Prop. 207 L (2020–2021)

Lov om røystingsrådgjevarar og lov om endringar i føretakslovgjevinga (retting av feil m.m.)

Til innhaldsliste

3 Røystingsrådgjevarar

3.1 Gjeldande rett

Det er per i dag ikkje ei særskild regulering av røystingsrådgjeving som verksemd.

3.2 Krav til røystingsrådgjevarar i endringsdirektivet

Føremålet til endringsdirektiv (EU) 2017/828 (SRD II) til aksjonærrettsdirektivet 2007/36/EF er å auke aksjeeigarar sin innverknad og leggje til rette for langsiktig eigarskap i noterte selskap. Fortalen viser til at mange institusjonelle investorar og kapitalforvaltarar nyttar tenestene til røystingsrådgjevarar, som gjer undersøkingar og gjev råd og tilrådingar om korleis dei skal stemme på generalforsamling i noterte selskap, jf. fortalen punkt 25. Det står at røystingsrådgjevarar har ei viktig rolle i selskapsstyring ved å bidra til å redusere kostnadene forbundne med analyse av selskapsopplysningar, men at dei òg kan ha stor innverknad på stemmeåtferda til investorar. Det står òg at særleg investorar med svært varierte porteføljar og mange utanlandske eigarinteresser nyttar røystingsrådgjevarar, jf. punkt 25.

Røystingsrådgjevarar er i SRD II artikkel 1 nr. 2 bokstav b definert som ein juridisk person som på profesjonelt og kommersielt grunnlag analyserer opplysningar frå selskap og annan relevant informasjon om selskap med sikte på å gje investorar informasjonsgrunnlag for røysting på generalforsamlinga, ved å tilby undersøkingar, råd eller røystingstilrådingar knytte til utøving av røysterett.

På grunn av rolla røystingsrådgjevarane har bør desse vere underlagd krav til openheit, jf. fortalen punkt 26. Dei skal offentleggjere ei tilvising til åtferdsnormer som dei nyttar, gjere greie for korleis dei er følgde og andre særskilte opplysningar, jf. punkt 26. Føremålet med krava til openheit er ikkje å påleggje røystingsrådgjevarane å offentleggjere opplysningar til skade for deira stilling i marknaden, jf. punkt 45.

For å sikre røystingsrådgjevarar like konkurransevilkår uavhengig av heimstaten til røystingsrådgjevaren, gjeld pliktene etter SRD II òg for røystingsrådgjevarar heimehøyrande i tredjestatar når dei utfører verksemda si via ein forretningsstad som er etablert i EØS, jf. fortalen punkt 27.

Etter SRD II artikkel 3j nr. 1 første avsnitt skal røystingsrådgjevarar offentleggjere ei tilvising til ei åtferdsnorm som dei nyttar, og rapportere om korleis denne er følgd. Røystingsrådgjevarar som ikkje nyttar ei åtferdsnorm, skal gje ei tydeleg og grunngjeven forklaring på korfor dei ikkje har dette, jf. artikkel 3j nr. 1 andre avsnitt. Om røystingsrådgjevaren nyttar ei åtferdsnorm, men fråvik nokon av tilrådingane i åtferdsnorma, skal røystingsrådgjevaren opplyse om kva tilrådingar som er fråvikne, forklare årsakene til dette og opplyse om eventuelle alternative tiltak som er gjort. Føresegna er dermed basert på følg eller forklar-prinsippet. Opplysningane skal offentleggjerast kostnadsfritt på nettstaden til røystingsrådgjevaren og oppdaterast årleg, jf. tredje avsnitt.

I tillegg til åtferdsnorma skal røystingsrådgjevarane opplyse om nokre særlege opplysningar knytte til korleis dei utarbeider undersøkingane, råda og røystingstilrådingane deira, jf. artikkel 3j nr. 2. Opplysningane omfattar:

  • «(a) the essential features of the methodologies and models they apply;

  • (b) the main information sources they use;

  • (c) the procedures put in place to ensure quality of the research, advice and voting recommendations and qualifications of the staff involved;

  • (d) whether and, if so, how they take national market, legal, regulatory and company-specific conditions into account;

  • (e) the essential features of the voting policies they apply for each market;

  • (f) whether they have dialogues with the companies which are the object of their research, advice or voting recommendations and with the stakeholders of the company, and, if so, the extent and nature thereof;

  • (g) the policy regarding the prevention and management of potential conflicts of interests.»

