Prop. 65 L (2018–2019)

Endringar i stadnamnlova (organisering av stadnamntenesta m.m.)

Til innhaldsliste

6 Merknader til dei enkelte paragrafane

Til § 1 Formål og verkeområde

Formuleringa i andre ledd er vidareført, men norske er lagt til i oppramsinga av kva språk lova skal sikre omsynet til. Endringa er eit uttrykk for at stadnamnlova både er ei kulturminnelov og ei språklov. Ho skal både verne immateriell kultur og fremje norsk, samisk og kvensk språk i aktiv bruk, jf. stadnamnlova § 1. Vernet av stadnamna på norsk, samisk og kvensk er likeverdig.

Til § 2 Definisjonar

§ 2 første ledd bokstav a definerer «stadnamn» som namn på terrengformasjonar, kulturformasjonar, administrative område som kommunar og sokn, reinbeitedistrikt, institusjonar og adresser. Reinbeitedistrikt er lagt til i døma på administrative område for å sikre at namn på reinbeitedistrikt blir behandla etter reglane i lova.

Til § 3 Namnevern

Paragrafen er ei støtte til formålsparagrafen. Overordna handlar føresegnene om å vidareføre så mange opphavlege namn som råd på den staden dei har ei opphavleg tilknyting til.

Første ledd er vidareført uendra.

Andre ledd skal verne dei namna som tradisjonelt er i bruk på ein stad. Reglane i andre ledd skal hindre at namn med stor geografisk utbreiing automatisk blir til fortrengsel for namn som har ei mindre geografisk utbreiing. Dinest skal reglane hindre at eit nedervd stadnamn blir bytt ut med t.d. kommersielt meir omsetjelege namn.

Andre ledd første punktum er formulert slik at det vert opna for namnebyte. Leddet seier at eit stadnamn kan bytast ut med eit anna stadnamn, men då eigentleg på to vilkår: 1) At det namnet som erstattar eit anna namn, skal ha tradisjon som namn på det same namneobjektet som det namnet som blir bytt ut, og 2) bytet skal som hovudregel føregå innanfor det same språket. Til § 3 andre ledd første punktum blir formuleringa «som er på same språk» føydd til, slik at det blir utvetydig at hovudregelen er at eit stadnamn på eitt språk ikkje kan fortrengje eit stadnamn på eit anna språk. Til dømes skal ikkje eit norsk stadnamn fortrengje eit samisk stadnamn.

Unntaksregelen i § 3 andre ledd andre punktum opnar for å vurdere namnebyte også i situasjonar der dei namna som er til vurdering, ikkje har tradisjon som namn på same namneobjekt. Regelen opnar i prinsippet også for å gjere unntak frå hovudregelen om at eit eventuelt namnebyte skal skje innanfor same språk. Unntaksregelen opnar såleis for å gjere unntak frå begge vilkåra ovanfor, men av særlege grunnar.

«Særlege grunnar» til å byte ut eit namn kan vere at namnet er vanskeleg å skilje frå andre namn, og at dette kan skape fare for liv og helse. Døme kan vere at ambulansepersonell e.l. forvekslar namnet med eit anna, eller har problem med å identifisere ei konkret adresse. Særlege grunnar kan òg vere at eit stadnamn er til vesentleg byrde for dei som bur på staden.

«Særlege grunnar» kan i tillegg vere at den lokale bruken av namnet har endra seg gradvis og over tid, slik at eit namn har fått ein utvida eller innsnevra bruk. Ein utvida bruk av eit namn over tid kan ha ført til at bruken av namnet har fått referanse til eit anna namneobjekt, som i sin tur har eit opphavleg namn frå før. Dersom særlege grunnar her skal vurderast for å gjere unntak frå hovudregelen, må ein stå mellom to namn med i utgangspunktet likeverdig krav på vern. Det namnet som eventuelt blir flytta til ein ny stad som følgje av eit vedtak etter lova, skal vere eit nedervd namn. Det skal vurderast konkret om eit namn vil gå ut av bruk eller sikrast i bruk ved eit namnebyte. Kulturvernomsyn skal vurderast konkret, noko som sjeldan talar for at ei endring i namnebruken skal vere styrt av kommersielle interesser, eller at det er tilrådeleg å byte ut stadnamn mellom to språk. I den konkrete vurderinga av om det er særlege grunnar som tilseier at ein kan tillate namnebyte etter § 3 andre ledd, skal ein leggje vekt på kva kommunen meiner om kva som tener namnevernet lokalt.

Til § 4 Reglar om skrivemåten

Første ledd er vidareført uendra.

Regelen i nytt andre ledd er flytta frå forskrifta. Det er eit signal om at regelen skal vurderast oftare som unntaksregel. I saker der det blir vurdert å bruke denne unntaksregelen, skal følgjande moment takast med i vurderinga: uttalen, innarbeidd skrifttradisjon, meiningsinnhaldet og lokale synsmåtar.

Ein må vurdere om skrivemåten vil endre den lokale uttalen av namnet. Forma som namnet har i den nedervde lokale uttalen, er utgangspunktet for normering og har i seg sjølv verdi som kulturminne.

