Prop. 18 S (2023–2024)

Endringar i statsbudsjettet 2023 under Helse- og omsorgsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Forslag til endringar av løyvingane under dei enkelte kapittel

Kap. 3700 Helse- og omsorgsdepartementet

Post 03 Refusjon fra Utenriksdepartementet av ODA-godkjente utgifter

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 37,5 mill. kroner knytt til Medevac-pasientar. Departementet viser til omtale under kap. 732, post 70. Posten vart oppretta i 2022. Helseføretaka sine ekstraordinære utgifter til behandling av Medevac-pasientar frå Ukraina kan bli rekna som utviklingshjelp (ODA).

Kap. 701 E-helse, helseregistre mv.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

Etter takstforhandlingane med Legeforeningen og fysioterapeutorganisasjonane Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund, er det for avtaleåret 2023–2024 avsett midlar frå båe partar til utvikling av elektronisk pasientjournal (EPJ). Midlane skal nyttast til å utvikle EPJ-system som blant anna gjer det mogleg å hente ut data til styring, lokalt forbetringsarbeid og forsking, og lette kommunikasjonen med andre. Statens del utgjer 8,5 mill. kroner til utvikling av leganes EPJ, og 1,5 mill. kroner til utvikling av fysioterapeutanes EPJ for inneverande avtaleår. Legane og fysioterapeutanes del vart ved takstforhandlingane trekt frå rammeaukingane inneverande avtaleår. Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 701, post 21 med 10 mill. kroner, kor 8,5 mill. kroner flyttast frå kap. 2755, post 70 og 1,5 mill. kroner frå kap. 2755, post 71, knytt til desse endringane.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 2,7 mill. kroner knytt til modernisering av folkeregisteret. Reduksjonen kjem av forventa mindreforbruk for Modernisert folkeregister. Programmet er avslutta i 2023.

Samla foreslår departementet å auke løyvinga med 7,3 mill. kroner.

Kap. 3701 E-helse, helseregistre mv.

Post 03 Tilbakebetaling fra Felles kommunal journal interim AS (ny post)

Departementet foreslår å auke løyvinga med 38 mill. kroner knytt til tilbakebetaling av tilskot til Felles Kommunal Journal, som først vart utbetalt i 2022. Prosjektet er avslutta og midlane er betalt tilbake.

Kap. 703 Internasjonalt samarbeid

Post 71 Internasjonale organisasjoner

Departementet foreslår å auke løyvinga med 118,2 mill. kroner knytt til høgare kontingentar i EU-programmet EU4Health, grunna høgare aktivitetsnivå enn forutsett. Løyvinga dekkjer mellom anna kontingentar til Noreg si deltaking i program og byrå i EU under EØS-avtalen. Storleiken på kontingentane vert fastsette av EU og vil variere frå år til år med mellom anna BNP, valutaforhold og kostnadsutviklinga i programma knytt til aktivitetsnivået.

Kap. 710 Vaksiner mv.

Post 22 Salgs- og beredskapsprodukter mm.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 7,8 mill. kroner knytt til endra prognosar for utgifter til vaksinekjøp.

Post 23 Vaksiner og vaksinasjon mot covid-19, kan overførast

Departementet foreslår å flytte 222,2 mill. kroner frå kap. 710, post 23 til kap. 571, post 60 under Kommunal- og distriktsdepartementet knytt til vaksinasjon mot covid-19. Løyvinga skal dekkje oppfriskingsdose til befolkninga 65 år og eldre samt risikogrupper. Midlane vert fordelte etter innbyggartal.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 468,3 mill. kroner som følgje av endra prognosar for utgifter til vaksiner og vaksinasjon i 2023. Det var i Prop. 1 S (2022–2023) blant anna tatt høgde for vaksinasjon av befolkninga 45 år og eldre, målgruppa hausten 2023 har vorte snevra inn etter det.

Samla foreslår departementet å redusere løyvinga med 690,5 mill. kroner.