Opplysningane i bokstav a til g ovanfor skal offentleggjerast på nettstaden til rådgjevaren. Dei skal vere kostnadsfritt tilgjengelege i minst tre år, jf. artikkel 3j nr. 2 andre avsnitt første punktum. Opplysningar som allereie er offentleggjorde som del av åtferdsnorma treng ikkje offentleggjerast på nytt, jf. artikkel 3j nr. 2 andre avsnitt andre punktum.

Røystingsrådgjevarar skal utan opphald identifisere og informere kundane sine om faktiske eller mogelege interessekonfliktar eller forretningssamband som kan påverke førebuinga av undersøkingar, råd og røystingstilrådingar, jf. artikkel 3j nr. 3. Røystingsrådgjevarar skal opplyse om tiltak dei har gjort for å fjerne, avgrense eller handtere slike faktiske eller mogelege interessekonfliktar.

Artikkel 3j gjeld òg røystingsrådgjevarar som korkje har sitt forretningskontor eller hovudkontor innanfor EØS, dersom dei utøver verksemd innanfor EØS, jf. artikkel 3j nr. 4.

Føresegna skal gjelde dersom røystingsrådgjevaren yter tenester til aksjeeigarar om aksjar i selskap som har sitt forretningskontor i ein medlemsstat, og som har aksjar tekne opp til notering på ein regulert marknad som ligg i eller driv verksemd i ein medlemsstat, jf. artikkel 1 nr.1 bokstav d.

Kvar medlemsstat skal utarbeide reglar for røystingsrådgjevarar som har forretningskontor i heimstaten, jf. artikkel 1 nr. 1 bokstav a. Har ikkje røystingsrådgjevaren forretningskontor i ein medlemsstat, er det medlemsstaten der røystingsrådgjevaren har sitt hovudkontor, som har ansvaret. Har ikkje røystingsrådgjevaren forretningskontor eller hovudkontor i ein medlemsstat, er det medlemsstaten der røystingsrådgjevaren har verksemd, som har ansvaret for utarbeiding av reglar.

Det følgjer av artikkel 14b at medlemsstatane skal fastsetje reglar om tiltak og sanksjonar for brot på nasjonale føresegner vedtekne i samsvar med SRD II, og treffe alle nødvendige tiltak for å sikre at dei blir gjennomførte. Tiltaka og sanksjonane skal vere effektive, forholdsmessige og avskrekkande.

3.3 Forslaget i høyringsnotatet

Departementet foreslo i høyringsnotat 18. november 2019 at kravet i SRD II artikkel 3j om regulering av verksemda til røystingsrådgjevarar blir gjennomført i norsk rett ved oppretting av ei ny lov. Forslaget frå departementet var utarbeidd på nynorsk og vart kalla lov om røystingsrådgjevarar.

Som grunngjeving for å gjennomføre reglane i direktivet om røystingsrådgjevarar i eiga lov vart det vist til at reguleringa i allmennaksjeloven primært skal gjelde sentrale rettar og plikter knytte til selskapa. Røystingsrådgjeving er ei teneste einskilde aksjeeigarar og selskap nyttar som ledd i forvaltinga av eigarskap i aksjeporteføljen sin. Rådgjevinga er dermed ikkje ein del av rettar og plikter utleia av allmennaksjeloven. Korleis aksjeeigarane rent praktisk utøver aksjeeigarrettane sine er ikkje ein del av allmennaksjeloven, så lenge det ikkje blir gjort i strid med allmennaksjeloven.