Uttrykka «lenge i bruk» og «innarbeidd» skal forståast slik at det skal vere ein lang og dominerande skrifttradisjon for den eldre skrivemåten som er ønskt, helst på offentlege kart og i matriklar. I uttrykket «vel kjend» ligg det at det ikkje er stort sprik i lokale synsmåtar om at skrivemåten er innarbeidd. Dersom det er stort sprik i lokale syn på saka, skal ein leggje vekt på den synsmåten som fremjar hovudregelen.

Det må vurderast om skrivemåten i stor grad bidreg til å skjule meiningsinnhaldet, slik formålet med lova er at skrivemåten ikkje skal gjere. Markering av lang vokal (for eksempel med bruk av dobbel vokal) og bokstavane c, q, w, x, og z skal ikkje godtakast i skriving av allmennord. Grunnen er hovudsakleg at slike skrivemåtar i stor grad forvanskar meiningsinnhaldet. Ei adresse som inneheld eit personnamn eller eit familienamn, t.d. Riiser-Larsens vei eller Schweigaards gate, skal ikkje følgje denne regelen.

Dersom det på bakgrunn av den nedervde uttalen er tvil om kva som er meiningsinnhaldet i namnet, er dette eit moment som talar for at den hevdvunne skrivemåten kan godtakast.

Noverande andre ledd blir delt opp og vidareført som tredje og fjerde ledd. Innhaldet er ikkje endra.

Til § 5 Særskilde reglar om gardsnamn og bruksnamn

Redaksjonelle endringar fører til at nummereringa er endra. Tidlegare § 8 Særskilde reglar om gardsnamn og bruksnamn er flytta til § 5. Reglane i tidlegare § 8 er vidareførte. Saksbehandlingsreglane om fastsetjing av skrivemåten på gardsnamn og bruksnamn, som tidlegare stod i § 6 andre punktum, er flytta hit, slik at alle særskilde reglar om gardsnamn og bruksnamn no står i § 5. Innhaldet i reglane er vidareført uendra.

Til § 6 Igangsetjing av stadnamnsak

Paragrafen har skifta namn frå Nærmare om saksbehandlinga til Igangsetjing av stadnamnsak. Føresegna om kven som kan reise namnesak, som tidlegare var regulert i § 5 første ledd, er flytta til ny § 6.

Ny § 6 vidarefører bokstavlista i tidlegare § 5 første ledd, men bokstav d er endra frå Stadnamnkonulentane når det gjeld stadnamn i deira område til stadnamntenesta. Endringa er nødvendig fordi stadnamnkonsulentane ikkje lenger er organiserte i «område».

Til § 7 Avgjerder

Redaksjonelle endringar fører til at nummereringa er endra. Føresegna som no regulerer avgjerder, var tidlegare fordelt på § 5 Fastsetjing av skrivemåten og § 7 Nærmare om saksbehandlinga.

I første ledd blir det lovfesta at kommunen har rett til å velje namn på kommunale namneobjekt. Lovfestinga er til for at det ikkje skal kunne stillast spørsmål ved lovgrunnlaget for at kommunen vel namn på dei namneobjekta som kommunen også vedtek skrivemåten for.

I andre ledd blir det på same måte lovfesta at fylkeskommunen vel namn på fylkeskommunale anlegg.

I tredje ledd går det fram at statlege organ vel namn på statlege anlegg, og at reinbeitedistrikta sjølve vel namn på reinbeitedistrikta, men at i begge tilfelle er Kartverket vedtaksorgan for skrivemåten av desse namna. Kartverkets kompetanse er derfor berre å vedta skrivemåten av stadnamna. Endringane i første, andre og tredje ledd tydeleggjer at val av namn og vedtak om skrivemåten for namna, er to ulike prosessar.

Fjerde ledd er ei vidareføring av regelen i tidlegare § 6 tredje ledd andre punktum. Regelen er skilt ut i eit eige ledd, slik at det ikkje er tvil om at regelen omfattar samtlege vedtaksorgan.

Femte ledd er ei vidareføring av regelen i § 5 fjerde ledd.

Sjette og sjuande ledd er ei vidareføring av § 6 tredje og fjerde ledd.

Til § 8 Kunngjering og høyring

Redaksjonelle endringar gjer at § 8 har fått nytt namn.

Føresegnene om kunngjering av at det er reist namnesak om skrivemåten av eit stadnamn og høyring før vedtak, er flytta frå tidlegare § 6 Nærmare om saksbehandlinga. § 8 regulerer kven som er ansvarleg for å kunngjere at det er reist namnesak, og kven som har rett til å uttale seg før vedtaksorganet tek avgjerd. Målet er at saka skal vere så godt opplyst som mogeleg før det blir gjort vedtak om skrivemåten.

Etter første ledd første punktum skal dei som har rett til å uttale seg, få kjennskap til at det er reist namnesak. Dette føreset at det blir kunngjort at sak er reist.