Kap. 3710 Vaksiner mv.

Post 03 Vaksinesalg

Departementet foreslår å auke løyvinga med 10,8 mill. kroner knytt til at prognosen for sal av vaksiner i 2023 er oppdatert på bakgrunn av kor mange vaksinar som er bestilte.

Kap. 714 Folkehelse

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under postane 70, 74 og 79

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 2 mill. kroner. Det vart forventa eit mindreforbruk til handsaming av søknadar i samband med bevillingsordninga for tilverking av alkoholhaldig drikk. Reduserte utgifter kjem av mellom anna ei vakant stilling.

Post 22 Gebyrfinansierte ordninger

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 13,4 mill. kroner, jf. mindreinntekt over kap. 3714, post 04 og kap. 5572, post 75. Det vart forventa eit mindreforbruk på 1,25 mill. kroner som følgje av få nye søknader om løyve til import, eksport og produksjon av tobakkssvarar. Vidare har Helsedirektoratet eit mindreforbruk på 12,1 mill. kroner som følje av at ikraftsetjinga av tobakksdirektivet er forseinka.

Kap. 3714 Folkehelse

Post 04 Gebyrinntekter

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 8,2 mill. kroner, sjå omtale under kap. 714, post 22.

Kap. 5572 Sektoravgifter under Helse- og omsorgsdepartementet

Post 74 Tilsynsavgift

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 3,8 mill. kroner i tilsynsavgift for e-sigarettar. Gebyret skal dekkje Legemiddelverket sine tilsynsaktivitetar med e-sigarettar, men som følgje av at ikraftsetjinga av tobakksdirektivet er forseinka vil det ikkje verte kravd inn tilsynsavgift i 2023.

Post 75 Sektoravgift tobakk

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 9,1 mill. kroner, sjå omtale under kap. 714, post 22.

Kap. 732 Regionale helseforetak

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Departementet foreslår å flytte 3 mill. kroner frå kap. 732, post 21, under Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett, knytt til kvinner si arbeidshelse, til Arbeids- og inkluderingsdepartementet sitt kap. 601, post 21 som rette departement.

Post 70 Særskilte tilskudd, kan overførast, kan nyttast under postane 72, 73, 74 og 75

Landingsplassar for redningshelikopter

Ved behandling av Prop. 115 S (2021–2022) løyva Stortinget 38,2 mill. kroner til tilpassing av landingsplassar for dei nye redningshelikoptera ved sjukehusa i Namsos (15,6 mill. kroner) og Hammerfest (22,6 mill. kroner) for 2022. I Prop. 1 S (2022–2023) vart det løyva 135,6 mill. kroner til de to landingsplassane i 2023. Midla vart fordelt med 63,6 mill. kroner til Helse Midt-Noreg RHF knytt til prosjektet i Namsos og 72 mill. kroner til Helse Nord RHF knytt til Hammerfest.

Kostnadane for helikopterlandingsplassane i Namsos, Hammerfest og Kirkenes har auka mellom anna som følgje av nye krav frå myndigheitene. Når det kjem til Kirkenes, er det ikkje gitt særskilte midlar til etablering av landingsplass. Stortinget vedtok at det frå 2020 skulle etablerast ein permanent ambulansehelikopterbase i Kirkenes, som det sidan er løyva særskilte midlar til drift av.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 208 mill. kroner til landingsplassar i Helse Midt-Noreg og i Helse Nord. Helse Midt-Noreg RHF og landingsplassen i Namsos vil få 46 mill. kroner av løyvinga. 162 mill. kroner går til Helse Nord, med 121 mill. kroner til landingsplassen i Kirkenes og 41 mill. kroner til Hammerfest.

Helse Nord

Sjukehusa har dei siste åra vore i ein krevjande økonomisk situasjon som følgje av mellom anna høg kostnadsvekst. Det har difor vore naudsynt å styrke sjukehusa sine budsjett gjennom 2023. Regjeringa vil i Nasjonal helse- og samhandlingsplan foreslå tiltak som styrker sjukehusøkonomien.

