Prop. 63 L (2023–2024)

Endringar i helsepersonelloven og helsetilsynsloven (administrative reaksjonar, karantenetid før søknad om ny autorisasjon mv.)

Til innhaldsliste

5 Regulering i Sverige og Danmark

Dette kapittelet inneheld ei omtale av gjeldande svensk og dansk rett som er relevant i forhold til forslaga i kapitla 6, 7 og 9 i proposisjonen.

5.1 Sverige

Inspektionen för vård och omsorg (IVO) fører tilsyn med helse- og omsorgstenesta og med helsepersonell i Sverige. IVO kan kritisere og påpeike lovbrot overfor helsepersonell, men det er Hälso- och sjukvårdens ansvarsnämnd (HSAN) som vurderer og fattar vedtak om administrative reaksjonar. HSAN er ein domstolsliknande myndigheit. Dersom det er grunnlag for ein formell reaksjon, sender IVO saka til HSAN. Socialstyrelsen er sekretariat for HSAN. Avgjerder frå HSAN kan klagast inn for Förvaltningsrätten i Stockholm.

Tilbaketrekking av autorisasjon («legitimation») er regulert i Patientsäkerhetslagen kapittel 8 §§ 3 til 7. Grunnlag for tilbaketrekking kan vere grov uforstand («grovt oskicklig») i yrkesutøvinga, alvorlege lovbrot i eller utanfor yrkesutøvinga som er eigna til å påverke tilliten til helsepersonellet, sjukdom eller anna liknande omstende, eller der helsepersonellet på annan måte har vist seg openbert ueigna til å utøve yrket. Dersom det tidlegare er tatt ei avgjerd om prøvetid og eventuelt prøvetidsplan etter kapittel 8 §§ 1 og 2, kan grunnlag for tilbaketrekking også vere at helsepersonellet i prøvetida (igjen) viser seg å vere ueigna til å utøve yrket, eller at vedkommande lar vere å følgje prøvetidsplanen.

Patientsäkerhetslagen kapittel 8 § 12 har ei føresegn om åtgangen til å søkje HSAN om ny autorisasjon i tilfelle der ein autorisasjon er trekt tilbake. Søknad om ny autorisasjon skal innvilgast dersom krava i kapittel 4 i lova er oppfylte. Det vil seie dersom helsepersonellet oppfyller krava til utdanning/kompetanse og omstenda som var grunnlaget for tilbaketrekkinga ikkje lenger er til stades. Lova legg dermed ikkje opp til at helsepersonellet som følgje av tilbaketrekkinga skal bli avskore for alltid frå å kunne få ny autorisasjon.

Eit vedtak om tilbaketrekking av autorisasjon gjeld inntil vidare. Det er inga lovfesta karantenetid i svensk rett for når ein kan søkje om ny autorisasjon. Ifølgje praksis frå Högsta förvaltningsdomstolen, (jf. ei avgjerd av 24. februar 2000 frå tidlegare Regeringsrätten (som seinare har endra namn til Högsta förvaltningsdomstolen)), skal det som utgangspunkt gå minst tre år mellom vedtak om tilbaketrekking og vedtak om ny autorisasjon. Det betyr i praksis at ein søknad om ny autorisasjon vanlegvis kan setjast fram tidlegast tre år etter vedtaket om tilbaketrekking. Lengda på «anmärkningsfri tid» som bør ha gått frå tilbaketrekking til spørsmålet om ny autorisasjon kan bli aktuelt, kan likevel vere lengre eller kortare enn tre år, avhengig av alvoret i den enkelte saka. Helsepersonellet har sjølve bevisbyrda for å godtgjere at det ligg føre omstende som gjer at vedkommande på ny kan få autorisasjon.

Spørsmålet om varig tilbaketrekking av autorisasjon og karantenetid for å kunne få ny autorisasjon, er drøfta i Regeringens proposition 2009/10: side 109 og 112:

«I bestämmelsen om ny legitimation (5 kap. 13 § LYHS) anges att ny legitimation ska meddelas när förhållandena medger det. Här aktualiseras också en fråga av kriminalpolitisk karaktär, nämligen hur man ska se på tidssambandet mellan brott och beslut om återkallelse respektive ansökan om ny legitimation. Ska den som gjort sig skyldig till allvarlig brottslighet för alltid vara fråntagen möjligheten att få legitimation för yrke inom hälso- och sjukvården eller bör det finnas någon form av karenstid mellan brott och möjligheten att få eller behålla legitimation?
[…]
Det bör emellertid finnas en ventil som gör det möjligt att t.ex. beakta om det förflutit så lång tid från det att brottet begicks till dess att frågan om legitimation prövas att det inte längre kan hållas för troligt att brottet har inverkan på förtroendet för yrkesutövaren. Exakt hur lång tid som ska ha passerat låter sig svårligen anges i lagtext utan måste bli en fråga för HSAN och domstolarna att avgöra utifrån omständigheterna i det enskilda fallet.»

I Patientsäkerhetslagen kapittel 10 §§ 3 og 4 er det eigne straffeføresegner for høvesvis legar og tannlegar som har fått trekt tilbake autorisasjonen og like fullt praktiserer lege- og tannlegeyrket. Vidare er det ei generell straffeføresegn for helsepersonell som bryt reglane i kapittel 10 § 6 i lova. Dersom ein person har brote denne føresegna, kan Socialstyrelsen etter kapittel 10 § 8 vedta eit forbod mot at vedkommande i ei viss tid eller for alltid skal utøve helsehjelp («föreläggande»). Vedtaket kan leiast av ei tvangsmulkt («vite») som inneber at helsepersonellet må betale eit visst beløp ved manglande etterleving av vedtaket. «Vita» kan fastsetjast som eit eingongsbeløp eller som ei løpande betalingsforplikting. Tvangsmulkt kan påleggjast både fysiske og juridiske personar (føretak mv.). Den som har brote eit slikt forbod kan ikkje straffedømmast for handlingar som blir omfatta av forbodet. Forbod etter § 8 mot å utøve verksemd kan klagast inn for den alminnelege forvaltningsdomstolen, jf. kapittel 10 § 13.