Første ledd andre punktum er nytt. Her går det fram at det er kommunane som har ansvar for å gjennomføre kunngjeringa. Dette gjeld uavhengig av om det er eit statleg organ som Kartverket eller kommunen sjølv som har reist namnesak om skrivemåten av eit stadnamn. Den nye setninga er å rekne som lovfesting av fast praksis. Når det er Kartverket som har reist namnesak, vil dei sende eit oppstartsbrev til den aktuelle kommunen, med den informasjonen som er nødvendig for at kommunen kan administrere ei lokal høyring på ein formålstenleg måte. Andre, tredje og fjerde ledd regulerer kven som har uttalerett etter lova. Dette var tidlegare regulert i § 6 første ledd. Innhaldet i reglane om kven som har uttalerett, er vidareført uendra.

Dei som har uttalerett, skal ha minst to månader til å uttale seg frå dei får saka, jf. forskrift til stadnamnlova § 8 andre ledd andre punktum.

Til § 9 Tilråding

Paragrafen er ny og heimlar tilrådingsfunksjonen til stadnamntenesta.

Første ledd vidarefører innhaldet i tidlegare § 6 første ledd sjuande punktum, der tilråding om skrivemåte før vedtak om skrivemåte, var heimla. Tilrådingskompetansen blir utvida til også å omfatte namneskikk og namnsetjing, ikkje berre skrivemåte. Med «tilråding» er det meint at stadnamntenesta gir faglege råd om kva vedtak som er innanfor regelverket.

God namneskikk er å byggje på lokal namnetradisjon når nye namneobjekt skal ha namn. Slik er ein med på å ta vare på stadnamn som kanskje elles ville gått ut av bruk.

Godt namnevern er å unngå at vedtak kjem i konflikt med reglane i § 3.

Andre ledd vidarefører innhaldet i tidlegare § 6 første ledd åttande punktum.

Til § 10 Gjenopning

Tidlegare § 7 er no flytta til § 10. Det er ikkje gjort materielle endringar i paragrafen, men på bakgrunn av andre redaksjonelle endringar i lova er tilvisinga til kven som kan ta initiativ til å opne ei namnesak på nytt, endra til § 6 a til d.

Til § 11 Bruk av stadnamn

Nummereringa er endra, slik at tidlegare § 9 Bruk av stadnamn no er flytta til ny § 11 Bruk av stadnamn. Det materielle innhaldet i første ledd er vidareført uendra, men på grunn av redaksjonelle endringar i lova er tilvisinga til kven som kan klage, endra til § 6 første ledd bokstav a til c.

Andre og tredje ledd er vidareført uendra.

Til § 12 Klage

Nummereringa er endra, slik at tidlegare § 10 Klage no er flytta til § 12.

Første ledd sjette og sjuande punktum er skilt ut, og temaet klage på feilbruk og manglande bruk av stadnamn er lagt til eit nytt tredje ledd.

Andre ledd er vidareført uendra.

I nytt tredje ledd er det er regulert kven som behandlar ein klage på feilbruk eller manglande bruk av eit vedteke stadnamn. Første punktum er endra slik at det ikkje lenger står at ein klage på manglande bruk og feilbruk av eit stadnamn skal klagast på til «overordna departement». Punktet er endra slik at ein klage skal rettast til næraste overordna forvaltningsnivå når klagen gjeld statsorgan. Andre punktum er endra slik at Fylkesmannen no er klageinstans for dei sakene som gjeld manglande bruk eller feilbruk av dei stadnamna som er vedtekne av kommunane.

Tredje ledd tredje punktum er vidareføring av gjeldande rett.

Fjerde og femte ledd er vidareført uendra, men berre med ei oppdatert tilvising til §§ 8 og 9 i lova.

Til § 13 Stadnamntenesta

Føresegna fører vidare reguleringstemaet i gjeldande § 11 Stadnamnkonsulentar.

Tittelen på paragrafen er endra. Gjeldande ordning med departementsoppnemnde namnekonsulentar, jf. § 11 første ledd første punktum, og konsulentsekretærar, tilsette i Språkrådet, blir slått saman til ei stadnamnteneste, organisert i Språkrådet.

Første ledd er nytt og slår fast at Språkrådet er stadnamnteneste for norske og kvenske stadnamn. Sametinget er stadnamnteneste for samiske stadnamn.

Andre ledd heimlar arbeidsoppgåvene til tenesta. Ho skal gi rettleiing og tilråding om dei avgjerdene som er omfatta av lova, nemleg val av namn og vedtak om skrivemåte.

Tenesta kan uttale seg om bruk av stadnamn, jf. reglane i § 11. Slik uttale kan tenesta gi på eige initiativ eller i tilfelle der Fylkesmannen ønskjer fråsegn i klagesaker.

Til § 14 Stadnamnregister

Denne paragrafen er flytta frå tidlegare § 12. Paragrafen er, utover å ha fått nytt nummer, vidareført uendra.

Til § 15 Forskrift og unntak

Denne paragrafen er flytta frå tidlegare § 13. Paragrafen er, utover å ha fått nytt nummer, vidareført uendra.

Til § 16 Iverksetjing

Denne paragrafen er flytta frå tidlegare § 14.

Det går fram av første ledd at lova tek til å gjelde 1. juli 2019.

Andre ledd vidarefører innhaldet i tidlegare § 14 andre ledd.

Til forsida