St.meld. nr. 14 (2003-2004)

Om opplæringstilbod for hørselshemma

Til innhaldsliste

10 Personellmessige, økonomiske og administrative konsekvensar

10.1 Personellmessige konsekvensar

Dei endringane det er gjort greie for i denne meldinga, kan medføre at somme tilsette ved kompetansesentra blir overtallige. Desse vil i så fall ha krav på ventelønn frå staten. Departementet vil kunne hjelpe dei med å finne nytt arbeid. I tillegg vil departementet vurdere å gi tilsette som blir overtallige, høve til å søkje om stipend i inntil eit år for å ta utdanning. Storleiken på stipendet vil svare til den ventelønna den tilsette ville ha motteke det same året. Ved å få omgjort ventelønna til stipend treng ein ikkje stå som arbeidssøkjar det året ein tek utdanning.

Arbeids- og administrasjonsdepartementet har i rettleiinga: Personalpolitikk ved omstillingsprosesser presentert ulike verkemiddel ved omstilling og nedbemanning som kan nyttast som alternativ til oppseiing frå verksemda si side. Departementet vil i samarbeid med leiinga i Statped vurdere kva for verkemiddel ein vil nytte.

10.2 Økonomiske og administrative konsekvensar

Dei tiltaka det er gjort greie for i denne meldinga, skal dekkjast innanfor dei økonomiske rammene i kapittel 243 Kompetansesenter for spesialundervisning.

Trekksatsen for heiltidselevar vil bli auka. Med eit stabilt elevtal eller nedgang i elevtalet vil dette ikkje medføre endringar i dei totale rammene til kommunesektoren.

Departementet vil gå vidare med drøftingar om overføring av opplæringstilbod til Oslo kommune og Hordaland og Vestfold fylkeskommunar, med sikte på sluttføring etter at Stortinget har behandla denne meldinga.

Til forsida