Prop. 20 S (2019–2020)

Endringar i statsbudsjettet 2019 under Nærings- og fiskeridepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringsforslag

Kap. 900 Nærings- og fiskeridepartementet

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

I samband med framlegg om å auke driftsløyvinga til Brønnøysundregistra under kap. 904, post 01 med 1 mill. kroner gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere kap. 900, post 21 med same beløp, frå 55,9 til 54,9 mill. kroner.

Post 30 Miljøtiltak Søve, kan overførast

Staten har teke på seg å finansiere og gjennomføre opprydding etter verksemda til AS Norsk Bergverk ved Søve i Telemark. På grunn av utfordringar med å finne eit godkjend deponi for mottak av massane frå Søve, har tildeling av oppdraget med opprydding tidlegare blitt utsett. Nærings- og fiskeridepartementet arbeider no med mogelege framgangsmåter. Det kan vere aktuelt både å bruke eit godkjend deponi og å etablere ei løysing lokalt. Det forventast ikkje at nokon av desse alternativa vil bli realiserte i løpet av 2019. Frå 2020 overførast ansvaret for oppfølginga av oppryddinga til Norsk nukleær dekommisjonering, jf. nærare omtale i Prop. 1 S (2019–2020) for Nærings- og fiskeridepartementet.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 21,1 mill. kroner, frå 21,1 mill. kroner til 0 kroner.

Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar

Noreg er medlem av ei rekkje internasjonale organisasjonar og kommisjonar som er viktige for norsk nærings- og fiskeripolitikk. Utbetalingane har vore til andre valutakursar enn dei som blei lagt til grunn i Saldert budsjett 2019.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 1,7 mill. kroner, frå 37,4 til 39,1 mill. kroner.

Post 71 Miljøtiltak Raufoss

I 2019 er det løyvd 5,2 mill. kroner til refusjonar for miljøtiltak ved opprydding av historisk forureining på Raufoss. Basert på oppdatert informasjon er det samla behovet no anslått til 5,9 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 0,7 mill. kroner, frå 5,2 til 5,9 mill. kroner.

Kap. 903 Norsk akkreditering

Post 01 Driftsutgifter

Prognosar tilseier at det blir noko lågare aktivitet innan Norsk akkreditering si kjerneverksemd enn det som vart lagt til grunn i Saldert budsjett 2019.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 3,7 mill. kroner, frå 54,5 til 50,8 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om å redusere oppdragsinntektene med same beløp, jf. omtale under kap. 3903, post 01.

Kap. 904 Brønnøysundregistra

Post 01 Driftsutgifter

Omstillingskostnadar knytt til organisasjonsendringar

Altinn vert overført frå Brønnøysundregistra (BR) til Digitaliseringsdirektoratet med verknad frå 1. januar 2020. BR har eit stramt budsjett for 2019, og det gjerast derfor framlegg om å auke driftsløyvinga med 1 mill. kroner for mellom anna å dekkje ombygging av lokale i Oslo for tilsette i BR og ekstern juridisk bistand knytt til personalhandtering. Det gjerast framlegg om å dekkje aukinga ved ein tilsvarande reduksjon på kap. 900, post 21, jf. omtale under denne posten.

Register over reelle rettshavarar

I Prop. 114 S (2018–2019) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2019 vart løyvinga på posten auka med 20 mill. kroner for å dekkje utgifter knytt til etablering av eit register over reelle rettshavarar. Arbeidet har tatt noko lengre tid enn venta. Utviklinga av registerløysinga må òg bli sett i samanheng med pågåande forskriftsarbeid i Finansdepartementet. Brønnøysundregistra vil derfor berre nytte ein mindre del av tilleggsløyvinga i 2019. Departementet legg til grunn at arbeidet med registeret vil fortsetje som forutsett frå starten av 2020. Produksjonssetting er planlagt i byrjinga av 2021. Det gjerast derfor framlegg om å redusere løyvinga med 17 mill. kroner i 2019 for at den skal vere i tråd med løyvingsregelementet sitt krav om realistisk budsjettering. Regjeringa vil kome tilbake til saka i samband med Revidert budsjett 2020.

Samanfatning

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med netto 16 mill. kroner, frå 353,0 til 337,0 mill. kroner.

