Prop. 132 S (2014–2015)

Endringar i statsbudsjettet 2015 under Arbeids- og sosialdepartementet (Tilleggsløyvingar som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar i folketrygda mv. frå 1. mai 2015)

Til innhaldsliste

4 Skattereglane for pensjonistar i 2015

Særskilde reglar for AFP- og alderspensjonistar

AFP- og alderspensjonistar betaler mindre i skatt enn lønnstakarar og uføretrygda. Det skuldast fyrst og fremst at dei har rett til eit særleg skattefrådrag som reduserer skatten på pensjonsinntekt og sikrar at pensjonistar med pensjon noko over minste pensjonsnivå etter høg sats (einslege) ikkje betaler skatt av pensjonen. I 2015 utgjer skattefrådraget maksimalt 30 800 kroner og vert trappa ned mot høgare pensjonsinntekt enn 180 800 kroner. Frådraget vert trappa ned med ein sats på 15,3 prosent av pensjonsinntekt mellom 180 800 kroner og 273 650 kroner, og med ein sats på 6 prosent av pensjonsinntekt over 273 650 kroner. Frådraget er heilt utfasa ved ei pensjonsinntekt på om lag 550 200 kroner.

Minstefrådraget for pensjonsinntekter

Når skatten skal reknast ut, vert lønnsinntekter, trygdeinntekter og pensjonsinntekter reduserte med eit minstefrådrag. I 2015 utgjer minstefrådraget for pensjonsinntekter 27 prosent av inntekta, men maksimalt 72 200 kroner. Til samanlikning er minstefrådraget for lønnsinntekter og trygdeinntekter på 43 prosent av inntekta og maksimalt 89 050 kroner.

Trygdeavgift

Satsen for trygdeavgift på pensjonsinntekt o.a. i 2015 er 5,1 prosent. Til samanlikning er trygdeavgift på lønnsinntekt og trygdeinntekt 8,2 prosent.

Til forsida