Helse Nord er i ein spesielt krevjande situasjon. Det gjeld både rekruttering av personell og økonomi. I november 2022 fekk Helse Nord i oppdrag å vurdere behovet for endringar i funksjons- og oppgåvedeling i regionen. Helse Nord arbeider no med forslag til framtidig organisering. Forslaget vil bli sendt på høyring i januar 2024. Etter høyringa vil styret i Helse Nord vurdere forslaga, før dei vil bli oversendt Helse- og omsorgsdepartementet. Regjeringa vil deretter gjere ein heilskapleg vurdering av saken. Målet for regjeringa sitt arbeid er å sikre eit best mogleg sjukehustilbod i Nord-Noreg.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 200 mill. kroner som følgje av situasjonen i Helse Nord RHF. Midla skal nyttast til vedlikehald av bygg, slik at naudsynt vedlikehald ikkje stoppar opp. Midla kan også nyttast til naudsynte investeringar i medisinskteknisk utstyr.

Medevac

Noreg deltek i det europeiske samarbeidet for medisinsk evakuering av pasientar frå Ukraina, som skjer gjennom EU si ordning for sivil beredskap (UCPM). Det vert lagt til grunn at dei regionale helseføretaka skal få dekt kostnadene ved behandling av desse pasientane. Samla over åra 2022 og 2023 er det løyva 340 mill. kroner til formålet, jf. Stortinget si behandling av Prop. 19 S (2022–2023) og Prop. 118 S (2022–2023). Dei regionale helseføretaka har berekna at utgiftene vert om lag 37,5 mill. kroner lågare for 2022 og 2023 samla sett. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 37,5 mill. kroner knytt til Medevac-pasientar. Departementet viser til omtale under kap. 3700, post 03.

Realvekst i dei ordinære, frie driftsløyvingane til dei regionale helseføretaka

Det vert vist til omtalen av realveksten i dei ordinære, frie driftsløyvingane til dei regionale helseføretaka i Prop. 1 S (2023–2024). Realveksten gjev eit uttrykk for veksten i dei ordinære driftsløyvingane til dei regionale helseføretaka justert for pris- og kostnadsvekst, dvs. målt i faste prisar, og korrigert for ulike forhold. Eksempler på forhold det korrigeres for er oppgåveendringar for dei regionale helseføretaka og større eingongsløyvingar.

I Prop. 1 S (2023–2024) anslo Helse- og omsorgsdepartementet ein realvekst i 2023 på 3,6 mrd. kroner samanlikna med anslag på rekneskap 2022, svarande til 2,1 pst. I nysalderinga for 2023 aukar departementet dette anslaget til 3,8 mrd. kroner, svarande til 2,3 pst. Det kjem av at anslag for innsatsstyrt finansiering og laboratorie- og radiologiske undersøkingar i 2023 er endra, jf. omtale under postane 76 og 77.

Post 76 Innsatsstyrt finansiering, overslagsløyving

Saldert budsjett 2023 vart fastsett med utgangspunkt i saldert budsjett 2022, og legg til rette for ein aktivitetsvekst på om lag 1,4 pst. frå dette nivået. Faktisk aktivitet i 2022 vart lågare enn anslått, og budsjettet for 2023 gjev dermed rom for ein aktivitetsvekst på om lag 3,2 pst.

Oppdatert prognose for 2023, basert på aktivitetstal per andre tertial 2023, indikerer ein samla aktivitet i 2023 på om lag 0,4 pst. lågare enn føresett. Dette svarer til ein reduksjon på 155,9 mill. kroner.

Kvalitetssikring av endeleg grunnlag for avrekning for 2022 syner at det vert utbetala 63,6 mill. kroner for lite i akontoutbetalingar i 2022. Dette vert handtert i samanheng med utbetalingane til dei regionale helseføretaka i desember 2023, og løyvinga for 2023 vert auka med 63,6 mill. kroner.