Post 22 Forvalting av Altinn-løysinga, kan overførast

Økte utgifter som dekkast av tenesteeigarane

Vidareutvikling av Altinnløysninga og driftsrelaterte endringar har vore meir omfattande enn lagt til grunn då løyvinga for 2019 vart saldert. Disse oppgåvene er finansiert av tenesteeigarane. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga i 2019 med 20,8 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 3904, post 03.

Økte utgifter som ikkje dekkast av tenesteeigarane

BR har rapportert om eit forventa overforbruk til drift og forvalting på post 22 på 29 mill. kroner utover meirutgifter dekte av meirinntekter i 2019. BR har arbeidd for å få post 22 i balanse i løpet av 2019, men har ikkje lukkast med det. Ein nærare gjennomgang viser at hovuddelen av det skuldast tidlegare overforbruk til drift og forvalting i 2018 og i 2017. Det utgjorde totalt 28,6 mill. kroner ved utgangen av 2018. Overforbruket vart dekka av særskilde midlar som var øyremerka (55 mill. kroner) og gitt som tilleggsløyving (50 mill. kroner) på posten til vidareutvikling av Altinn i 2018, og som ikkje var utbetalt ved utgangen av året. Meirforbruket til drift og forvalting har såleis ikkje vore stort i 2019 isolert sett.

Eit meirforbruk på 30 mill. kroner er det beste overslaget departementet har for å sikre forsvarleg drift og forvalting ut 2019. I dette beløpet er det òg teke omsyn til uvisse knytt til inntekter frå ein av tenesteeigarane, KS. Det er sett i gang drøftingar mellom Kommunal- og moderniseringsdepartementet, KS og BR for å kome fram til ei løysing rundt dette.

På bakgrunn av dette gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 30 mill. kroner for dekkje overforbruket. Altinn vil frå 1. januar 2020 inngå som ein del av Digitaliseringsdirektoratet, med Kommunal- og moderniseringsdepartementet som ansvarleg departement. Ei tilleggsløyving på 30 mill. kroner skal sikre at Altinn er i økonomisk balanse når ansvaret vert overført ved inngangen til 2020.

Nærings- og fiskeridepartementet ønskjer å unngå at gitte løyvingar vart overskride. Departementet treng òg eit betre grunnlag for å vurdere den samla økonomiske situasjonen for etaten i åra som kjem. Departementet vil derfor setje i gang ein ekstern gjennomgang av Brønnøysundregistra sin økonomiske situasjon og rutinar.

Samanfatning

På dette grunnlag gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med til saman 50,8 mill. kroner, frå 225,8 til 276,6 mill. kroner.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Enkelte utbetalingar til prosjektet «Ny registerplattform for Brønnøysundregistra» kjem seinare enn planlagt. Det er av den grunn naudsynt å setje ned løyvinga for 2019. Kostnadsramma for prosjektet er den same, slik at endringa berre er ei forskyving.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 110 mill. kroner, frå 160,8 til 50,8 mill. kroner.

Kap. 906 Direktoratet for mineralforvalting med Bergmeisteren for Svalbard

Post 30 Sikrings- og miljøtiltak, kan overførast

Det ligg an til eit mindreforbruk på posten for inneverande år mellom anna som følgje av at mykje av direktoratet sine ressursar på området har gått til mindre kostnadskrevjande oppgåver, og at etaten har prioritert å dokumentere effekten av gjennomførte miljøtiltak. Tidlegare planlagde og kostnadskrevjande tiltak er dermed enno ikkje greia ut og sett i gang. I tillegg er det betydelege overføringar frå 2018. Kravet om realistisk budsjettering inneber at løyvinga bør reduserast.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 5 mill. kroner, frå 6,9 til 1,9 mill. kroner.

Post 31 Miljøtiltak Løkken, kan overførast

Det ligg an til eit mindreforbruk på posten for inneverande år fordi arbeidet med miljøtiltak på Løkken har teke lengre tid enn planlagt. I tillegg har Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard prioritert å dokumentere effekten av gjennomførte tiltak før utgreiing og gjennomføring av nye tiltak. Tidlegare planlagde og kostnadskrevjande tiltak er dermed enno ikkje sett i verk. Det er også betydelege overføringar frå 2018. Kravet om realistisk budsjettering inneber at løyvinga bør reduserast.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga på posten med 20,4 mill. kroner, frå 20,4 mill. kroner til 0 kroner.

Kap. 912 Klagenemndssekreteriatet

Post 01 Driftsutgifter

Posten gjeld dei ordinære driftsutgiftene til Klagenemndssekreteriatet. Klagenemndssekretariatet har fått tilsegn og mottatt kompetansemidlar frå Difi.

