Prop. 36 L (2019–2020)

Endringar i pasientskadeloven (forskriftsheimel om meinerstatning mv.)

Til innhaldsliste

4 Forslag til heimel for tvangsgrunnlag for innkrevjing av tilskot frå privat helseteneste

4.1 Gjeldande rett

Privat helseteneste, dvs. private verksemder utan avtale med ein kommune, fylkeskommune, helseføretak eller eit regionalt helseføretak, har plikt til å bidra til finansieringa av Norsk pasientskadeerstatning (NPE), jf. pasientskadeloven § 8. Det er eigar og ansvarleg for verksemda som sysselset helsepersonell som yt helsehjelp utanfor offentleg helseteneste som skal betale tilskot, jf. forskrift 31. oktober 2008 nr. 1166 om pasientskadelovens virkeområde og om tilskuddsplikt for den som yter helsehjelp utenfor den offentlige helse- og omsorgstjenesten § 4. Dersom tilskot ikkje blir betalt i samsvar med kravet frå NPE, kan NPE krevje å få dekt utgifter som skuldast den manglande innbetalinga, jf. forskrifta § 6. Den som unnlèt å betale tilskot til NPE kan straffast med bøter eller fengsel i inntil tre månader, jf. pasientskadeloven § 8 tredje ledd.

Nivået på tilskota frå private helsetenester er fastsett i forskrifta § 10.

Den som har eit pengekrav mot ein annan kan forlange utlegg for kravet når det ligg føre eit tvangskraftig tvangsgrunnlag, jf. tvangsfullbyrdelsesloven § 7-1 første ledd. Tvangsfullbyrding av eit krav kan berre krevjast når det ligg føre eit alminneleg eller eit særleg tvangsgrunnlag for kravet, og dette tvangsgrunnlaget er tvangskraftig, jf. tvangsfullbyrdelsesloven § 4-1 første ledd og § 7-2 første ledd. Det kan m.a. fastsetjast i lov at eit krav skal vere tvangsgrunnlag for utlegg, jf. tvangsfullbyrdelsesloven § 7-2 bokstav e.

Vedtak om betaling av pliktig tilskot etter pasientskadeloven § 8 gir i dag ikkje tvangsgrunnlag for utlegg.

4.2 Forslaget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet blei det foreslått ei endring i pasientskadeloven slik at krav om tilskot frå privat helseteneste blir tvangsgrunnlag for innkrevjing. Det blei også forslått at Statens innkrevjingssentral skal stå for inndriving av ikkje betalte tilskot.

Departementet vurderte også å lovfeste tvangsgrunnlag for innkrevjing av utbetalt erstatning og NPEs kostnader til sakshandsaming hos verksemder i privat helseteneste som ikkje har betalt pliktig tilskot, men kom til at det ikkje burde fremjast eit slikt forslag.

4.3 Høyringsinstansane sitt syn

Alle høyringsinstansane som uttaler seg om spørsmålet, m.a. Apotekforeningen, Norsk psykologforening, Norsk kiropraktorforening og Den norske tannlegeforening støttar forslaget. Den norske tannlegeforening skriv til dømes.:

«Vi mener det er helt riktig å etablere en hjemmel for å kunne tvangsinndrive manglende innbetalt tilskudd. Dette vil bidra til en mer rettferdig og solidarisk ordning i forhold til de tilskuddspliktige som betaler rettidig. Vi støtter også vurderingen som er gjort rundt tvangsinnkreving av utbetalt erstatning og NPEs kostnader til saksbehandling, og at dette ikke foreslås.»

Politidirektoratet har lagt høyringsnotatet fram for Namsfogden i Oslo. Namsfogden i Oslo skriv m.a.:

«Etter vårt syn står NPE i en særstilling som kan rettferdiggjøre innføring av direkte utleggshjemmel. Fondet er relativt lite, det er av stor betydning at innbetalingen sikres og at likviditetshensyn taler for særbehandling
(…)
NPE ønsker direkte hjemmel til å tvangsinndrive erstatninger i form av regresskrav. Etter vår oppfatning vil det være særlig uheldig å innføre en slik adgang til direkte tvangsfullbyrdelse uten domstolsprøving (…) Vi er derfor helt enige med departementet i at hensynet til rettssikkerheten, klart taler for at det vil være en alt for inngripende ordning å gi direkte hjemmel for tvangsfullbyrdelse (…)»

4.4 Departementet sine vurderingar og forslag

I dag kan Norsk Pasientskadeerstatning (NPE) krevje at den tilskotspliktige betalar fastsett tilskot. NPE kan purre ved manglande betaling av krav, men dersom den tilskotspliktige ikkje betalar, må saka gjennom det sivile rettssystemet eller forfølgjast som straffesak for å etablere eit tvangsgrunnlag for kravet.

NPE har opplyst at i privat helseteneste dreier uteståande krav seg om manglande innbetaling av tilskot. Per 3. mai 2019 dreier det seg om uteståande krav på 7 132 494 kroner fordelt på åra 2009–2019. Det største enkeltkravet er på 228 027 kroner. NPE har for dei fleste sakene purra to gonger.

Å lovfeste ein heimel som gir tvangsgrunnlag for å ta utlegg ved innkrevjing av tilskot til privat helseteneste vil bidra til at innkrevjinga blir enklare, raskare og rimelegare. Dette vil frigjere ressursar i NPE. Det vil også bidra til at fleire oppfyller tilskotsplikta noko som igjen vil føre til fleire midlar i fondet.

Det kan likevel hevdast at ein heimel for ein meir effektiv tilgang til å krevje inn manglande innbetalt innskot grip for mykje inn i den enkelte sin rettstryggleik. Mellom anna utløyser eit slikt tvangsgrunnlag ein rett til å foreta trekk frå lønskontoen til den tilskotspliktige utan at saka må handsamast av domstolane. På den andre sida er tilskotsbeløpet det kan takast utlegg for avgrensa og det kjem ikkje uventa. Storleiken på tilskota er talfesta i forskrift 31. oktober 2008 nr. 1166 om pasientskadelovens virkeområde og om tilskuddsplikt for den som yter helsehjelp utenfor den offentlige helse- og omsorgstjenesten. Vedtaket kan dessutan påklagast til Pasientskadenemnda, jf. forskrifta § 8 og saka kan prøvast for domstolen.

Departementet legg vidare vekt på at å gjere innkrevjinga av tilskot enklare slik at fleire fyller tilskotsplikta bidreg til likebehandling av dei bidragspliktige.

Forslaget om tvangsgrunnlag for inndriving av tilskot fekk brei støtte i høyringa.

På denne bakgrunnen foreslår departementet at det blir lovfesta at vedtak om tilskot frå private tilbydarar av helse- og omsorgstenester skal vere tvangsgrunnlag for utlegg.

Heller ingen av høyringsinstansane hadde innvendingar mot forslaget om at Statens innkrevjingssentral skal stå for inndrivinga. Departementet held derfor fast ved at Statens innkrevjingssentral skal stå for inndriving av ikkje betalte tilskot.

Departementet held óg fast ved at ein heimel som gir tvangsgrunnlag for innkrevjing av regress etter til dømes erstatningsutbetalingar vil føre til for store inngrep i rettstryggleiken til den einskilde tilskotspliktige. Det bør derfor ikkje gjevast tvangsgrunnlag for innkrevjing av utbetalt erstatning og NPEs kostnader til saksbehandling hos verksemder som ikkje har betalt pliktig tilskot.