Prop. 123 S (2018–2019)

Endringar i statsbudsjettet 2019 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2019 mv.)

Til innhaldsliste

3 Endringar på statsbudsjettet for 2019

Kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet

Post 01 Driftsutgifter

Samla bruttoutgifter ved lønsreguleringa for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet per 1. mai 2019, er for perioden 1. mai – 31. desember 2019 rekna ut til 1 864 mill. kroner. Løyvingsoverslaget byggjer på lønsmassen i det statlege tariffområdet per 1. oktober 2018.

Overslaget omfattar alle tilsette som går inn under hovudtariffavtalene i staten. Meirutgifter som følgje av auka satsar for overtid og arbeidsgivaravgift er medrekna. Vidare er meirutgifter til pensjonspremiebetaling medrekna, jf. innføringa av ein forenkla modell for pensjonspremiebetaling for statlege verksemder omtalt i avsnitt 8.3 i Prop. 1 S (2016–2017) (Gul bok).

Meirutgifter i samband med lønsreguleringane for forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og forvaltningsbedrifter, blir dekte innafor budsjetta til verksemdene.

Verksemder med arbeidstakarar som får løn administrativt fastsett i kontrakt, må sjølv dekkje meirutgifta av lønsregulering innafor eksisterande budsjett.

Etter fråtrekk av det ovanfor nemnde, er meirutgiftene rekna til 1 398 mill. kroner. Etter vanleg praksis blir slike meirutgifter dekte ved at det blir ført opp løyving under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 01 Driftsutgifter, som Finansdepartementet får fullmakt til å fordele.

Kap. 502 Tariffavtalte avsettingar

Post 71 Opplæring og utvikling av tillitsvalde

Departementet foreslår at tilskotet blir auka med 4,4 mill. kroner. Summen er rekna ut med bakgrunn i talet på årsverk og lønsmasse i statleg tariffområde per 1. oktober 2018.

Kap. 2309 Tilfeldige utgifter

Post 01 Driftsutgifter

Det er avsett midlar til dekning av meirutgiftene ved lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet mv. Løyvinga under kap. 2309 Tilfeldige utgifter vil bli redusert i samband med proposisjonen om ny saldering av statsbudsjettet 2019 til hausten.