Til saman foreslår departementet å redusere løyvinga med 92,3 mill. kroner.

Post 77 Laboratorie- og radiologiske undersøkelser, overslagsløyving

Aktivitetstal per september 2023 gjev eit anslag for utbetalingar i 2023 på 3 970 mill. kroner. Anslaget er 179,7 mill. kroner høgare enn budsjett etter Stortingets behandling av Prop. 118 S (2022–2023), der løyvinga vart satt opp med 165,9 mill. kroner. Departementet foreslår å auke løyvinga med 179,7 mill. kroner i 2023.

Post 80 Kompensasjon for merverdiavgift, overslagsløyving

Løyvinga dekkjer kompensasjon for meirverdiavgift til dei regionale helseføretaka som følgje av ordninga med nøytral meirverdiavgift. Departementet foreslår å auke løyvinga med 594 mill. kroner som følgje av høgare anslag for kompensasjon i 2023 enn lagt til grunn i Prop. 118 S (2022–2023).

Post 83 Byggelånsrenter, overslagsløyving

Departementet foreslår å auke løyvinga med 455 mill. kroner knytt til høgare rentenivå enn lagt til grunn i saldert budsjett og auka byggjelån i Prop. 118 S (2022–2023). Dei regionale helseføretaka betalar renter på byggjelån fram til prosjekta er ferdige. Då vert byggjelånet tillagt renter og gjort om til eit langsiktig lån.

Post 86 Driftskreditter

Departementet foreslår å auke løyvinga med 1 287 mill. kroner knytt til høgare pensjonspremie. Oppdatert informasjon frå pensjonsleverandørane gjev eit nytt samla tal på pensjonspremie for 2023 på 32 212 mill. kroner. Det er 1 287 mill. kroner høgare enn nivået Stortinget vedtok ved behandling av Prop. 118 S (2022–2023). Departementet foreslår at det auka likviditetsbehovet som følgje av dette vert behandla gjennom å auke ramma for driftskreditt.

Kap. 3732 Regionale helseforetak

Post 80 Renter på investeringslån

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 11 mill. kroner knytt til endra tidspunkt for konvertering av lån. Dei regionale helseføretaka betalar renter på investeringslån som er gjort om til langsiktige lån.

Post 85 Avdrag på investeringslån f.o.m. 2008

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 19 mill. kroner knytt til endra tidspunkt for konvertering av lån.

Post 87 Avdrag på tilskudd til Helseplattformen (ny post)

Ved Stortinget si behandling av Prop. 1 S (2018–2019) vart det oppretta eit tilskot til kommunar og fastlegar for kostnader knytt til innføring av Helseplattforma. Målsetjinga med tilskotet var at Helse Midt-Noreg RHF og kommunane som går inn i prosjektet, vart avlasta risiko knytt til manglande deltaking. Tilskotet utgjorde 601 mill. 2019-kroner i Prop. 117 S (2019–2020) på kap. 732, post 70. Siste del av tilskotet vart utbetalt i 2023. Tilskotet skal betalast tilbake med renter etter kvart som kommunar og fastlegar tek i bruk løysinga. Helse Midt-Noreg RHF administrerer tilskotet og tilbakebetalinga. Helse Midt-Noreg RHF har berekna at nedbetaling av tilskotet for 2023 utgjer 32 mill. kroner. Dette gjeld kommunar som tok i bruk Helseplattforma i november 2022.

Kap. 734 Særskilte tilskudd til psykisk helse og rustiltak

Post 01 Driftsutgifter

Kontrollkommisjonane skal i medhald av lov kontrollere alle vedtak om etablering av tvungent psykisk helsevern og vedtak om bruk av tvangsmiddel. Kommisjonane skal òg handsame klager på desse vedtaka. Kostnadene ved ordninga vert påverka av mellom anna innkommande saksmengder og endring i dei lovpålagte oppgåvene kommisjonane skal utføre. Kommisjonane har dei seinare åra fått fleire oppgåver gjennom innskjerpa lovkrav til sakshandsaminga, til dømes frå 2017 pålegg om å kontrollere alle restriktive pasienttiltak, gi skriftlege orienteringar til pasient og pårørande om uttalerett før visse vedtak vert fatta, og frå 2018 skal dei gjennomføre bestemde personverntiltak som følgje av EUs personverndirektiv (GDPR).