På dette grunnlag gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 0,2 mill. kroner, frå 21,0 til 21,2 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke i løyvinga på kap. 3912, post 02.

Post 22 Konkurranseklagenemnda

Posten gjeld dei ordinære driftsutgiftene til Konkurranseklagenemnda. Det er til dels store svingingar i saksmengda til Konkurranseklagenemda frå år til år, og nemnda er lovpålagt å behandle saker som kjem. Ved Stortinget si handsaming av Prop. 114 S (2018–2019) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2019 blei løyvinga på posten auka med 5,8 mill. kroner for å dekkje utgifter til ein unormalt høg saksmengd i 2019. Av desse er det sett av om lag 2,8 mill. kroner til å dekkje ei potensiell tilbakebetaling av sakskostnader i ei klagesak som Konkurranseklagenemnda hadde til handsaming i 2018. Kravet var opphaveleg på 2,8 mill. kroner, men nemnda har vedteke å redusere kravet til 1,7 mill. kroner. Vedtaket er klaga inn til Nærings- og fiskeridepartementet.

På grunn av usikkerhet knytt til tidspunkt for utbetaling av kravet gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om at posten vert tilføydd stikkordet «kan overførast» i 2019, jf. forslag til vedtak II.

Kap. 920 Noregs forskingsråd

Post 50 Tilskot til forsking

I samband med endringar i departementsstrukturen blei det i Prop. 57 S (2018–2019) flytta midler knytt til tilskot til Simula og midlar til IKT-forsking frå Nærings- og fiskeridepartementet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD). Ved ein inkurie blei 142,32 mill. kroner overført til KMD, medan rett beløp skulle vore 133 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 9,3 mill. kroner, frå 2 080,8 til 2 090,1 mill. kroner.

Kap. 922 Romverksemd

Post 70 Kontingent i European Space Agency (ESA)

Kontingenten i den europeiske romorganisasjonen ESA blir utbetalt i euro. Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i euro til ESA til anna valutakurs enn den som blei lagt til grunn i Saldert budsjett 2019. Ved Stortinget si handsaming av Prop. 114 S (2018–2019) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2019 blei det gitt ei tilleggsløyving på 4,3 mill. kroner for å kompensere for auka eurokurs. Det har no vist seg at anslaget for eurokursen var for lågt, og gjeldande løyving må såleis aukast med 0,5 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 0,5 mill. kroner, frå 219,6 til 220,1 mill. kroner.

Post 71 Internasjonal romverksemd

Utgifter ved deltaking i internasjonal romverksemd blir utbetalt i euro og amerikanske dollar. Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i euro til den europeiske romorganisasjonen ESA og EASP-avtalen og i amerikanske dollar til det kanadiske radarsatellittprogrammet Radarsat. Utbetalingane har vore til anna valutakursar enn dei som blei lagt til grunn i Saldert budsjett 2019. Ved Stortinget si handsaming av Prop. 114 S (2018–2019) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2019 blei det gitt ei tilleggsløyving på 6,7 mill. kroner for å kompensere for auka valutakursar. Ved ein inkurie blei det lagt til grunn feil berekningsgrunnlag i revidert budsjett 2019, og løyvinga blei for høg. Dette inneber at gjeldande løyving kan reduserast med 6,3 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 6,3 mill. kroner, frå 471,9 til 465,6 mill. kroner.

Post 73 EU sine romprogram

Kontingent for norsk deltaking i romprogramma til EU blir utbetalt i euro. Eurokursen har endra seg i løpet av budsjettåret samanlikna med det som blei lagt til grunn i Saldert budsjett 2019. Ved Stortinget si handsaming av Prop. 114 S (2018–2019) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2019 blei løyvinga redusert med 124,6 mill. kroner som følgje av oppdaterte anslag frå EFTA og for å kompensere for auka eurokurs. Det har no vist seg at anslaget for eurokursen var for lågt, og gjeldande løyving må såleis aukast med 11 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 11 mill. kroner, frå 362,7 til 373,7 mill. kroner.

