lenger har vore så aktuelle som rullestoldrosjer. Det kan særleg ha påverka tilbodet til rullestolbrukarane i distrikta. Verknaden vert forsterka av at det førebels ikkje er reelle elektriske alternativ til desse køyretøya.

På oppdrag frå Finansdepartementet har Skattedirektoratet sendt eit framlegg på høyring om å innføre ei eiga avgiftsgruppe for personbilar som er tilpassa for og vert nytta til transport av rullestolbrukarar. For å kome inn under avgiftsgruppa må køyretøyet vere registrert på innehavar av ordinært drosjeløyve og godkjent etter forskrift om universell utforming av motorvogn i løyvepliktig transport mv. Alle høyringsinstansane som har gjeve innspel, er positive til framlegget. Dette gjeld mellom anna Funksjonshemmedes Forening, Norges Handikapforbund, Norges Taxiforbund, Samferdselsdepartementet og Statens Vegvesen.

Departementet foreslår at tiltaket vert gjennomført i tråd med framlegget som vart sendt på høyring. Avgifta for den nye avgiftsgruppa vil vere på nivå med dei satsane som gjaldt for drosjer før 2019. Utfyllande reglar vert gjevne i forskrift. Framlegget har ikkje nemneverdige konsekvensar for provenyet.

Departementet syner til framlegg om endring av stortingsvedtak om eingongsavgift. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde 1. juli 2022.

Til forsida