Prop. 56 S (2016–2017)

Finansiering av prosjektet fv 17 / fv 720 Dyrstad – Sprova – Malm i Nord-Trøndelag, justert innkrevjingsopplegg E16 Kongsvinger – Slomarka og auka kostnadsramme E6 Helgeland nord

Til innhaldsliste

4 Trafikkgrunnlag

Trafikken gjennom dei planlagde bomstasjonane er vurdert av Statens vegvesen med bruk av Regional transportmodell (RTM).

Radarteljingar i desember 2014 viste ein årsdøgntrafikk på om lag 4 150 køyretøy langs den sørlege delen av fv 17 og om lag 2 400 køyretøy nord for krysset med fv 720. Langs dagens fv 720 er årsdøgntrafikken rekna til om lag 1 600 køyretøy.

Ved innføring av bompengar må det ventast ein reduksjon i trafikkgrunnlaget, dels fordi nokre trafikantar vil velje andre køyreruter og andre transportmiddel enn bil, og dels fordi nokre vil utelate enkelte reiser.

For samanlikningsåret 2014 er det ved bruk av Regional transportmodell rekna eit trafikkomfang på ny/utbetra fv 17 etter innføring av bompenger som ligg 11–17 pst. lågare enn dagens trafikk. Den høge trafikkavvisinga som modellen gir (21–34 pst. avhengig av strekning), tilseier at framtidig trafikk med bompengar er nøkternt rekna.

Med bakgrunn i dette er det lagt til grunn at med bompengetakstar som føresett i dei lokalpolitiske vedtaka, vil årsdøgntrafikken i 2019 liggje på om lag 3 600 køyretøy gjennom bomstasjonen på fv 17 ved Dyrstad, om lag 2 000 køyretøy gjennom bomstasjonen på fv 17 ved Sprova og om lag 1 400 køyretøy gjennom bomstasjonen på fv 720 ved Strømsnes.

Med utgangspunkt i prognosane som er utarbeidde for Nord-Trøndelag i samband med Nasjonal transportplan 2014–2023, er det lagt til grunn ein årleg trafikkvekst på 1 pst.