Forslaget til lov vart lagt tett opp til minimumskrava etter dei relevante føresegnene i SRD II. Dette inneber krav til offentleggjering av ei åtferdsnorm, plikt til å opplyse om einskilde særlege opplysningar som lista i SRD II artikkel 3j og føresegner om handtering av interessekonfliktar. Departementet foreslo at verksemda skulle bli lagt under tilsyn av Finanstilsynet, og at tilsynet kan sanksjonere ved brot på pliktene til røystingsrådgjevaren etter lova.

3.4 Høyringsinstansane sitt syn

Forslaget til ny lov om røystingsrådgjevarar vart kommentert av Justis- og beredskapsdepartementet, Næringslivets Hovedorganisasjon og Brækhus Advokatfirma DA. Finanstilsynet tok til etterretning at det vil vere tilsynsmyndigheit for røystingsrådgjevarar, og påpeika at dette vil krevje ressursar.

Justis- og beredskapsdepartementet viste til at forslaget om ny lov om røystingsrådgjevarar vil ha betyding for aksjeselskap, deira eigarar og rådgjevarar. Det bad derfor departementet vurdere om det bør takast inn ein forskriftsheimel i lova om mogeleg bruk av lova på Svalbard. Justis- og beredskapsdepartementet viste i den samanhengen til aksjeloven § 1-1 fjerde ledd.

Næringslivets Hovedorganisasjon uttalte at den er einig i å samle føresegna om røystingsrådgjevarar i ei eiga lov, og at lova ikkje skal omfatte anna enn den typiske verksemda som slike rådgjevarar driv.

Brækhus Advokatfirma DA påpeika at føresegna om at lova berre gjeld rådgjeving til eigarar av aksjar som er tekne opp til handel på regulert marknad i EØS, er ein del av det saklege verkeområde for lova. Advokatfirmaet oppfordra derfor til at heile føresegna bør takast inn i § 1 første ledd. Advokatfirmaet skreiv òg at det er behov for ein klarare og meir presis definisjon av «røystingsrådgjevar» i lova. Etter advokatfirmaets vurdering rammar ordlyden i forslaget vidare enn det som er meint i høyringsnotatet, og det bad departementet vurdere behovet for ei negativ avgrensing av ordlyden.

3.5 Departementet si vurdering

3.5.1 Innleiing

Departementet foreslo i høyringsnotatet at SRD II artikkel 3j blir gjennomført ved ny lov om røystingsrådgjevarar. Næringslivets Hovedorganisasjon skreiv at dei er einig i at føresegna blir gjennomført ved ny lov. Ingen andre høyringsinstansar har motsette seg forslaget. Departementet opprettheld i det vesentlege forslaget frå høyringsnotatet.

3.5.2 Sakleg verkeområde

Det saklege verkeområde til lova bør samanfalle med verkeområdet etter SRD II. Departementet skreiv i høyringsnotat 18. november 2019 om lovas saklege verkeområde:

«Voteringsrådgivere defineres som juridiske personer som driver virksomhet som voteringsrådgivere, jf. § 1. Definisjonen sammenfaller med definisjonen i SRD II. Det gjelder virksomhet som rådgiver om utøvelse av avstemning på generalforsamling i noterte selskaper med aksjer tatt opp til handel på regulert marked i EØS. Mange norske rådgivere gir i dag av og til gir råd om stemmeutøving på generalforsamling. Det gjelde særlig advokater, revisorer og finansielle rådgivere. Direktivet er ikke ment å omfatte slik virksomhet, men tar sikte på å regulere de som på bredt grunnlag analyserer informasjon fra og om målselskapet, og som på dette grunnlag utarbeider anbefalinger. Lovens virkeområde omfatter ikke rettsråd eller rådgivning av mer sporadisk art.»

Næringslivets Hovedorganisasjon skreiv at lovas saklege verkeområde ikkje bør femne vidare enn typisk verksemd som røystingsrådgjevarar driv. Brækhus Advokatfirma DA kommenterte at ordlyden i lovforslaget kan ramme vidare enn det som er meint i høyringsnotatet, og har bede departementet vurdere ein klarare definisjon av røystingsrådgjevarar i lova.