Post 95 Eigenkapital Space Norway AS

Det blei løyvd 378,5 mill. kroner i statsbudsjettet for 2019 til eigenkapital til Space Norway AS, for etablering av eit satellittsystem for breibandsdekning i nordområda. Løyvinga vart gjort for å sikre at Space Norway AS skulle ha tilgang til tilstrekkeleg kapital i 2019. Selskapet treng ikkje kapital til prosjektet før i 2020, jf. framlegget til Prop. 1 S (2019–2020) for Nærings- og fiskeridepartementet.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 378,5 mill. kroner, frå 378,5 mill. kroner til 0 kroner.

Kap. 924 Internasjonalt samarbeid og utviklingsprogram

Post 70 Tilskot

Løyvinga dekkjer kontingent til Europakommisjonen for norsk deltaking i EU-program som Nærings- og fiskeridepartementet har fagansvar for. Endra valutakurs gjer grunnlag for å endre løyvinga på posten.

På dette grunnlaget gjerast det framlegg om å auke løyvinga med 0,5 mill. kroner, frå 6,1 til 6,6 mill. kroner.

Kap. 926 Havforskingsinstituttet, forskingsfartøy

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga dekkjer kostnader til drift av forskingsfartøy som Havforskingsinstituttet drifter på oppdrag av andre institusjoner, og motsvarast av tilsvarande løyving på kap. 3926, post 01. Frå 2019 drifter Havforskingsinstituttet òg det isgåande forskingsfartøyet «Kronprins Haakon», der hovuddelen av kostnadene refunderast av Universitetet i Tromsø og Norsk Polarinstitutt. Nytt anslag for refusjon frå andre institusjoner for drift av forskingsfartøy er 151,3 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 65,4 mill. kroner, frå 85,7 mill. kroner til 151,1 mill. kroner

Kap. 935 Patentstyret

Post 01 Driftsutgifter

Som følgje av høgere søknadsinngang enn det som vart lagt til grunn i tidlegare prognoser gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3,2 mill. kroner, frå 266,3 til 269,5 mill. kroner. Departementet tilrår samstundes å auke inntektene til Patentstyret samla med om lag 11 mill. kroner netto, jf. omtale under kap. 3935 og kap. 5574.

Kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap

Post 21 Særskilde driftsutgifter

I Saldert budsjett 2019 er det løyvd 22,9 mill. kroner til å dekkje utgifter og fagleg bistand i samband med aksjetransaksjonar i selskap under Nærings- og fiskeridepartementet si forvalting. Posten skal òg dekkje konsulentbistand ved eigar- og strukturmessige vurderingar og VPS-avgifter. Dei samla utgiftene for 2019 er anslått til om lag 28 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 5 mill. kroner, frå 22,9 til 27,9 mill. kroner.

Kap. 2421 Innovasjon Noreg

Post 80 Næringstiltak på Svalbard

Det vart løyvd 3,2 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett 2019 til å dekkje tilsegn til næringstiltak på Svalbard gitt i tidlegare år. Innovasjon Noreg arbeider for å få utbetalt resterande tilsegn i løpet av 2019, men det er usikkert om alt kan utbetalast. Det vil avhenge av framdrifta til dei ulike prosjekta.

På bakgrunn av dette gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om at posten vert tilføydd stikkordet «kan overførast» i 2019, jf. forslag til vedtak II.

Post 90 Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving

Innovasjon Noreg kan ta opp lån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Innovasjon Noreg refinansierer utlånsporteføljen ved å ta opp kort- og langsiktige lån i statskassa med tilbakebetalingstid frå to månader til fleire år, avhengig av rentebindingstid på utlåna. Innlån og avdrag bruttoførast, dvs. at beløpa utgifts- og inntektsførast (akkumulerast) kvar gong Innovasjon Noreg tek opp eller tilbakebetalar eit lån i statskassa. Løyvinga vil variere meir som følgje av kor ofte ein refinansierer innlåna enn som følgje av endringar i utlånsvolumet. Avdrag på innlåna blir inntektsførde under kap. 5325. Løyvingsendringane på statsbudsjettet 2019 er basert på realiserte innlån og avdrag for resten av året. Innlåna har blitt noko lågare enn det som låg til grunn for Saldert budsjett 2019. Dette inneber òg at avdraga blir redusert, jf. omtale under kap. 5325, post 90.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 2,5 mrd. kroner, frå 53,8 til 51,3 mrd. kroner.

Kap. 2429 Eksportkredittordninga

Post 90 Utlån

I samband med Stortinget si handsaming av budsjettet for 2019 vart det løyvd 8 mrd. kroner til utlån under staten si eksportkredittordning, som Eksportkreditt Norge forvaltar. Nytt anslag for utlån under ordninga er 9 mrd. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 1 mrd. kroner, frå 8 til 9 mrd. kroner.