Det siste året har mengda av saker som kontrollkommisjonane i det psykiske helsevernet skal behandle auka meir enn det opphavelege anslaget frå Helsedirektoratet. Oppdatert prognose tyder på at utgiftene til kommisjonanes arbeid vert høgare enn budsjettert for året. Departementet foreslår å auke løyvinga med 8 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 0,75 mill. kroner knytt til mindreforbruk på posten, som følgje av ei avgrensing av implementeringsoppdrag om legemiddelassistert behandling (LAR) i Helsedirektoratet.

Post 71 Tvungen omsorg for psykisk utviklingshemma

Departementet foreslår å auke løyvinga med 21,6 mill. kroner. Behovet for styrkt løyving har årsak i ein sterk auke i talet på nye dommar til tvungen omsorg, som heng saman med at målgruppa for ordninga vart utvida med dei nye utilreknelegheitsreglane som vart sett i kraft i 2020. Ordninga er no ikkje lenger reservert for psykisk utviklingshemma personar.

Per oktober 2023 er totalt 40 personer dømde til tvungen omsorg. Dette er fire fleire enn det var ved utgangen av 2022 og 14 fleire enn ved utgangen av 2021. 33 av dei dømde er i eksterne tiltak, sju er i innlagt i sengepost for utgreiing. Det er planlagt etablering av fire nye butiltak i løpet av 2023. Mange av dei dømde har svært alvorleg og krevjande åtferdsproblematikk. Dette gjer det naudsynt med høgt sikkerheitsnivå/personellinnsats for å verne samfunnet.

Gjennomsnittlege kostnader per dømd per år har sidan 2018 vore om lag 10 mill. kroner, når budsjetterte heilårskostnader leggjast til grunn.

Kap. 737 Historiske pensjonskostnader

Post 70 Tilskudd, overslagsløyving

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 21,7 mill. kroner knytt til lågare utbetaling av tilskot enn lagt til grunn i saldert budsjett. Løyvinga dekkjer tilskot til ideelle og andre verksemder sine historiske pensjonskostnader knytt til offentleg tenestepensjonsordning.

Kap. 3740 Helsedirektoratet

Post 05 Helsetjenester til utenlandsboende mv.

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2023. Inntektene for 2023 vert talfesta til 66 000 mill. kroner, som er noko lågare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å redusere løyvinga med 6 mill. kroner.

Kap. 3746 Statens legemiddelverk

Post 04 Registreringsgebyr

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 25,1 mill. kroner. Det er forventa ei mindreinntekt på 10,3 mill. kroner som følgje av at ikraftsetjinga av tobakksdirektivet er forseinka, og 14,8 mill. kroner i mindreinntekt mellom anna grunna reduserte endringssøknader for marknadsføringsløyve for legemiddel i 2023.

Kap. 747 Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet

Post 01 Driftsutgifter

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 4,3 mill. kroner mot tilsvarande mindreinntekt over kap. 3747, post 02 knytt til avviklinga av persondosimetritenesta. Persondosimetritenesta vart avvikla sommaren 2021 etter at det hadde komme kommersielle aktørar på marknaden med tilbod om denne tenesta.

Kap. 3747 Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet

Post 02 Diverse inntekter

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 4,3 mill. kroner, sjå omtale under kap. 747, post 01.

Kap. 761 Omsorgstjeneste

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 79

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 2 mill. kroner som følgje av mindreutgift knytt til ei rekke tiltak innanfor bevillinga på posten.