Som det går fram ovanfor, er ikkje føremålet med avgrensinga å femne vidare enn verkeområdet til direktivet. Departementet ser problemstillingane løfta av Brækhus Advokatfirma DA. Departementet foreslår derfor å avgrense ordlyden samanlikna med høyringsforslaget, slik at det kjem tydelegere fram at korkje advokatverksemd eller anna rådgjevingsverksemd som fell utanfor verkeområdet etter SRD II, er omfatta.

Advokatfirmaet skreiv òg at føresegna i høyringsforslaget § 2 tredje ledd etter deira vurdering passa betre innunder føresegna om det saklege verkeområde for lova. Dette fordi føresegna sett ei avgrensing på kva slags rådgjeving som fell innunder lova. Departementet er einig i innspelet.

Sjå forslaget til § 1 og merknadene til føresegna.

3.5.3 Lovas stadlege verkeområde

Departementet foreslo i høyringsnotatet at lova skal gjelde røystingsrådgjevarar som har forretningskontor i Noreg, røystingsrådgjevarar som har hovudkontor i Noreg om dei ikkje har forretningskontor i EØS og for røystingsrådgjevarar som har verksemd i Noreg, men ikkje hovudkontor eller forretningskontor innanfor EØS, jf. forslaget til § 2.

Justis- og beredskapsdepartementet har bede departementet vurdere behovet for ein heimel til å fastsetje reglar om bruken av lova på Svalbard.

Utgangspunktet er at norsk privatrett gjeld på Svalbard, om ikkje anna er fastsett, jf. lov 17. juli 1925 nr. 11 om Svalbard § 2 første ledd. Offentlegrettsleg lovgjeving gjeld på Svalbard om dette er fastsett særskilt i lov eller forskrift. Den nærare grensedraginga må vurderast konkret. Det er lagt til grunn i St.meld. nr. 22 (2008–2009) Svalbard punkt 5.3 at dei offentlegrettslege delane av nærings- og selskapslovgjevinga ikkje gjeld for Svalbard med mindre anna er særskilt fastsett. Vidare går det fram av St.meld. nr. 22 (2008–2009) punkt 5.3 og Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard punkt 5.2 at bruken av regnskapsloven og bokføringsloven på Svalbard skulle vurderast som del av utgreiinga frå revisor- og regnskapsførerutvalget av ny revisorlov, og at ein samtidig òg skulle sjå nærare på bruken av nærings- og selskapslovgjevinga. I Prop. 37 LS (2019–2020) Lov om revisjon og revisorer (revisorloven), lov om endringer i lov om Folketrygdfondet og samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutning nr. 102/2018 om innlemmelse i EØS-avtalen av direktiv 2014/56/EU og forordning (EU) 537/2014 punkt 4.4 vart det foreslått at gjeldande rett førast vidare, dvs. heimel for Kongen til å fastsetje reglar om lovas anvending på Svalbard. Føresegna er teken inn i lov 20. november 2020 om revisjon og revisorer (revisorloven) § 1-1 andre ledd. Revisorloven tok til å gjelde 1. januar 2021.

Etter departementet si vurdering inneheld lovforslaget føresegner av både privat- og offentlegrettsleg karakter. Spørsmålet om bruken av lova på Svalbard bør sjåast i samanheng med anna nærings- og selskapslovgjeving. Departementet foreslår derfor at det blir teke inn heimel for Kongen til å gje forskrift om bruken av lova på Svalbard og til å fastsetje særlege reglar ut frå tilhøva på staden.

Sjå forslaget til § 2 tredje ledd og merknadene til føresegna.

3.5.4 Åtferdsnormer

Departementet held fast ved forslaget i høyringsnotatet om at røystingsrådgjevarar skal offentleggjere informasjon om bruk av åtferdsnorma, med nokre språklege justeringar. Ingen av høyringsinstansane har omtalt forslaget.