Kap. 3903 Norsk akkreditering

Post 01 Gebyrinntekter og andre inntekter

Ein syner til omtale under kap. 903, post 01 om noko redusert kjerneverksemd for Norsk akkreditering i 2019.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 3,7 mill. kroner, frå 49,1 til 45,4 mill. kroner.

Kap. 3904 Brønnøysundregistra

Post 01 Gebyrinntekter

Omfanget av gebyrpliktige registreringar i Brønnøysundregistra har auka meir enn forventa i 2019.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auka løyvinga med 35,4 mill. kroner, frå 494,6 til 530 mill. kroner.

Post 03 Refusjonar og inntekter knytt til Altinn

Omfanget av inntekter til Altinn vil verte høgere enn forventa i 2019. Meirinntektene er knytt til vidareutvikling av Altinn-løysinga og driftsrelaterte endringar. Desse oppgåvene er finansiert av tenesteeigarane.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 20,8 mill. kroner, frå 89,2 til 110 mill. kroner.

Kap. 3911 Konkurransetilsynet

Post 86 Lovbrotsgebyr

Konkurransetilsynet kan gje pålegg om gebyr ved brot på konkurranselova. I 2019 vil det bli innbetalt gebyr for 467,3 mill. kroner. Det skuldast innbetaling frå Sector Alarm på 467,3 mill. kroner for ulovleg samarbeid med Verisure om sal av boligalarmar.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga på posten med 467,2 mill. kroner, frå 0,1 til 467,3 mill. kroner.

Kap. 3912 Klagenemndssekreteriatet

Post 02 Refusjonar og andre inntekter

Posten gjeld dei ordinære driftsinntektene til Klagenemndssekreteriatet, jf. omtale under kap. 912, post 01.

På dette grunnlag gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 0,2 mill. kroner, frå 0,4 til 0,6 mill. kroner.

Kap. 3917 Fiskeridirektoratet

Post 01 Refusjonar og diverse inntekter

Inntektene på posten gjeld i hovudsak refusjonar frå andre statsetatar, refusjonar frå deltaking i internasjonale prosjekt og inntekter knytt til registrering av pant i akvakulturregisteret mv. Fiskeridirektoratet har motteke fleire refusjonar enn forventa, i hovudsak for utgiftar knytt til deltaking i internasjonale prosjekt.

På dette grunnlag gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2 mill. kroner, frå 5,8 til 7,8 mill kroner.

Post 05 Sakshandsamingsgebyr

Inntektene på posten gjeld sakshandsamingsgebyr knytt til havbruk, innmeldingsgebyr til merkeregisteret og sakshandsamingsgebyr for ervervssøknadar. Fiskeridirektoratet sine prognosar tilseier at inntektene vil bli noko lågare enn budsjettert.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 2 mill. kroner, frå 18,2 til 16,2 mill. kroner.

Post 86 Forvaltingssanksjonar

Inntektene på posten gjeld tvangsmulkt og gebyr for brot knytt til fiskeri- og havbruksverksemd. Fiskeridirektoratet forventar ei inntekt på 8 mill. kroner i 2019.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 7 mill. kroner, frå 1 til 8 mill. kroner.

Kap. 3926 Havforskingsinstituttet, forskingsfartøy

Post 01 Oppdragsinntekter

Det visast til omtale under kap. 926, post 01.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 65,5 mill. kroner, frå 85,8 til 151,3 mill. kroner.

Kap. 3935 Patentstyret

Post 01 Inntekter av informasjonstenester

Som følgje av redusert aktivitet vil Patentstyret sine inntekter frå informasjonstenester bli lågare enn det som vart lagt til grunn i Saldert budsjett 2019.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1 mill. kroner, frå 5,4 til 4,4 mill. kroner.

Post 03 Gebyr immaterielle rettar

Som følgje av auka aktivitet, mellom anna fleire valideringar av europeiske patent i Noreg, vil Patentstyret sine inntekter bli høgare enn det som vart lagt til grunn i Saldert budsjett 2019.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 11,2 mill. kroner, frå 92,3 til 103,5 mill. kroner.

