Prop. 88 S (2023–2024)

Utbygging og finansiering av E134 Oslofjordforbindelsen byggetrinn 2 i Akershus, kostnadsramme for rv. 13 Lovraeidet–Rødsliane i Rogaland og forskotering i vegsaker

Til innhaldsliste

4 Praksis for forskotering i vegsaker

Samferdselsdepartementet ønsker å orientere om dagens praksis for forskotering i vegprosjekt og legg opp til at denne praksisen held fram.

Forskotering omfattar dei tilfella der fylkeskommunar, kommunar, næringsliv eller andre betaler eit beløp på forskot i vegprosjekt for å dekkje utgifter, særleg i samband med planleggingstiltak og førebuande arbeid.

4.1 Riksvegprosjekt

Frå og med 2020 har ikkje regjeringa foreslått, eller Stortinget vedtatt, fullmakt til forskotering av midlar til riksvegprosjekt. Det gjeld for enkeltståande riksvegprosjekt og riksvegprosjekt i nye bompengepakker og i bompengepakker som består både av riksvegar og fylkesvegar. Fullmakta gjeld òg for forskotering av bompengar til riksveg. I riksvegprosjekt inneber forskotering av bompengar at forskoterte midlar blir betalte tilbake frå bompengeselskapet når bompengeinnkrevjinga er vedtatt.

Det står att om lag 700 mill. kr i forpliktingar i avtalar om forskotering av statlege midlar inngått før 2020. Dette gjeld i hovudsak rv. 706 Nydalsbrua i Trøndelag. I tillegg til forskotering av statlege midlar står det att forpliktingar i avtaler inngått før 2020 om forskotering av bompengar i riksvegprosjekt.

4.2 Fylkesvegprosjekt

Fylkeskommunane er sjølvstendige rettssubjekt. Dei treng derfor ikkje fullmakt frå Stortinget til å løyve midlar eller ta opp lån. Etter veglova § 27 kan bompengar nyttast til planleggingstiltak og førebuande arbeid.

For fylkesvegprosjekt har det vore ein langvarig praksis at Samferdselsdepartementet kan samtykkje til forskotering, utan fullmakt frå Stortinget, viss det er eit tydeleg atterhald om Stortinget sitt vedtak om sjølve bompengeprosjektet/-innkrevjinga. Fylkeskommunen kan sjølv stille pengar til disposisjon mot at midlar til refusjon kan rekvirerast frå bompengeselskapet når det føreligg eit stortingsbehandla bompengeopplegg. Eit slikt samtykke inneheld ein klar føresetnad om at risikoen ligg hos fylkeskommunen. Viss Stortinget ikkje vedtek bompengeprosjektet, får ikkje fylkeskommunen refundert dei forskoterte midlane. Denne praksisen er nedfelt i pkt. 15.2 i Samferdselsdepartementets bompengeavtale med dei regionale bompengeselskapa og er basert på pkt. 6.3 i den tidlegare bompengeavtalen som blei presentert for Stortinget i St.prp. nr. 17 (1993–94) Om endra løyvingsvedtak m.v. for 1993 for Administrasjon, Sivil luftfart, Vegformål, Transportsubsidiar og kollektivtrafikktiltak, Jernbaneformål og Post.

Fylkeskommunen sikrar at det forskoterte beløpet inngår i prosjekt- og finansieringsplanen for det framtidige bompengeprosjektet. Det må tydeleg gå fram av stortingsproposisjonen at det er gitt rett til å rekvirere forskoterte midlar til planleggingstiltaka det er opna for.