Prop. 57 L (2022–2023)

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innhaldsliste

7 Formålet med opplæringslova og verkeområdet til lova

7.1 Innleiing

Dette punktet handlar om formålet med opplæringslova og verkeområdet til lova.

7.2 Formålet med opplæringslova

7.2.1 Dagens reglar

Opplæringslova inneheld ingen eigen regel om formålet med lova.

7.2.2 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet å lovfeste ein eigen paragraf om kva som er formålet med opplæringslova. Forslaget lydde slik: «Lova skal leggje til rette for at barn, ungdom og vaksne får god opplæring i eit godt miljø.»

Med dette høyringsforslaget følgde departementet opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 14.

7.2.3 Høyringsinstansanes syn

Det er 15 høyringsinstansar som har uttalt seg om forslaget til ein eigen paragraf om formålet med opplæringslova. Alle desse støttar forslaget og intensjonen bak regelen. Nokre få av høyringsinstansane har forslag til tilføyingar i ordlyden. Likestillings- og diskrimineringsombodet meiner det bør komme fram at eit av dei primære formåla i lova er å sørgje for ein skole som er inkluderande, og som gir lik tilgang på utdanning for alle uavhengig av til dømes funksjonsevne, etnisitet og kjønn. Rådet for mennesker med funksjonsnedsettelser i Øvre Eiker kommune foreslår å føye til at det skal leggjast vekt på at personar med nedsett funksjonsevne ikkje kjenner på utanforskap eller blir utsette for kvardagsdiskriminering.

Norsk Lektorlag støttar intensjonen bak regelen om at lova skal leggje til rette for at barn, ungdom og vaksne får god opplæring i eit godt miljø, men lektorlaget meiner formuleringane «god» og «godt» er for vage. Norsk lektorlag foreslår derfor å leggje til at med «god opplæring» siktar ein til at elevane får nødvendig opplæring av kvalifiserte lærarar i kompetansemåla i læreplanverket, og at eit «godt miljø» for elevane er eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Barneombodet foreslår å byte ut «leggje til rette for» med «sikre». Ombodet viser til at «sikre» er ordet som blir brukt i barnevernslova, som har ein tilsvarande regel.

7.2.4 Departementets vurdering

Departementet foreslår å lovfeste ein eigen paragraf om formålet med lova. Den rettslege betydninga av regelen vil vere avgrensa, og departementet meiner at mål eller rettar som kjem fram av andre reglar i lova, ikkje bør gjentakast i denne innleiande paragrafen. Departementet meiner likevel at lova bør innehalde ein formålsparagraf som gir lesaren ei kortfatta innføring i kva som er det primære formålet med lova, og tener som ei påminning om grunnleggjande omsyn lova byggjer på. Som andre formålsparagrafar verkar denne også inn på utøvinga av skjønn og tolkinga av reglar i lova. Departementet viser også til at det er vanleg å innleie ei lov med ein formålsparagraf, og at både privatskolelova, universitets- og høgskolelova, sosialtenestelova, helse- og omsorgstenestelova og arbeidsmiljølova har ein slik paragraf.

Barneombodet meiner at ordet «sikre» bør brukast i staden for orda «leggje til rette for» i paragrafen. Departementet meiner at uttrykket «leggje til rette for» beskriv det overordna formålet med lova godt, og foreslår å halde på dette uttrykket i paragrafen. Når det gjeld innspela frå Norsk Lektorlag, viser departementet til at kva som ligg i formuleringane «god opplæring» og «godt miljø», vil følgje av andre reglar i lova og forskrift om mål og prinsipp for opplæringa. Departementet viser mellom anna til dei foreslåtte reglane om skolemiljø i punkt 33 og reglane om kompetansekrav for lærarar i punkt 50.

7.2.5 Departementets forslag

Departementet foreslår å lovfeste ein eigen paragraf om kva som er formålet med lova, sjå forslaget til § 1-1.

7.3 Verkeområde

7.3.1 Dagens reglar

Opplæringslova

Verkeområdet til opplæringslova er fastsett i § 1-2. I det første leddet til paragrafen står det: «Lova gjeld grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring i offentlege skolar og lærebedrifter dersom ikkje noko anna er særskilt fastsett.» Det er fastsett at opplæringslova også regulerer tenester som ikkje er opplæring, til dømes skolefritidsordninga i § 13-7, oppfølgingstenesta i § 3-6 og musikk- og kulturskoletilbodet i § 13-6.

