Prop. 27 S (2023–2024)

Endringar i statsbudsjettet 2023 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

4 Vegformål

Kap. 1320 Statens vegvesen

Post 22 Drift og vedlikehald av riksvegar

I 2023 er det løyvd 10 598,7 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 62,7 mill. kr som delvis inndekning av dei auka utgiftene etter ekstremvêret «Hans» i august.

Meirutgiftene for Statens vegvesen etter ekstremvêret er rekna til 400–500 mill. kr. Av dette blir om lag 300 mill. kr betalt i 2023, medan resten blir betalt i 2024. For å dekkje inn meirutgiftene i 2023 har Statens vegvesen omdisponert frå drift og anna vedlikehald. Utgiftene til drift er redusert fordi utgiftene til straum blir lågare enn rekna med.

Post 72 Tilskot til riksvegferjedrifta

I 2023 er det løyvd 3 213,8 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 50 mill. kr.

Statens vegvesens prognose ved slutten av andre kvartal 2023 viser eit venta mindreforbruk på om lag 90 mill. kr. Prognosen er usikker m.a. på grunn av uvisse rundt storleiken på kompensasjonen i nettokontraktar. Dette kjem av endringar som er gjort i takst- og rabattstrukturen og kompensasjon for tilpassing av fartøy for å kunne frakte modulvogntog med farleg last.

Rekneskapsføring av midlar frå bompengeselskap og tilskot til riksvegprosjekt mv.

Riksvegprosjekt som Statens vegvesen har ansvaret for, blir finansiert enten berre med statlege løyvingar eller med statlege løyvingar, midlar frå bompengeselskap og ev. frå eksterne eller berre med midlar frå bompengeselskap eller eksterne. Investeringsprosjekt med kostnadsramme over 1 mrd. kr og prosjekt som vil bli finansiert med bompengar, blir lagt fram for Stortinget.

Ved gjennomføringa av eit prosjekt som heilt eller delvis blir finansiert med midlar frå bompengeselskap eller tilskot frå eksterne (hovudsakeleg frå kommunar) er det lagt til grunn ein finansieringsplan for fordelinga mellom statlege midlar som blir løyvde på kap. 1320 Statens vegvesen, og finansiering frå bompengeselskap. Ved behov rekvirerer Statens vegvesen midlar frå det bompengeselskapet som skal stille midlar til disposisjon.

Alle utgifter i prosjektet blir i utgangspunktet belasta relevant utgiftspost på kap. 1320 Statens vegvesen, i hovudsak post 29 OPS-prosjekt eller post 30 Riksveginvesteringar. Når Statens vegvesen mottar midlar eller tilskot som gjeld prosjektet, blir desse førte på post 29 OPS-prosjekt eller post 30 Riksveginvesteringar for å dekkje tilsvarande utgifter. Dette inneber at utgiftene som kjem fram i statsrekneskapen er netto utgifter knytte til dei statlege løyvingane i budsjettåret. I Statens vegvesens internrekneskap går fordelinga av utgiftene til prosjektet mellom statlege midlar og bompengar fram.

Vidare blir det nytta midlar frå bompengeselskap i samband med utgifter som skal dekkjast over kap. 1320, post 01 Driftsutgifter. Det gjeld midlar nytta til å dekkje delar av utgiftene ved utvikling av innkrevingssystem for bompengar (Autopass). Midlar knytte til denne posten blir behandla på same måte som for post 29 og post 30.

I Prop. 1 S blir Stortinget informert om kva som er stilt til disposisjon i midlar frå bompengeselskap for riksvegprosjekt, kva som er innbetalt og prognose for innbetalingar, jf. tabell 4.7 i Prop. 1 S (2023–2024) for Samferdselsdepartementet.

Etter Samferdselsdepartementets vurdering bør dagens praksis med nettoføring av midlar frå bompengeselskapa og tilskot frå eksterne, bli formalisert i eit vedtak frå Stortinget, jf. forslag til romartalsvedtak.

Når eit bompengeprosjekt er ferdig, har bompengeselskapa i nokre tilfelle trekt inn meir bompengar til prosjektet enn det som var lagt til grunn i den vedtekne finansieringsplanen. Desse midlane («overskytande bompengar») har blitt overført til Statens vegvesen, og fram til dei er nytta, blir dei førte på Statens vegvesens mellomvære med statskassa som statleg gjeld (øyremerkte forpliktingar).

Overskytande midlar frå bompengeprosjekt skal disponerast til riksvegformål i det området der bompengane er kravde inn. Dette går fram av ein standard bompengeavtale som Samferdselsdepartementet presenterte for Stortinget i St.prp. nr. 1 (1989–90). Praksisen er vidareført i bompengeavtalen som er inngått med dei regionale bompengeselskapa. Ved utgangen av 2022 var overskytande bompengar på mellomværet med statskassa 101,9 mill. kr. Når dei overskytande midlane blir nytta, blir dei i rekneskapen førte på same måte som dei andre midlane frå bompengeselskapa, dvs. nettoført mot utgiftskapittelet.

I Finansdepartementets rundskriv R-101 Statens kontoplan for statsbudsjettet og statsregnskapet går det fram kva for eigedelar- og gjeldspostar som skal inngå i mellomværet med statskassa, m.a. unntak frå kontantprinsippet. Andre unntak frå kontantprinsippet krev fullmakt frå Stortinget.

Etter Samferdselsdepartementets vurdering bør praksisen for å handtere overskytande bompengemidlar bli formalisert i eit vedtak frå Stortinget, jf. forslag til romartalsvedtak.

Til forsida