Kap. 3950 Forvalting av statleg eigarskap

Post 96 Sal av aksjar

I Saldert budsjett 2019 er det løyvd 25 mill. kroner frå mogelege statlege aksjesal. Endelege og fullstendige inntektsbeløp for dei einskilde aksjesala er føresett løyvd i løpet av budsjettåret når transaksjonane er avklara eller gjennomførde, enten i eigne proposisjonar eller i dei faste endringsproposisjonane i vår- og haustsesjonen.

Sal av aksjar

Entra ASA

Med grunnlag i fullmakt frå Stortinget, jf. Prop. 1 S (2018–2019) for Nærings- og fiskeridepartementet, selde departementet 20,3 mill. aksjar i Entra ASA i juni 2019. Salssummen utgjorde 2,5 mrd. kroner. Staten sin eigardel gjekk da frå 33,4 pst. til ein eigardel i Entra ASA på 22,4 pst.

Veterinærmedisinsk Oppdragssenter AS (VESO)

Med grunnlag i fullmakt frå Stortinget, jf. Prop. 1 S (2018–2019) for Nærings- og fiskeridepartementet, selde departementet alle sine aksjar, tilsvarande 34 pst. av aksjekapitalen, i VESO i juni 2019. Salssummen utgjorde 45 mill. kroner.

Tilbakekjøpsavtalar

Generalforsamlinga i eit aksjeselskap kan gi styret fullmakt til å kjøpe tilbake eigne aksjar med føremål å slette desse aksjane på eit seinare tidspunkt. Slettinga inneber nedsetting av selskapskapitalen og må vedtakast av ei ny generalforsamling. Dette er ein metode der eigenkapital tilbakeførast til aksjonærane.

Nærings- og fiskeridepartementet har dei siste åra inngått avtalar som forpliktar staten til å delta ved slike tilbakekjøp. Avtalane er utforma slik at staten sin eigardel blir uendra etter kapitalnedsettinga. Avtalane er offentlege og regulerer òg utrekning av vederlaget som staten skal ta imot. Nærings- og fiskeridepartementet inngjekk i 2018 slike tilbakekjøpsavtalar med DNB ASA, Entra ASA, Telenor ASA og Yara International ASA.

DNB ASA

Generalforsamlinga i DNB ASA ga i april 2018 styret i selskapet fullmakt til å erverve eigne aksjar inntil 3,5 pst. av selskapet sin aksjekapital i marknaden og frå staten. Fram til mars 2019 kjøpte selskapet 15 883 232 eigne aksjar i marknaden. Kapitalnedsetting og sletting av desse aksjane, og 8 182 271 aksjar frå staten, blei vedteke på ordinær generalforsamling i DNB ASA i april 2019. Etter at kapitalnedsettinga blei sett i kraft, fekk staten utbetalt eit vederlag på 1 264,8 mill. kroner for dei innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra på 34 pst.

Entra ASA

Generalforsamlinga i Entra ASA ga i april 2018 styret i selskapet fullmakt til å erverve inntil 3 674 649 eigne aksjar, om lag 2 pst. av selskapet sin aksjekapital. Kapitalnedsetting og sletting av 1 065 851 eigne aksjar, og 534 555 aksjar frå staten, blei vedteke på ordinær generalforsamling i Entra ASA i april 2019. Staten fekk utbetalt eit vederlag på 59,2 mill. kroner for dei innløyste aksjane. Jf. omtale over om sal av aksjar, selde departementet 20,3 mill. aksjar i perioden mellom vedtak på generalforsamling og kapitalnedsetting blei sett i kraft. Staten sin eigardel er derfor endra frå 22,4 pst. til 22,3 pst. som følgje av kapitalnedsettinga.

Telenor ASA

Generalforsamlinga i Telenor ASA ga i mai 2018 styret i selskapet fullmakt til å erverve inntil 29 000 000 eigne aksjar, om lag 2 pst. av selskapet sin aksjekapital. Kapitalnedsetting og sletting av desse aksjane, og 15 649 909 aksjar frå staten, blei vedteke på ordinær generalforsamling i Telenor ASA i mai 2019. Etter at kapitalnedsettinga blei sett i kraft, fekk staten utbetalt eit vederlag på 2 379,8 mill. kroner for dei innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra på 53,97 pst.