5.2 Danmark

I Danmark er det Styrelsen for Patientsikkerhed som fører tilsyn med helse- og omsorgstenesta og helsepersonell. Styrelsen for Patientsikkerhed kan etter Autorisationsloven fatte vedtak om ulike sanksjonar overfor helsepersonell, mellom anna skjerpt tilsyn, fagleg pålegg og mellombels tilbaketrekking eller avgrensing av autorisasjon. Vedtak om mellombels tilbaketrekking eller avgrensing av autorisasjon kan klagast inn for Ankenævnet for Tilsynsafgørelser.

Ein autorisasjon kan trekkast tilbake dersom helsepersonellet som følgje av sin fysiske tilstand, sjukdom, bruk av rusmiddel eller grov forsømming ved utøving av yrket må reknast for («må antages») å vere til fare for pasienttryggleiken, og dessutan ved brot på mellom anna forbod, påbod, avgrensing og mellombels tilbaketrekking, jf. Autorisationsloven §§ 7 og 7 a. Ein autorisasjon kan avgrensast dersom helsepersonellet som følgje av sin fysiske tilstand, sjukdom, bruk av rusmiddel eller fagleg svikt («alvorlig eller gentagen kritisabel faglig virksomhed») må reknast for å vere til fare for pasienttryggleiken på eit eller fleire fagområde, jf. Autorisationsloven § 8. Ein autorisasjon kan også trekkast tilbake eller bli avgrensa mellombels ved grunngitt mistanke om fare for pasienttryggleiken på grunn av dei ovannemnde årsakene, jf. Autorisationsloven § 9.

Vedtak om permanent tilbaketrekking eller avgrensing blir avgjort ved sivil rettssak etter prosedyrar nedfelt i Autorisationsloven § 11. Utgangspunktet er at avgjerder frå Styrelsen for Patientsikkerhed om å ta i frå helsepersonell autorisasjonen, er mellombelse, men domstolane kan vedta å gjere tilbaketrekkinga permanent. Viss Styrelsen for Patientsikkerhed meiner at tilbaketrekkinga skal gjerast permanent, må dei innan to år frå tidspunktet for vedtak om mellombels tilbaketrekking, gå til søksmål for domstolane om permanent tilbaketrekking. Dersom dei ikkje gjer dette, vil vedtaket om tilbaketrekking falle bort etter to år, jf. autorisationsloven § 11 a første ledd.

Viss vedtaket har vore innklaga til Ankenævnet for Tilsynsafgørelser og blitt avvist etter stadfesta der, er fristen to år frå avgjerda til nemnda, jf. § 11 a andre ledd. Før søksmål innhentar styrelsen ei skriftleg erklæring frå Retslægerådet, som blir lagt fram for helsepersonellet for skriftleg fråsegn eller munnleg forklaring i møte der Retslægerådet også deltar.

Dom på permanent tilbaketrekking er like fullt ikkje til hinder for at helsepersonellet kan søkje om ny autorisasjon etter prosedyrar nedfelt i Autorisationsloven §§ 11 b og c, såframt dei omstenda som har grunngitt tilbaketrekkinga ikkje lenger er til stades. Det er Styrelsen for Patientsikkerhed som fattar vedtak, eventuelt etter å ha lagt fram saka for Retslægerådet. Det følgjer av Autorisationsloven § 11 b andre ledd at ved avslag på søknad om ny autorisasjon skal det gå minst eitt år før helsepersonellet kan krevje saka prøvd på nytt for domstolane, rekna frå tidspunktet for avsagt endeleg dom om tilbaketrekking av autorisasjon, eller tidlegast eit år etter at ny autorisasjon sist blei nekta ved dom. Det er ikkje fastsett noka karantenetid for å sette fram søknad om ny autorisasjon.

Det kjem fram av Autorisationsloven § 5 andre ledd at Styrelsen for Patientsikkerhed også fører tilsyn med «andre personer enn sundhedspersoner der udøver sundhedsfaglig virksomhed inden for sundhedsvæsenet». Det vil seie at også helsepersonell som ikkje har autorisasjon, er underlagt tilsyn.

Helsepersonell utan autorisasjon kan setjast under skjerpt tilsyn etter Autorisationsloven § 10 b. Dette gjeld dersom styrelsen har grunngitt mistanke om at vedkommande kan «udgøre en forringet sikkerhed for patienter på grund af kritisabel faglig virksomhed». Autorisationsloven inneheld også ulike straffeføresegner for helsepersonell med og utan autorisasjon.

Det er straffbart dersom helsepersonell som er fråtekne autorisasjon eller fått autorisasjonen innskrenka, likevel held fram den aktuelle praksisen, jf. § 76. Tilsvarande er det straffbart dersom ein person utan autorisasjon behandlar sjuke og i samband med dette «udsætter nogens helbred for påviselig fare», jf. § 87. I tillegg til straffeføresegnene som har heimel i Autorisationsloven, kan helsepersonell med eller utan autorisasjon bli straffa etter føresegnene i straffeloven.

Til forsida