I § 1-2 andre ledd er det presisert at lova også gjeld for grunnskoleopplæring i private grunnskolar som ikkje får statstilskot etter privatskolelova, og for privat heimeopplæring i grunnskolen. Lova gjeld også for private vidaregåande skolar når det ligg føre både ein mellomstatleg avtale om dette og ei godkjenning frå departementet. Dette følgjer av opplæringslova § 3-11.

Det er presisert i § 1-2 tredje ledd at kapittel 4A gjeld for opplæring som er spesielt organisert for vaksne, og som kommunen eller fylkeskommunen har ansvaret for.

Opplæringslova gjeld i Noreg dersom ikkje noko anna kjem fram av lova. Det er fastsett i § 1-2 fjerde ledd at departementet kan godkjenne fylkeskommunale vidaregåande skolar i utlandet.

Svalbardlova

Etter Svalbardlova § 4 kan Kongen fastsetje forskrifter mellom anna om skoleverket. Ei slik forskrift er gitt i forskrift 17. juni 2022 nr. 1044 om grunnskoleopplæring og videregående opplæring i Longyearbyen. Her er det fastsett kva reglar som gjeld for opplæring i Longyearbyen, inkludert kva reglar i opplæringslova som gjeld for opplæringa. Enkelte reglar er i forskrifta tilpassa dei stadlege forholda på Svalbard.

7.3.2 Høyringsforslaget

I høyringa foreslo departementet å vidareføre reglane om verkeområdet til lova, men med fleire forenklingar. Departementet foreslo å ikkje fastsetje i paragrafen kva som er det geografiske verkeområdet til lova, fordi det geografiske verkeområdet vil følgje av dei alminnelege prinsippa om verkeområde til lover. Departementet foreslo også å ikkje vidareføre regelen i § 1-2 fjerde ledd om godkjenning av vidaregåande opplæring i utlandet, men i staden å vidareføre regelen i forslaget til § 22-1 andre ledd.

Med dette høyringsforslaget følgde departementet opp forslaget frå opplæringslovutvalet i NOU 2019: 23, kapittel 14.

7.3.3 Høyringsinstansanes syn

15 høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget til regel om verkeområdet til lova. Alle desse støttar forslaget. Barneombodet saknar ein omtale av bruken av lova på Svalbard.

7.3.4 Departementets vurdering

Departementet foreslår å vidareføre dagens verkeområde for lova, sjå § 1-2 første ledd. Departementet meiner at lova framleis bør gjelde for all grunnskoleopplæring, vidaregåande opplæring og verksemd knytt til opplæringa. Verksemd knytt til opplæringa er mellom anna skolefritidsordninga og pedagogisk-psykologisk teneste. Lova skal ikkje gjelde for skolar som er godkjende etter privatskolelova.

Departementet meiner at det ikkje er tenleg å fastsetje kva som er det geografiske verkeområdet til lova, det vil seie kvar lova gjeld. Det geografiske verkeområdet følgjer av dei alminnelege prinsippa om verkeområde til lover. Dersom ikkje anna kjem fram av særskilde reglar i lova eller i andre lover, vil ho berre gjelde i Noreg. Det vil seie at lova ikkje gjeld for norske borgarar som buset seg i utlandet. Kva reglar som gjeld på Svalbard, er fastsett i forskrift 17. juni 2022 nr. 1044 om grunnskoleopplæring og videregående opplæring i Longyearbyen, sjå over. Forskrifta fastset mellom anna at ein del reglar i dagens opplæringslov gjeld heilt eller delvis på Svalbard. Når gjeldande opplæringslov blir oppheva, må forskrifta oppdaterast eller erstattast av ei ny, og spørsmålet om rekkjevidda av ny opplæringslov må vurderast. Departementet meiner det er naturleg at forskrifta då blir heimla i ny opplæringslov, og ikkje i Svalbardlova § 4 slik ho er i dag. Dette bidreg til å gjere regelverket lettare tilgjengeleg ved at det blir etablert ei direkte heimelskjede frå opplæringslova til forskrifta. Departementet foreslår derfor å ta inn ein heimel for dette i forslaget til § 1-2 andre ledd.

7.3.5 Departementets forslag

Departementet foreslår å vidareføre reglane om verkeområdet til lova, men med fleire forenklingar, sjå forslaget til § 1-2 første ledd. Departementet foreslår også å ta inn ein heimel for å gi forskrift om bruken av lova for Svalbard, sjå forslaget til § 1-2 andre ledd.

Til forsida