Prop. 45 L (2015–2016)

Endringar i kommuneloven (avvikling av samkommunemodellen)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovforslaget

I januar 2015 sende departementet på høyring eit forslag om å oppheve kapittel 5 B. i kommuneloven om samkommunen. Samkommunen er ein modell for omfattande samarbeidstiltak mellom kommunar, der vesentleg avgjerdsmakt blir overført til den interkommunale eininga. Samkommunen er ein eigen juridisk person og eit sjølvstendig interkommunalt forvaltningsorgan. Forslaget heng saman med at regjeringa ønskjer å gjennomføre ei kommunereform, jf. Prop. 95 S (2013–2014) Kommuneproposisjonen 2015 og Prop. 121 S (2014–2015) Kommuneproposisjonen 2016. I proposisjonen for 2015 blei det varsla at regjeringa ønskjer å avvikle modellen. Regjeringa meiner at interkommunalt samarbeid ikkje er eit fullgodt alternativ til større og meir robuste kommunar. Regjeringa meiner vidare at kommunesamanslåing er ei betre løysing for ein kommune som treng å samarbeide på så mange tenesteområde som det samkommunen gir høve til.

Samkommunemodellen fører til ei meir kompleks forvaltning og kan svekkje transparens og kontroll, ettersom viktige avgjerder blir flytta frå folkevalde organ til eit sjølvstendig interkommunalt samarbeid. Lokaldemokratiet blir derfor betre teke vare på når ein sikrar ei direkte linje frå veljarane til dei politisk ansvarlege.

Det er svært få kommunar som har teke i bruk modellen sidan han blei lovfesta i 2012. Dette tyder på at kommunane opplever modellen som mindre relevant. Det er i dag oppretta to samkommunar. Innherred samkommune er eit samarbeid mellom kommunane Levanger og Verdal. Midtre Namdal samkommune består av kommunane Namsos, Overhalla, Namdalseid og Fosnes. Begge samkommunane ligg i Nord-Trøndelag fylke.

Forslaget om å avvikle modellen vil redusere det totale talet på tilgjengelege modellar for interkommunalt samarbeid og forenklar dermed regelverket som gjeld interkommunalt samarbeid. Forslaget vil bli gjennomført ved å oppheve kapittel 5 B. i kommuneloven.