Departementet foreslår at røystingsrådgjevarar skal offentleggjere ei tilvising til ei åtferdsnorm som rådgjevaren nyttar, og rapportere om korleis denne er følgd. Om røystingsrådgjevaren ikkje nyttar ei åtferdsnorm, foreslår departementet at røystingsrådgjevaren skal gje ei tydeleg og grunngjeven forklaring for dette. Om røystingsrådgjevaren nyttar ei åtferdsnorm, men fråvik nokon av tilrådingane i åtferdsnorma, foreslår departementet at røystingsrådgjevaren skal opplyse om kva tilrådingar som er fråvikne, grunngje dette og opplyse om eventuelle alternative tiltak som er gjort. Departementet foreslår at informasjonen skal haldast offentleg og kostnadsfritt tilgjengeleg på røystingsrådgjevaren sin nettstad, og oppdaterast kvart år.

Forslaget gjennomfører SRD II artikkel 3j nr. 1.

Sjå forslaget til § 3 og merknadene til føresegna.

3.5.5 Særlege opplysningar som skal publiserast

Departementet foreslår at røystingsrådgjevarar i tillegg til åtferdsnorma skal informere om særskilde opplysningar knytte til metode for utarbeiding av råd og tilrådingar. Dette inkluderer hovuddraga i metodane dei nyttar, informasjonskjelder, framgangsmåtar mv. Dette kravet gjeld i tillegg til kravet om rapportering av selskapets åtferdsnormer. Føresegna gjennomfører SRD II artikkel 3j nr. 2.

Ingen av høyringsinstansane har kommentert forslaget. Departementet held ved lag forslaget i høyringsnotatet med nokre justeringar. Sjå forslaget til § 4 og merknadene til føresegna.

3.5.6 Interessekonfliktar

Departementet foreslår at røystingsrådgjevarar skal opplyse om faktiske eller potensielle interessekonfliktar. Kravet gjennomfører SRD II artikkel 3j nr. 3. Ingen av høyringsinstansane har gjeve innspel til forslaget. Departementet held ved lag forslaget i høyringsnotatet, og viser til forslaget til § 5 og merknadene til føresegna.

3.5.7 Tilsynsmyndigheit og registreringsplikt

Departementet foreslår at verksemder som driv røystingsrådgjeving blir lagde inn under tilsyn av Finanstilsynet. Finanstilsynet har påpeika at dette vil krevje ressursar. Ingen av dei andre høyringsinstansane har kome med innspel til forslaget.

Då departementet ikkje er kjent med at det er røystingsrådgjevarar som driv verksemd i Noreg, legg departementet ikkje fram nærare reglar om registreringsplikt i lova. Departementet foreslår heimel til å gje forskrift om registrering av røystingsrådgjevarar om det blir meir utbreidd med slik verksemd i Noreg.

Sjå forslaget til § 6 og merknadene til føresegna.

3.5.8 Sanksjonar

Departementet foreslår føresegner som gjev Finanstilsynet heimel til å påleggje retting og gje lovbrotsgebyr for brot på føresegner i lova eller føresegner gjevne i medhald av lova. Etter SRD II skal sanksjonsreglar vere effektive, forholdsmessige og avskrekkande, jf. artikkel 14b.

Departementet foreslo i høyringsnotatet ei øvre grense for lovbrotsgebyret på ti millionar kroner. Departementet vekta omsynet til skadepotensialet for aksjeeigarar ved brot på pliktene etter lova, og vurderte at beløpet var tilstrekkeleg høgt til å verke avskrekkande. Den nærare vurderinga av nivået på lovbrotsgebyret må ein sjå på konkret, ut frå blant anna omsynet til forholdsmessigheit.

Det vart foreslått foreldingsfrist på fem år. Ein liknande frist følgjer av lov 29. juni 2007 nr. 75 om verdipapirhandel (verdipapirhandelloven) § 21-11 første ledd. Det er foreslått at foreldinga blir avbroten ved at Finanstilsynet gjev førhandsvarsel eller fattar vedtak om lovbrotsgebyr.

Sjå forslaget til § 7 og merknadene til føresegna.