Yara International ASA

Generalforsamlinga i Yara International ASA ga i mai 2018 styret i selskapet fullmakt til å erverve eigne aksjar inntil 5 pst. av selskapet sin aksjekapital i marknaden og frå staten. Fram til desember 2018 kjøpte selskapet 520 000 eigne aksjar i marknaden. Kapitalnedsetting og sletting av desse aksjane, og 295 193 aksjar frå staten, blei vedteke på ordinær generalforsamling i Yara International ASA i mai 2019. Etter at kapitalnedsettinga blei sett i kraft, fekk staten utbetalt eit vederlag på 102,5 mill. kroner for dei innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra på 36,21 pst.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 6 330,7 mill. kroner, frå 25 til 6 355,7 mill. kroner.

Kap. 5325 Innovasjon Noreg

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

Posten omfattar avdrag på lån som Innovasjon Noreg har teke opp i statskassa. Det visast til omtale av opplegget for innlån under kap. 2421, post 90 ovanfor. Som følgje av noko lågare opptak av lån enn lagt til grunn i Saldert budsjett 2019, er det behov for å redusere løyvinga.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1,6 mrd. kroner frå 53 til 51,4 mrd. kroner.

Kap. 5329 Eksportkredittordninga

Post 70 Gebyr m.m.

I samband med Stortinget si behandling av budsjettet for 2019 vart det løyvd 20 mill. kroner i gebyrinntekter under eksportkredittordninga. Nytt anslag er 30 mill. kroner. Hovudårsakene er høgare gebyrinntekter enn forventa frå nokre prosjekt og endra valutakursar.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 10 mill. kroner, frå 20 til 30 mill. kroner.

Kap. 5574 Sektoravgifter under Nærings- og fiskeridepartementet

Post 71 Avgifter immaterielle rettar

Som følgje av auka aktivitet gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 1 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 1 mill. kroner, frå 154,5 til 155,5 mill. kroner.

Post 72 Kontroll- og tilsynsavgift akvakultur

Fiskeridirektoratet har hatt grunnlag for å fakturere avgifter for 27,9 mill. kroner i 2019.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1,7 mill. kroner, frå 29,6 til 27,9 mill. kroner.

Kap. 5613 Renter frå Siva SF

Post 80 Renter

Siva kan ta opp lån i statskassa med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid, innafor ei låneramme på 700 mill. kroner. Som følgje av faktisk renteinnbetalingar er det grunnlag for å auke løyvinga med 1,9 mill. kroner, frå 16,3 til 18,2 mill. kroner.

Kap. 5625 Renter og utbyte frå Innovasjon Noreg

Post 80 Renter på lån frå statskassa

Innovasjon Noreg kan ta opp lån i statskassa til å finansiere utlånsordningane sine til valfri løpetid og ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Ut frå faktiske renteinnbetalingar så langt i år og prognosar for resten av året er det grunnlag for å redusere løyvinga. Årsaka er lågare rentesatsar på innlåna enn det som blei lagt til grunn ved budsjettering av løyvinga.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 56,9 mill. kroner, frå 244,5 til 187,6 mill. kroner.

Kap. 5629 Renter frå eksportkredittordninga

Post 80 Renter

I samband med Stortinget si behandling av budsjettet for 2019 blei det løyvd 1 700 mill. kroner i inntekter frå renter under eksportkredittordninga. Nytt anslag er 1 460 mill. kroner. Hovudårsakene er færre utbetalingar av nye lån enn venta og fleire førtidige innfriingar av lån, men endringar i valutakurs og det generelle rentenivået påverkar òg.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 240 mill. kroner, frå 1 700 til 1 460 mill. kroner.

Kap. 5656 Aksjar under Nærings- og fiskeridepartementet si forvalting

Post 85 Utbyte

I høve til tidlegare overslag for utbyte, som blei auka til 22 997,6 mill. kroner i samband med behandlinga av Prop. 114 S (2018–2019) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2019, er innbetalt utbyte frå selskapa 503,4 mill. kroner høgare. Dette skuldast hovudsakeleg at utbyte frå Argentum Fondsinvesteringer AS blei 500 mill. kroner høgare. Vidare blei utbyte frå Flytoget AS, Nammo AS og Aker Kværner Holding AS høvesvis 67,7, 10,1 og 28,8 mill. kroner høgare, samtidig som utbyte frå Telenor ASA og Entra ASA blei 62,6 og 41,8 mill. lågare enn lagt til grunn i Prop. 114 S (2018–2019). I tillegg er det nokre små endringar i innbetalt utbyte frå andre selskap.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 503,4 mill. kroner, frå 22 997,6 til 23 501 mill. kroner.

Til forsida