Post 64 Kompensasjon for renter og avdrag

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 35,4 mill. kroner knytt til oppdatert faktisk gjennomsnittsrente for 2023 frå Husbanken.

Post 68 Kompetanse og innovasjon

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 8,4 mill. kroner knytt til mindreforbruk på tilskotsordninga til kompetanse- og tenesteutviklingstiltak. Årsaka til mindreforbruket er at ekstraordinær pris- og lønnsjustering i revidert nasjonalbudsjett ikkje er brukt til å justere tilskot forvalta av statsforvaltar i 2023.

Post 73 Særlige omsorgsbehov

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 1,5 mill. kroner knytt til lågare forbruk på tilskotet til drift av Mosserødhjemmet og Jødisk bo- og seniorsenter. Årsaka til forventa mindreforbruk er at det er overført ubrukte midlar frå 2022 mot avkorting på tilskot i 2023.

Post 79 Andre tilskudd, kan nyttast under post 21

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 1 mill. kroner knytt til lågare forbruk på tilskotet til Verdighetssenteret. Årsaka til forventa mindreforbruk er at det er overført ubrukte midlar frå 2022 mot avkorting på tilskot i 2023.

Kap. 762 Primærhelsetjeneste

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Kondomordninga

Departementet foreslår å auke løyvinga med 4 mill. kroner knytt til forventa meirforbruk på om lag 4 mill. kroner for kondomordninga i 2023. Det har vore ein kostnadsauke i tillegg til ein auke på kondombestillingar knytt til det pågåande gonoréutbrotet det siste året.

Endra finansieringsmodell for fleirfagleg legepraksis

Austevoll kommune har søkt om å endre finansieringsmodell for ein fleirfagleg legepraksis, frå driftstilskotsmodell til honorarmodell. Det vil si at praksisen gis høve til å krevje trygderefusjon, i staden for å få driftstilskot. Endringa vil settast i verk 1. januar 2024. Departementet vil kome attende i revidert nasjonalbudsjett for 2024 med forslag til endra løyving.

Kap. 765 Psykisk helse, rus og vold

Post 21 Spesielle driftstugifter, kan overførast, kan nyttast under post 72

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 27 mill. kroner som følgje av forventa mindreforbruk på posten. Årsaka er i hovudsak at det har blitt overført ubrukte midlar frå 2022 som ikkje vil bli nytta. Vidare er det forventa lågare forbruk knytt til ei rekke tiltak innanfor løyvinga på posten.

Post 60 Kommunale tjenester, kan overførast

Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med til saman 67 mill. kroner.

Det er eit forventa mindreforbruk på 48 mill. kroner knytt til tilskotsordningane Tilbud til barn og unge med behov for langvarig oppfølging og sammensatte tjenester og Tilbud til voksne med langvarige og sammensatte behov for tjenester. Årsaka er at det er færre søknadar frå kommunane enn forventa, blant anna som følgje av at fleire kommunar har mindreforbruk frå 2022 som vert disponert i 2023.

Det er forventa eit mindreforbruk på 2 mill. kroner knytt til tilskotsordninga Rask psykisk helsehjelp.

Vidare er løyvinga foreslått redusert med 17 mill. kroner i ubrukt løyving som er overført frå 2022 og som ikkje vil bli nytta.

Post 75 Vold og traumatisk stress, kan overførast

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 4,8 mill. kroner som følgje av forventa mindreforbruk på posten. Årsaka er i hovudsak at det har blitt overført ubrukte midlar frå 2022 som ikkje vil bli nytta.

Kap. 770 Tannhelsetjenester

Post 70 Tilskudd

Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med til saman 34,8 mill. kroner.

Tannhelse til tortur- og overgrepsutsette

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 30 mill. kroner knytt til forventa mindreforbruk på tannhelsetilbod til tortur- og overgrepsutsette og personar med odontofobi. Årsaka til mindreforbruket er at tilskotsmottakarane har fått overført ubrukte midlar frå 2022 mot avkorting av tilskot i 2023. Tenesta har ikkje klart å byggje ut kapasiteten i medhald til løyving, men arbeider vidare med å auke kapasiteten.

