Prop. 82 L (2015–2016)

Endringar i folketrygdlova (arbeidsavklaringspengar – bistand til å skaffe seg eller behalde arbeid)

Til innhaldsliste

7 Merknader til endringa i folketrygdlova

Til endringa i folketrygdlova § 11-6

Departementet foreslår å endre § 11-6 bokstav a og b tilbake til slik dei lydde fram til 1. januar 2013. Det vil ikkje lengre vere eit vilkår etter denne føresegna at medlemmen får behandling eller deltek på eit arbeidsretta tiltak, men at medlemmen har behov for anten aktiv behandling eller arbeidsretta tiltak. Medlemmen vil framleis ha rett til arbeidsavklaringspengar etter denne føresegna dersom han eller ho etter å ha prøvd behandling eller tiltak framleis har ei viss moglegheit for å komme i arbeid og får oppfølging frå Arbeids- og velferdsetaten. Departementet viser til at det er ei rekkje andre vilkår for rett til arbeidsavklaringspengar, mellom anna at medlemmen må bidra aktivt i prosessen med å komme i arbeid og at han eller ho må følgje aktivitetsplanen.