Integrert løp i dobbeltkompetanse for tannleger

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 4,8 mill. kroner knytt til forventa mindreforbruk på tilskotsordninga Integrert løp i dobbeltkompetanse for tannleger. Årsaka til mindreforbruket er at det ikkje vert tekne opp fleire kandidatar i ordninga, ettersom ordninga er under utfasing.

Kap. 2711 Spesialisthelsetjeneste mv.

Post 70 Spesialisthjelp

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2023. Utgiftene for 2023 vert talfesta til 2 760 mill. kroner, som er noko høgare enn tidlegare grunnlag.

Forhandlingane mellom staten, regionale helseføretak, KS og Den norske legeforening om økonomiske vilkår for perioden 1. juli 2023–30. juni 2024 vart ikkje avslutta i tide til at dei budsjettmessige konsekvensane kunne leggjast fram for Stortinget i vårsesjonen. Ved behandling av Prop. 118 S (2022–2023) fekk departementet fullmakt til å gjere endringar i trygderefusjonane frå 1. juli 2023 som følgje av eventuell avtale. Avtale ble inngått 29. juni 2023. Den medførte ein auke i honorarinntekta til legane tilsvarande 6,96 pst. Dette er likt med ein auke i folketrygda sine utgifter for refusjonar mv. til spesialistane på 109 mill. kroner i 2023.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 150 mill. kroner.

Post 71 Psykologhjelp

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2023. Utgiftene for 2023 vert talfesta til 436 mill. kroner, som er noko høgare enn tidlegare grunnlag.

Forhandlingane mellom staten, regionale helseføretak og Norsk Psykologforening om økonomiske vilkår for perioden 1. juli 2023–30. juni 2024 vart ikkje avslutta i tide til at dei budsjettmessige konsekvensane kunne leggjast fram for Stortinget i vårsesjonen. Ved behandling av Prop. 118 S (2022–2023) fekk departementet fullmakt til å gjere endringar i trygderefusjonane frå 1. juli 2023 som følgje av eventuell avtale. Avtale ble inngått 27. juni 2023. Den medførte ein auke i honorarinntekta til psykologane tilsvarande 5,54 pst. Dette er likt med ein auke i folketrygdas utgifter for refusjonar mv. til psykologane på 13,4 mill. kroner i 2023.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 17 mill. kroner.

Post 72 Tannbehandling

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2023. Utgiftene for 2023 vert talfesta til 2 670 mill. kroner, som er noko høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å auke løyvinga med 35,5 mill. kroner.

Post 76 Private laboratorier og røntgeninstitutt

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2023. Utgiftene for 2023 vert talfesta til 1 185 mill. kroner, som er noko lågare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å redusere løyvinga med 40,6 mill. kroner.

Kap. 2751 Legemidler mv.

Post 70 Legemidler

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2023. Utgiftene for 2023 vert talfesta til 12 900 mill. kroner, som er noko høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner.

Post 71 Legeerklæringer

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2023. Utgiftene for 2023 vert talfesta til 16 mill. kroner, som er noko lågare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å redusere løyvinga med 3 mill. kroner.

Post 72 Medisinsk forbruksmateriell

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2023. Utgiftene for 2023 vert talfesta til 2 240 mill. kroner, som er noko høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å auke løyvinga med 20 mill. kroner.

Kap. 2752 Refusjon av egenbetaling

Post 72 Egenandelstak

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2023. Utgiftene for 2023 vert talfesta til 8 150 mill. kroner, som er noko høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å auke løyvinga med 114,9 mill. kroner.

Kap. 2755 Helsetjenester i kommunene mv.

Post 62 Fastlønnsordning fysioterapeuter, kan nyttast under post 71

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2023. Utgiftene for 2023 vert talfesta til 560 mill. kroner, som er noko høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å auke løyvinga med 76 mill. kroner.

Post 70 Allmenlegehjelp

Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med til saman 369,8 mill. kroner.

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2023. Utgiftene for 2023 vert talfesta til 6 920 mill. kroner, som er noko høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å auke løyvinga med 378,3 mill. kroner.

Forhandlingane mellom staten, regionale helseføretak, KS og Den norske legeforening om økonomiske vilkår for perioden 1. juli 2023–30. juni 2024 vart ikkje avslutta i tide til at dei budsjettmessige konsekvensane kunne leggjast fram for Stortinget i vårsesjonen. Ved behandling av Prop. 118 S (2022–2023) fekk departementet fullmakt til å gjere endringar i trygderefusjonane frå 1. juli 2023 som følgje av eventuell avtale. Avtale vart inngått 29. juni 2023. Den medførte ein auke i legane si honorarinntekt tilsvarande 6,96 pst. Dette er likt med ein auke i folketrygda sine utgifter for refusjonar mv. til allmennlegane på 349 mill. kroner i 2023.

Departementet foreslår at 8,5 mill. kroner flyttast til kap. 701, post 21 til EPJ-løft for legar, sjå omtale der.

Post 71 Fysioterapi, kan nyttast under post 62

Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med til saman 123,5 mill. kroner.

Departementet foreslår at 1,5 mill. kroner flyttast til kap. 701, post 21 til EPJ-løft for fysioterapeutar, sjå omtale der.

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2023. Utgiftene for 2023 vert talfesta til 1 575 mill. kroner, som er noko høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å auke løyvinga med 125 mill. kroner.

Forhandlingane mellom staten, KS og fysioterapeutorganisasjonane om økonomiske vilkår for perioden 1. juli 2023–30. juni 2024 vart ikkje avslutta i tide til at dei budsjettmessige konsekvensane kunne leggjast fram for Stortinget i vårsesjonen. Ved behandling av Prop. 118 S (2022–2023) fekk departementet fullmakt til å gjere endringar i trygderefusjonane frå 1. juli 2023 som følgje av eventuell avtale. Avtale vart inngått 12. juni 2023. Den medførte ein auke i fysioterapeutane si honorarinntekt tilsvarande 6,94 pst. Dette er likt med ein auke i folketrygda sine utgifter for refusjonar mv. til fysioterapeutane på 103 mill. kroner i 2023.

Post 72 Jordmorhjelp

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2023. Utgiftene for 2023 vert talfesta til 87 mill. kroner, som er noko høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å auke løyvinga med 5 mill. kroner.

Post 73 Kiropraktorbehandling

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per. september 2023. Utgiftene for 2023 vert talfesta til 222 mill. kroner, som er noko høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å auke løyvinga med 8 mill. kroner.

Post 75 Logopedisk og ortoptisk behandling

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2023. Utgiftene for 2023 vert talfesta 299 mill. kroner, som er noko høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å auke løyvinga med 19 mill. kroner.

Kap. 2756 Andre helsetjenester

Post 70 Helsetjenester i annet EØS-land

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2023. Utgiftene for 2023 vert talfesta til 7 mill. kroner, som er noko lågare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å redusere løyvinga med 8,3 mill. kroner.

Post 71 Helsetjenester i utlandet mv.

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2023. Utgiftene for 2023 vert talfesta til 440 mill. kroner, som er noko høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å auke løyvinga med 30,3 mill. kroner.

Post 72 Helsetjenester til utenlandsboende mv.

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2023. Utgiftene for 2023 vert talfesta til 340 mill. kroner, som er noko høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å auke løyvinga med 59,1 mill. kroner.

Kap. 2790 Andre helsetiltak

Post 70 Bidrag

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2023. Utgiftene for 2023 vert talfesta til 250 mill. kroner, som er noko høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å auke løyvinga med 5,9 mill. kroner.

Til forsida